Bygdaliv 2004
Merknad frå redaktøren 1.1.2007: Denne nettsida inneheld arkivstoff. Det kjem mest frå «nettbladet» Bygdaliv, supplert frå nettsida til BUL Molde frå det året. Stort sett står notisane her uendra, for å gje eit bilete av den tida. Gamle kalenderar er utelatne, både fordi det blir mykje det same oppatt frå den eine til den andre, og fordi dei inneheld mange lenker som ikkje fungerer lenger. Også nokre andre lenker er fjerna eller oppdaterte, men det står sikkert att rotne lenker her og der.
Merknad frå redaktøren 1.1.2012: Har retta opp nokre rotne lenker.
Bygdaliv-logoen skal inn her, og han kjem vel før eller seinare. :-)
Bygdaliv var i si tid medlemsbladet til BUL Molde, men har ikkje kome ut på fleire år. No prøver vi med ei enkel, nettbasert utgåve, fordi vi synest medlemmene bør få informasjon om kva som går for seg i og rundt BUL. Vi veit at dette ikkje er like bra som det bladet du heldt i handa, men dette er noko vi kan makte å få til, og det er vel betre enn ingen ting?
Kvar gong eit nytt nummer er ferdig, vil vi i arbeidsutvalet (AU) sende ut e-post til alle medlemmer som vi kan nå på den måten, og mottakarane kan sjølve lese bladet på nettet eller skrive det ut på papir. På nettet kan du som les bladet, også klikke deg fram til meir informasjon. Prøv sjølv!
Meir stabil informasjon har vi lagt på ei nettside for seg sjølv. Vi har ikkje tenkt å utvikle ein komplett nettstad, både fordi det krev for mykje arbeid, og fordi eit medlemsblad passar betre til ei slik blanda forsamling.
Dei som ikkje har tilgang til Internett, får ei utskrift med «vanleg» post (også kalla sniglepost). Det blir ei slags papirutgåve, men med enklare utforming enn det gamle medlemsbladet. Bileta blir nok i svart/kvitt, og lenker til å klikke på verkar sjølvsagt ikkje på papir, men medlemmene kan kontakte AU og be om den ekstra informasjonen.
Samla reknar vi med at denne framgangsmåten krev langt mindre arbeid og kostnader enn å lage tradisjonelt medlemsblad. Men dette er svært avhengig av at mange kan ta mot den elektroniske utgåva. Vi oppfordrar derfor alle som kan, til å melde inn e-postadressa si.
Vi tek sikte på å gje ut bladet når vi meiner det trengst, kanskje 2-3 gonger kvart halvår. Dette er eit eksperiment, og AU vil vurdere etter kvart korleis det fungerer. Sei gjerne kva du meiner, eller endå betre: kom med bidrag! Send inn tekstar og bilete frå laust og fast som gjeld BUL!
Helsing arbeidsutvalet (klikk på lenka for å finne namn, telefonar og adresser).
Redaktøren (Lars Staurset) har slite litt med å få dette første nummeret presentabelt, og har lagt fram eit par prøveversjonar på leikøvingane. No er det på tide å setje strek, så får heller det neste bli betre. Datoen er no 27.1.04. (Interne lenker vart oppdaterte 4.4.04.)
er ei framsyning i Røbekk kyrkje søndag 29. februar 2004 kl. 18.00. Aktørar:
Her er eit par bilete frå øvingane i haust. (Klikk på kvart bilete for å få større utgåve.) |
Dag - dato |
Tidspunkt |
Sted |
Hvem |
Kommentar |
Søndag 18. januar |
kl. 18.00 – 21.00 |
Reknes |
Dansere |
|
Onsdag 04. februar |
kl. 19.00 – 21.30 (endra) |
Røbekk kirke |
Kor, dansere, musikere |
Musikere møter kl. 18.30 |
Onsdag 11.februar |
Kl. 20.00 – 22.00 |
Reknes |
Dansere |
|
Søndag 22. februar |
Kl. 18.00-21.00 |
Reknes |
Dansere, musikere |
|
Onsdag 25.februar |
Kl. 19.30 – 21.00 |
Røbekk kirke |
Alle |
|
Lørdag 28. februar |
Kl. 14.00 – ? |
Røbekk Kirke |
Alle |
Generalprøve. Det er mulig at musikere må møte kl. 12.30 Vi regner med å bruke ettermiddagen. Øvelsen den 25. vil vise hvor mye øving som gjenstår. |
Søndag 29. februar |
Frammøte kl. 16.00 Konsert kl. 18.00 |
Røbekk Kirke |
|
Mulig vi må møte tidligere |
I desse dagar er det sendt ut giro til gamle og nye medlemmer av BUL. Du gjev oss stor glede dersom du betaler straks!
Klikk på lenkene for å få årsmøtereferat, oppdatert årsmelding for laget og hytta, rekneskap, budsjett og orientering om Reknes Ungdomshus. (Vel, det var meininga at det skulle bli slik, men nokre av dokumenta er ikkje ferdige til nedlasting enno.)
Dersom du les dette på papir, eller du ikkje har program som forstår Word, så kontakt AU for å få dokumenta.
[Kalenderen er utelaten her.]
Endå fleire aktivitetar her.
Her er nokre bilete frå jubileumsfesten i Reknes Ungdomshus 6. desember 2003. Klikk på kvart bilete for å få det større.
Stum Bente tek mot inngangspengar |
Peggy og Ole Even |
Aud og Arild |
Langbord 1 |
Langbord 2 |
|
Kirsten mottek gåve frå Heidi i RU... |
...frå Knut i spelemannslaget... |
...og frå Marit i Rauma |
Gruppa Øresus spelar til dans |
Irene og Sylvfest dreg opp polonesen |
|
Kakebordet freistar |
Svein H. S., Sylvfest og Irene |
nr. 2-2004 - det aller første Bygdaliv med lyd!!! [10.2.04]
Les i dette nummeret:
Folkedanssamling for ungdom
Redaksjonen vart avslutta 10.2.2004 bortimot midnatt. (Interne lenker vart oppdaterte 4.4.04.)
Redaktør: Lars Staurset
Heimesida til BUL har øvingsprogram, adresser m.v.
Gjekk du glipp av Bygdaliv nr. 1?
Folkedanssamling for ungdom (frå 12 år) 5.-7. mars på Nerås, Vestnes. Det blir samling med dans for deg som har dansa ein del før, og nybyrjarkurs for dei som ikkje kan.
Start fredag 5.3. kl. 19.00, slutt søndag 7.3. kl. 13.00. Påmelding innan 16. februar til Heidi Løklingholm, 6480 Aukra, tel. 71 17 42 38 / 911 51 354.
Les heile programmet
Leikøvingar og kyrkjedans
Leikøvingane starta 14. januar. Frammøtet har som vanleg variert litt, men 14-18 deltakarar er bra. Kjønnsbalansen blir sjeldan heilt perfekt, men det har faktisk gått i begge retningar, så Bygdaliv tek no sjansen på å oppfordre både karar og kvinnfolk til å møte fram. Til kvar tid får vi dele på det slaget det er minst av, så alle får danse så mykje som råd.
I februar er det full konsentrasjon om Trø inn i dansen, men også dei som ikkje skal vere med på den, er velkomne til å fylle rekkjene på øvingane. Første normale leikøving blir saman med Romsdal Spelemannslag 3. mars. Her er heile programmet.
Dag, dato, tid | Sted | Hvem | Kommentar |
---|---|---|---|
Onsdag 11.2.
Kl. 20.00 – 22.00 |
Reknes | Dansere | |
Søndag 22.2.
Kl. 18.00-21.00 |
Reknes | Dansere, musikere | |
Onsdag 25.2.
Kl. 19.30 – 21.00 |
Røbekk kirke | Alle | |
Lørdag 28.2.
Kl. 14.00 – ? |
Røbekk Kirke | Alle | Generalprøve. Det er mulig at musikere må møte kl. 12.30.
Vi regner med å bruke ettermiddagen. Øvelsen den 25. vil vise hvor mye øving som gjenstår. |
Søndag 29.2.
Frammøte kl. 16.00 Konsert kl. 18.00 |
Røbekk Kirke | Alle (sic) | Mulig vi må møte tidligere. |
Har du hugsa medlemspengane? Du kjenner sjølvsagt alle dei gode grunnane til å vere medlem i BUL, men hugs også dei egoistiske grunnane:
Bygdaliv nr. 1-1984 kom ca. 6. mars, og var eit stort jubileumsnummer. Det markerte at bladet hadde kome ut i 50 år - om enn ujamt og i ulike former, som vi skal komme tilbake til ein annan gong.
Men først Bygdaliv i 1984. Det var ikkje noko einmannsforetak; redaksjonen var samansett slik:
Inga H. - chef
Ove H. - journ., spes. B&U-stoff
Iver S. - journ., statistikk m.v. (p.t. vekk)
Jorun V. - tekstproducer i særk.
Nina K. - barnestoff med illustrasj.
Alf R. - frilansarb. m/tusj
Her er nokre smakebitar av det dei fekk til.
![]() |
BULiaden i og ved hytta på Skaret var ei av dei store hendingane om vinteren. Som det går fram av annonsen, var det ein allsidig skikonkurranse. Langrennet hadde gjerne innlagt skiskyting - med snøballar - og gjekk på personleg idealtid. Vinnar vart den som brukte like lang tid på begge rundane, utan å sjå på klokka.
2004-redaktøren understrekar at dette var noko som hende for lenge sidan, og viser denne illustrasjonen utan å ta ansvar for eventuelle forvirra folk som måtte dukke opp på Skaret på den same datoen i år. |
Kvelden før BULiaden i 1984 skulle det vere jentefest. Postmoderne menneske kan få vrangforestillingar av det ordet: Var det fest berre for jentene? Sjølvsagt ikkje, snarare tvert om: Jentene laga fest for gutane og seg sjølve ein gong kvar vinter, og omvendt om hausten. Desse festane gjekk for seg på BUL-hytta. Dei fleste overnatta der, og mange hadde med seg ungar.
Denne gongen var visst planlegginga ekstra vanskeleg, og signaturen IH (Inga Hestad) har eit hjartesukk om det:
JENTEFEST kunne det ikkje bli 25.2., sjølv om datoen var nøye utrekna etter månefase og skotårsdag, så pressa ferien seg inn og gjorde dei utrekna prognosane høgt usikre.
MEN neste brennsikre dato for jentefesten blir no 17.3.84, sjølvaste BULiade-laurdagen. Dette bør verkeleg bli eit historisk arrangement! Tradisjonen tru kan vi sjølvsagt ikkje røpe detaljar - men pass på at formen er på topp heilt frå laurdagskvelden den helga! Jentene lovar at det ikkje blir nokon doping-kontroll laurdagskvelden!
Det trongst ikkje heller. Festane i BUL var (og er) dopfrie. Men syting var det, då som no:
Vi må få meir folk på lagsmøta. Kvifor kjem ikkje DU på møta? Er det dårleg tid? Vanskar med planlegging av eiga fritid? Elendig program?
Kanskje du har idear og meiningar om dette? I så fall gje eit vink til styret så skal du få vere med i neste lagsmøtekomite. (sic)
Første lagsmøte blir 11. mars kl. 19.00 i ungdomshuset på Reknes. Hovudinnslaget blir Mørejarlen Asbjørn Skotte frå Dyrkorn som skal snakke til oss om Sunnmøre som eige fylke.
Møt fram i god tid. Det kan bli trongt om plassen (for ein gongs skuld). Komite er: Lars Gillerhaugen, Sylvfest Bell, Irene Møllersen og Vigdis Mørkedal.
På grunn av påska blir det ikkje lagsmøte igjen før 29. april. Birger Hatlebakk snakkar om Romsdalsmålet.
No for tida er det ingen som klagar over at det er for lenge mellom lagsmøta, så slik sett har styret det mykje enklare.
"Science Fiction" er populært i året -54. Etter at referat frå 30-årsfesten i BUL har stått i første nr. [i] -54, kjem neste nr. med eit "framtidsreferat" frå 40-årsfest i 1964. Her blir dei mest kjente deltakarane frå 30-årsfesten tillagt 10 år i alder, visdom, utsjånad o.s.v. Sikkert populært.
Dette opplyser jubileumsnummeret i 1984. Ein slik suksess bør følgjast opp i 2004. Vi har 70-årsfesten i friskt minne. Kven vil leggje 10 år til visdommen vår (for ikkje å nemne det andre), og skrive referat av 80-årsfesten i neste Bygdaliv?
Forlovelse er inngått påskekvelden mellom Bjarne Gjerde og fr. Maridal. Bygdalivs redaksjon ønsker paret tillykke!
1984-redaktøren morar seg over denne notisen frå 1954. I 2004 er det ikkje lenger komisk at folk forlovar seg, så kva skal vi le av no? Ingen ting, men vi merkar oss at den kvinnelege parten ikkje har førenamn. Truleg gifta ho seg og mista også etternamnet. :-(
Apropos lagsmøte, som 1984-styret streva med. I 1954 skreiv Lars Folldal:
Når det gjeld laget si møteverksemd må ein seie at denne er sers god. Eg torer tru at det ikkje finst noko tilsvarande lag i Molde som har møte med slik 14.dagleg presisjon som Bondeungdomslaget. Det einaste som kan konkurrere med dette i so måte er Molde Formannskap. Programmet på laget sine møte er sers godt. Det har kanskje vore mykje av tidtrøyteprogram. Foredrag av aktuelle og lærerike emne har det vore mindre av. Slike emner er vel ikkje så populære millom lagslemane heller, i motsetning til sketsjar, song og musikk. Dei fleste programnemndene vil vel mest muleg tekkes lagslemane, og da blir resultatet mykje lett program.
Dersom desse utdraga "tekkes lagslemane", skal vi komme att med fleire i seinare Bygdaliv.
[Kalenderen er utelaten her.]
Endå fleire aktivitetar her.
nr. 3-2004 [24.3.04]
Les i dette nummeret:
Leiarkrise i Romsdal Ungdomssamlag Vellykka "Trø inn i dansen" Kulturkveld på Lyngstad fredag! Kva hender |
Redaksjonen vart avslutta 24.3.2004 ei stund etter midnatt. (Interne lenker vart oppdaterte 4.4.04.)
Redaktør: Lars Staurset Heimesida til BUL har øvingsprogram, adresser m.v. Gjekk du glipp av Bygdaliv nr. 1 og 2? |
Romsdal Ungdomssamlag (RU) står utan leiar etter årsmøtet 19. mars. Heidi Løklingholm har sagt frå seg attval, men held fram til årsmøtet blir sett på nytt tysdag 27. april.
Veteranen frå Gossen Frilynde UL har fleire år bak seg som leiar i RU, etter kvart også som deltidslønna skrivar og kasserar. Når ho no går av, blir det eit stort tomrom. Som ein av dei frammøtte sa, så er det Heidi som er RU. Ho har gjesta BUL fleire gonger, sist på 70-årsfesten, der ho gav BUL eit flott rosemåla fat.
Med seg i styret det siste året har ho hatt Kristin Hovdenakk Melseter (Sylte og Malme UL) som nestleiar og Aud Solveig Malmedal (Sylte og Malme UL), Geir Ole Schøn (UL Samhug) og Tor Erling Grønning (UL Frihug) som styremedlemmer. Varafolk har vore Magne Kaldvatsvik (UL Samhug), Britt Nylund (Sylte og Malme UL) og Bente Orten (Gossen Frilynde UL). Ein utvida valkomité leitar no etter nye folk som leiar og skrivar, sidan det truleg er lettast å dele desse verva. Tips om kandidatar kan formidlast til Geir Sandnes (UL Frihug), tel. 71 18 29 31 eller 404 74 881. |
![]() Heidi Løklingholm, avtroppande leiar i RU |
![]() Geir Sandnes, leiar i valkomitéen ![]() Det meste av møtelyden (klikk for større) |
Årsmøtelyden fekk plass rundt eit par bord på Reknes. 5 av 15 lag (NU listar opp 17) i RU var representerte med 8 utsendingar, i tillegg til 4 frå styret og 2 frå valnemnda, i alt 14. (Reknestykket kan sikkert stillast opp på andre måtar, men det krev vidaregåande kurs i RU-matematikk.)
Det låge frammøtet fortel ikkje heile sanninga. For det første var nokre av dei frammøtte faktisk ekte ungdommar (rundt 20 år), og sjølv om Bygdaliv sin frammøtte og eit par andre karar drog gjennomsnittsalderen opp, var han mykje lågare denne laurdagsføremiddagen enn ein vanleg onsdagskveld på Reknes. For det andre er det stor aktivitet i somme av laga. Heile fire (Sylte og Malme, Frihug, Samhug og Tresfjord) held på med husprosjekt i ulike variantar, og dei driv elles med leikøvingar, data og litt av kvart. Samhug arrangerte folkedanssamling for 25 ungdommar i mars 2003, og Frihug samla heile 35 i år, sjå førehandsomtale i førre Bygdaliv. (Somme lurer kanskje på desse "huglaga": Frihug held til på Nerås ved Tomrefjorden, medan Samhug er på Aureosen, rundt der n'Otto bur.) I sjølve RU er mykje av aktiviteten knytt til bladet Jul i Romsdal. Der er BUL-veteranane Ola Gjendem og Inga Hestad med i skriftstyret, i tillegg til Øystein Eik frå Sekken UL. Årsmøtet såg ingen grunn til å vente med å velje desse tre til ny periode. Også bunadnemnda med Ola Gjendem, Otto Nygårdsvoll og Britt Åndal (dei to siste frå UL Samhug) vart attvald. Det siste året har RU elles arbeidd med å sikre historisk arkivmateriell og lage film om Romsdalsspringaren (presentasjon saman med BUL). Arbeidsplanen seier at dette skal halde fram i år, no med registrering og nedteikning av dansen. Elles skal ein følgje opp lokallag og halde fleire samlingar. Gjennomføringa av denne planen avheng sjølvsagt av at styret blir arbeidsdyktig. |
Det blir meldt om ei særs vellykka folkedansmesse i Røbekk kyrkje 29. februar. Romsdals Budstikke gav terningkast 5 og brukte ei heil side på omtalen. Journalist Marit Heiene skreiv m.a.:
Tre element gjorde "Tre inn i dansen" til en inspirerende opplevelse: nydelige folkemusikk-pregede melodier som smøg seg rett til hjertet; vakre og verdige danseinnslag fra leikarringene i vår region; og tekster med uttrykk for en tro som rommer glede så vel som sorg, håp så vel som fortvilelse, med sterkt samfunnsengasjement som viktig anliggende. (...)
I det hele tatt var framføringa preget av en spenst, letthet og glede som måtte smitte, det være seg blant sangere, musikere og dansere.
Bygdaliv var ikkje til stades, men tek gjerne mot bilete eller tekst dersom nokon har lyst til å fortelje meir om messa i neste nummer.
Som kjent var dansarar frå BUL, Lyngstad, Osmarka, Rauma og Tingvoll med, i tillegg til Bolsøy menighetskor og ei musikargruppe med Britt Elise Skram. Det er ei viss interesse for å setje opp messa andre stader, men ingen ting er avtala enno.
Lyngstad leikarring arrangerer kulturkveld på Lyngstad ungdomshus "Solvang" fredag 26. mars 2004 kl 19.30
Underhaldning ved Johan L. Øiestad (stand up-komikar, imitator), Dagny Marie Øiestad (song og gitar), Odd Arne Halaas (song og musikk, også til dans) og Molde-gruppa "Sa 8". Billettar kr. 100 inkl. mat. |
![]() |
[Kalenderen er utelaten her.]
Endå fleire aktivitetar på folkedans.com og trekkspill.no.
Dette er nr. 4-2004. God sommar! [27.5.04]
Les i dette nummeret: Sommaravslutting i Rauma leikarring Likevel attval i Romsdal Ungdomssamlag Barneleikarringen på korttur Bygda dansar - snart? Kva hender |
Redaksjonen vart avslutta 27.5.2004. Redaktør: Heimesida til BUL har kontaktadresser m.v. Øvingsprogram kjem der når hausten nærmar seg. Gjekk du glipp av Bygdaliv nr. 1, 2 og 3? |
Vi gratulerer UL Frihug med eigne nettsider!
Sommaravslutting i Rauma leikarringEigenleg er det vel starten på sommaren, men iallfall inviterer Karin og Pål i Rauma leikarring også BUL-folket til grillfest 4. juni kl. 19.00. Det er ikkje langt frå byen, rett ovafor Nesjestranda vidaregåande skule, "mørkt hus med rødt tak". Det ryktast at finveret skal halde seg! :-) |
![]() |
Etter eit visst press godtok Heidi Løklingholm å halde fram som leiar i Romsdal Ungdomssamlag (RU) på ekstra-årsmøtet 27. april.
Heidi (Gossen Frilynde UL) blir sitjande fram til neste årsmøte. Ho synest det er viktig å få i drift eit slikt prosjekt som Bygda dansar før ho gjev seg.
Med seg i styret får ho Sigurd Rekdal (UL Frihug, ny, 1 år), Geir Sandnes (UL Frihug, ny, 1 år), Ann Kristin Flemmen (Vågane UL, ny, 2 år) og Aud Solveig Pedersen Malmedal (Sylte og Malme UL, attval, 2 år). Varafolk er May Kristin Sande (Vågane UL, ny, 1 år) og Britt Nylund (Sylte og Malme UL, attval, 1 år).
Andre dreg på langtur til Kina og Langtvekkistan, men barneleikarringen reiser på korttur!
Frå fredag 28. mai til laurdag skal 23 ungar (og nokre vaksne) kose seg med musikk, dans og litt soving på diverse hus på Romsdalsmuséet, hus som dei har sett mange gonger, men no skal bli betre kjende i. Ola Gjendem opplyser til Bygdaliv at det blir forbod mot boksemusikk og potetgull i soveposen, men flatbrød og spekemat skal vere lov. Det er visstnok meir effektivt for å få mus på besøk.
Dersom nokon stiller opp med kamera, kan Bygdaliv vise bilete frå turen i neste nummer.
Romsdal Ungdomssamlag m/fl. har i eit års tid arbeidd for å få eit større folkedansprosjekt til den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal.
I korte trekk går prosjektet ut på rekruttering, god og grunnleggjande danseopplæring og produksjon av danseteater. Bak prosjektet står Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF) og Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim.
RFF har gjort vedtak om å starte opp med prosjektet Bygda dansar i Møre og Romsdal. Til no har ein fått 400.000 kr frå Den kulturelle skulesekken til førebuing av prosjektet i 2004. For å gjennomføre heile prosjektet, som skal gå over tre år, trengs det 1 mill kvart år. Akkurat no gjeld det å påverke politikarar på Stortinget, eller andre som har kanalar inn til stortingsrepresentantane. Er det nokon Bygdaliv-lesarar som har god kontakt og høve til å hjelpe til med dette, så ta kontakt med (tel. 71 17 42 38) for å bli oppdatert på saka.
Bygda dansar er arbeidstittelen for prosjektet, som også skal rette seg mot byane. Eit liknande prosjekt, Fjordapuls, går mot slutten i Sogn og Fjordane. Forestillinga Meistermøy får premiere 4. juli under Førde-festivalen.
Denne kalenderen skal vere til hjelp for planlegginga, men han er ikkje garantert feilfri. Sjekk nærare før du reiser!
[Kalenderen er utelaten her.]
Endå fleire aktivitetar på folkedans.com, folkemusikk.no og trekkspill.no.
Merknad frå redaktøren i 2007: F.o.m. dette nummeret gjekk Bygdaliv over til ei ny utforming. Faste element som logo og innhaldsliste vart flytta ut i såkalla rammer. Slik er det framleis.
Etter tre haustøvingar spør både rettleiarar og dansarar seg om dette kan halde fram. Det er ein koseleg gjeng, men 8-9 frammøtte, av desse ca. 3 karar, er i minste laget i lengda.
Somme hugsar at BUL gjekk i dvale ei stund etter å ha brukt alle kreftene på stemnet i Noregs Ungdomslag i 1980. No kan vi ikkje ein gong skryte av ei slik bragd. Rett nok hadde vi ein fin jubileumsfest i fjor, men vi sleit oss ikkje heilt ut på den!
BUL har ein stor og stabil medlemsmasse, men dei viser seg sjeldan. Dei fleste er "godt vaksne", som vi seier, og kan ikkje lenger skulde på barnepass. Hallo der! Vi vil gjerne sjå dykk også utanom jubilea - helst før gikta tek dykk!
Sjølvsagt skal de ikkje komme av plikt, men fordi det er moro å danse. Det veit de godt. Og ikkje tru at dansing i BUL er kjedeleg fordi de kan alt frå før, for det gjer de ikkje. I vår hadde BUL saman med andre ringar ei stor kyrkjeframsyning, og den blir kanskje sett opp att. Sist onsdag lærte vi "engelska från Bohuslän" i diverse variantar. Gongen før var det m.a. ril frå Dønna. Kva som dukkar opp neste gong, får vise seg, men kor mange av dykk veteranar frå 70-åra har prøvd linjedans?
Sjå heile haustprogrammet på heimesida til BUL.
Bygdaliv-redaktøren med make har vore på polsfestival. For tredje året på rad. Men også der er det noko nytt å lære.
Rørospolsen er utvilsamt den mest populære av alle bygdedansane, så om nokon skulle få sin eigen festival, måtte det vere den. No handlar ikkje festivalen på Melhus berre om Rørospols; det har vore kurs i polsvariantar frå Nordmøre, Innherad og Fall (polska), men i år gjekk det mest på Røros-varianten. Eller -variantane, skulle det vise seg.
Festivaloppskrifta kan sjå enkel ut: fredag kurs og fest, laurdag kurs og fest, søndag påfyll av væske og stell av såre føter. Men det er meir: Innimellom blir det kåra drøymespelemann/menn/kvinne(r)/gruppe, ikkje etter slike tradisjonskriteria som Spelemannslaget bruker, men ut frå kva dansarane likar. Dansarane gjev poeng etter kor godt dei likar musikken. Kvar enkelt lagar sine eigne kriteria, saklege eller slik det fell dei inn.
Ikkje minst er det kurs. Denne gongen var det nybegynnarkurs i pols og kurs for spelemenn, men det som Bygdaliv konsentrerte seg om, heitte "Dans med følelse". Det handla dels om samspel med partnaren, kven som tilpassar seg den andre si kroppsføring og kor tett ein skal danse, men også om samspel (om ein kan bruke eit slikt ord) med musikken, lytte etter skiftande stemningar og uttrykkje dei i dansen, ha augekontakt med spelemennene. Dei lærte på si side å følgje med dansarane.
Ein del av dette kurset handla om gammalpols, ei form som er krevjande å danse til, nettopp fordi ein må lytte. Typisk for gammalpolsen er eit skifte der tung-takta høyrest ut til å ha flytta seg. Endringa kan vere ein kort overgang, eller vare eit heilt vek. Ein forvirra dansar prøver kanskje å skifte fot for å komme på "rett" takt att, berre for å bli endå meir forvirra når musikken kjem attende til det normale.
Forvirra og frustrerte var mange av kursdeltakarane ei stund, men det gjekk bra etter kvart, under kyndig rettleiing av Hilde Aspås og Gudmar Göransson. Harald Gullikstad og Olav Nyhus kosa livet av seg med å spele den eine gammalpolsen etter den andre; det var ikkje kvar dag dei fekk "lov" til det.
Etter kurset gjekk somme oppglødde dansarar på drøymekåringa og stemte taktisk: Høgaste poengsum til den eine finalisten med gammalpols, lågaste til dei andre. Det nytta ikkje likevel, ingen hadde sjanse mot Dalakopa i den kåringa.
I ettertid: Vi har faktisk tenkt tanken på eit kurs i "Dans med følelse" også i BUL. Sjølvsagt ville vi ha invitert andre lag og ringar. Dessverre blir Melhus-opplegget altfor dyrt og komplisert å få til Molde. Bygdaliv oppfordrar heller Hilde og Søndre Trondhjems spellmannslag til å gjere det same neste år, og så møter vi opp der, alle saman!
Andre har reist lenger enn til Melhus. Nokre frå BUL var så heldige å komme seg til Ìsleik i sommar, eit folkedansstemne med deltakarar frå heile Norden, med Grønland og Finland som ytterpunkta. Irene og Bente lærte diverse nye dansar, og nokre av dei får BUL no gleda av. Med tida kjem det kanskje meir i Bygdaliv om kva dei opplevde, men det sikraste er å møte fram i BUL og høyre kva dei fortel!
Dette var i grunnen berre ei lang innleiing for å fortelje at Bygdaliv tek imot ferierapportar og bilete frå lesarane. Danserelaterte, altså.
er det lokale namnet på folkedansprosjektet for den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal.
Snu nordvest er ein del av eit stort landsomfattande prosjekt med namnet Bygda dansar. Det tilsvarande fylkesprosjektet i Sogn og Fjordane, Fjordapuls, vart nyleg avslutta som planlagt etter tre år.
Les meir hos Rådet for folkemusikk og folkedans.
Noregs Ungdomslag arbeider med eit nytt opplegg for nettsider, der også fylkeslaga får komme med i ei standardisert utforming. Vi hadde håpa at dette også ville gjelde lokallaga, men det blir ikkje før om tidlegast eit år.
Dermed blir Bygdaliv til så lenge verande på nettstaden til BUL-medlem Torill Steien:
http://bulmolde.no/Bygdaliv/år-nr/
der år er år og nr er nummer (f.eks. 04-05). Nettsida til BUL er på
http://bulmolde.no/ .
Som folk sikkert har fått med seg, vart alt dette flytta i vår p.g.a. at familien fekk nytt Internett-abonnement. Adressa med l-stau gjeld ikkje lenger. Slik flytting er ein av grunnane til at vi ønskjer oss ein stabil stad å vere.
Sommaren er slutt, men det er mykje fint å vere med på (utanom å gå i BUL, altså). Her er nokre forslag i rimeleg avstand.
Berre så det er nemnt: Lista er sikkert ikkje feilfri, og til somme arrangement kan det vere påmeldingsfristar. Sjekk nærare før du set deg i bilen og legg i veg! Kom gjerne med tips til neste nummer.
[Kalenderen er utelaten her.]
Endå fleire aktivitetar på folkedans.com, folkemusikk.no og trekkspill.no.
Styret i Bondeungdomslaget i Molde kallar med dette inn til årsmøte.
Tid: Onsdag 1. desember 2004 kl. 20.00.
Stad: Reknes ungdomshus.
Saksliste:
Saker som medlemmene ønskjer å ta opp på årsmøtet, kan meldast til , Jernspurvbakken 4, 6425 Molde, telefon 71 21 20 10 eller 412 61 516.
Du kan laste ned innkallinga som plakat her. Vi prøver å få ut årsmeldingar, rekneskap og budsjett i nytt Bygdaliv før årsmøtet, eller kanskje på heimesida til BUL. Følg med!
Denne gongen er det Rauma Leikarring som byr inn til fellesøving. Øvinga går for seg i Isfjordshallen 9. november og startar kl. 20.00. Vi kjører i lag frå Molde og deler på utgiftene. Møt opp ved tunnelen på Leirgrovika (Årø) kl. 18.45.
Torsdag 28. oktober gjesta BUL Lyngstad Leikarring. Der var det så triveleg at dei nesten ikkje fekk oss ut av huset. M.a. fekk vi prøve oss på Figaro med to møller - ein relativt ukjend dans for dei fleste av oss, men absolutt til å komme på talefot med. Vi øvde vidare på den på Reknes onsdagen etter, rett nok med ei mølle.
13. oktober var dei andre laga i området på besøk på Reknes. Også den kvelden var ein suksess. Rekkedansar er best når rekkene er lange. :-)
Merk at det ikkje blir øving på Reknes den tiande, sidan vi skal til Isfjorden dagen før.
Apropos rekkedansar: Leikarringen i BUL undersøker no om det er grunnlag for å arrangere stildansfest til vinteren, helst før påske. Fleire av laga i regionen har øvd seg på ulike rekkedansar det siste året. Vi har sett kor triveleg det er å danse dei saman, og har lyst til å arrangere fest.
Programmet er sjølvsagt ikkje laga enno, men det blir nok både rekkedansar og andre stildansar. Kanskje det blir ein Stiiilig aften på Rekk-nes? Iallfall skal vi kle oss med stil. Mat må det bli, og rimeleg overnatting for tilreisande. Bygdaliv kjem attende til saka i neste nummer.
Folkekulturfestivalen, tidlegare kjent som NU-stemnet, skal denne sommaren vere i Kirkenes i tida 21.-24. juli. Det er langt å reise dit, men vi kan sjå det som eit høve til å besøke ein landsdel som mange av oss kjenner lite til. Det passar også med ein avstikkar over grensa til Russland.
Informasjon om programmet kjem etter kvart frå Noregs Ungdomslag. Førebels kan vi starte med å planlegge reisa.
I Ungdom nr. 3/2004 er det opplyst at Pasvikturist AS tek hand om all bestilling av overnatting i samband med festivalen. Det lønner seg å vere tidleg ute, for det kjem mange turistar til Kirkenes om sommaren. Pasvikturist arrangerer dessutan tur til Petsjenga og Murmansk etter festivalen. Bruk e-post, brev til postboks 157, 9915 Kirkenes, faks 78 99 50 57 eller tel. 78 99 50 80. Oppgje referansen NU-festival.
Overnattingsalternativa er:
Flybillettar er billegast på Internett, men ein kan også bestille med kongressrabatt gjennom Bennett BTI Kirkenes, tel. 78 97 00 50. Fordelen er at desse billettane kan endrast. Pris frå Molde er ikkje oppgjeven, men Trondheim-Kirkenes t/r kostar 3.910 kr med kongressrabatt. Oppgje referansen NU-festival.
Berre for å ha nemnt det: Einvegsbillett Kirkenes-Molde med Hurtigruta tek 4 dagar og kostar 4.115 kr pluss lugar, måltid og eventuelt bilplass. Ei komplett rundreisepakke (tur/retur) kjem på ca. 17.000 kr avhengig av lugartype.
Hausten er lang og mørk, og vinteren står for døra, men det er ei fin tid for dans og andre ungdomslagsaktivitetar.
Berre så det er nemnt: Denne lista er sikkert ikkje feilfri, og til somme arrangement kan det vere påmeldingsfristar. Sjekk nærare før du set deg i bilen og legg i veg! Veit du om noko interessant, så kom med tips til neste nummer.
![]() |
I skrivande stund er det 21. desember. I dag har sola snudd, som vi seier, så i grunnen har det nye året starta, men sidan vi held oss til den kalenderen som pave Gregor laga, må vi vente litt med fyrverkeriet. Dessutan må vi vente til alt har roa seg før BUL-øvingane startar. Bygdaliv-redaktøren takkar alle BUL-medlemmer for det gamle året, og særleg dei som har vore jamne til å møte på leikøvingane. Ha ei god jul, og set kryss i kalenderen på 12. januar og 12. mars. Den første leikøvinga blir onsdag 12. januar (på Reknes kl. 20.00, om nokon skulle vere i tvil). Vinterprogrammet for BUL er elles ikkje laga enno, men som tidlegare meldt, blir det stildansfest laurdag 12. mars. |
Årsmøtet i BUL vart halde på Reknes 1. desember, med i alt 12 personar til stades. Kirsten Aure, Noralv Bell og Lars Staurset held fram i arbeidsutvalet (AU) saman med Randi Reppe Bell, som kjem opp frå varaplass. Ny varaperson er Torill Steien.
Som det går fram av bileta nedafor, vart det framført takk til danserettleiar Irene Møllersen Bell, rekneskapsførar Arild Horrstad og avgåande AU-medlem Oddny Bell. Vi ser elles Valter Andreassen leggje fram orientering frå Reknes Ungdomshus. Klikk på kvart bilete for å få ein større versjon.
Les årsmøtereferatet her. Årsmøtet gjorde nokre små endringar i årsmeldinga, og den reviderte versjonen finst her. Medlemmer som ikkje kan lese Word-format, kan få dokumenta tilsendt frå , tel. 71 25 39 92.
Berre for å forvirre dei lesarane som trur dei har funne systemet, blir det no ei endring: Det siste (nyaste) nummeret av Bygdaliv skal til kvar tid finnast på URL-en (adressa) http://bulmolde.no/Bygdaliv/siste/. Når det kjem eit endå nyare, blir det førre flytta over til noko som endar på /04-08/ eller noko slikt.
Dersom du ikkje forstod dette, så ikkje ta det tungt, berre følg lenkene etter kvart som dei kjem. :-)
Dette er kalenderen med det vanlege atterhaldet: Lista er sikkert ikkje feilfri, og det kan bli endringar. Til somme arrangement kan det vere påmeldingsfristar. Sjekk nærare før du set deg i bilen og legg i veg! Veit du om noko interessant, så kom med tips til neste nummer.
[Kalenderen er utelaten her.]
Endå fleire aktivitetar på folkedans.com, folkemusikk.no og trekkspill.no.
Dato | Tema |
---|---|
8. september | turdans/gammeldans |
15. september | turdans/rekkedans |
22. september | danser fra Norden |
29. september | turdans/linjedans |
6. oktober | høstferie |
13. oktober | rekkedans - besøk fra andre lag |
20. oktober | danser fra andre land |
27. oktober | inga øving i Molde |
torsdag 28. oktober | vi besøker Lyngstad Leikarring (Lyngstad ungdomshus) |
3. november | ril |
tirsdag 9. november | vi besøker Rauma Leikarring (Isfjordshallen) |
10. november | inga øving i Molde |
17. november | turdans/sangdans |
24. november | turdans/div |
1. desember | Årsmøte |