Bygdaliv 2005

Merknad frå redaktøren i 2007: Denne nettsida inneheld arkivstoff. Det kjem mest frå «nettbladet» Bygdaliv, supplert frå nettsida til BUL Molde frå det året. Stort sett står notisane her uendra, for å gje eit bilete av den tida. Gamle kalenderar er utelatne, både fordi det blir mykje det same oppatt frå den eine til den andre, og fordi dei inneheld mange lenker som ikkje fungerer lenger. Også nokre andre lenker er fjerna eller oppdaterte, men det står sikkert att rotne lenker her og der.


Bygdaliv nr. 1-2005 [13.1.05]

Sesongen har starta!

Det er 13. januar, snart den 14. Den første leikøvinga var i går, med 12 frammøtte. Sesongen har starta bra.

Det stod turdans på programmet, og turdansar vart det, mellom anna nokre rekkedansar, men også songdansar. 6 par, utruleg nok like mange av kvart kjønn, er eit bra frammøte, og passar til alt. Skulle det bli endå fleire neste gong, så greier nok Irene det òg!

Neste gong, 19. januar, er det meir rekkedans, og så blir det fleire øvingar med stildansar fram mot festen 12. mars. Sjå heile programmet på heimesida til BUL.


Rekkedans, turdans og stildans - kva er forskjellen?

Det finst nok ulike definisjonar av desse danseformene. Bygdaliv har grave fram autoriteten Egil Bakka: Norske dansetradisjonar, Det Norske Samlaget 1978:

Alt på 1800-talet deler det norske danserepertoaret seg naturleg i tre hovudgrupper, og vi finn nemningane nasjonaldansar, runddansar og turdansar. [...]

Turdansane var gruppedansar med skiftande formasjonar som grunnmønster. På 1800-talet knytte nemninga seg først og fremst til ein type dansar med rekkje- eller firkantoppstilling som i hovudsak høyrde overklassen til. Dei var brukte mellom storbøndene på flatbygdene, mellom dei kondisjonerte og i byane. Danseforma var bygd opp etter repetisjonane i musikken, og til kvar repetisjon svara ein meir eller mindre avslutta del av dansen som vart kalla tour. Det er eit fransk ord som vi kunne omsetja med ein runde eller ein snu, og det er grunnlaget for nemninga turdans.

Personleg kommentar: Då den seinare Bygdaliv-redaktøren tok sine første famlande turdansesteg i Genève i 1972, var tour korrekt nok runde eller snu. Det franske ordet som svara til norsk tur, var derimot figure.

Då Klara Semb tok til å skriva ned folkedans først i vårt hundreår, tok ho også ei lang rekkje meir folkelege dansar som rilar og fast oppbygde pardansar med under nemninga turdansar. Vi kan mest seia at alle dansar som ikkje høvde inn i dei andre to hovudgruppene, vart rekna til turdansane.

Her i Bygdaliv tek vi sjansen på å seie det slik: Turdansar er alle dansar med repetisjonar og fast oppbygging, der dansarane heile tida veit kvar dei skal vere og kva dei skal gjere. Det er eit visst rom for individuell mimikk og flørting, men i hovudsak skal alle dansarane oppføre seg i samsvar med ei oppskrift.

Lenger ute i boka fortel Bakka om tre hovudgrupper av norske turdansar:

Kontradansane vart helst dansa i rekkje eller firkantformasjon og var by- og storgardsdansar. Dei er nok den største og viktigaste turdansgruppa.

Rilane er folkelege ringdansar med størst utbreiing i kyststroka, særleg sør i landet.

Pardansane er også folkelege dansar nært i slekt med gammaldansane, men dei har lågfrekvent utbreiing og er helst knytte til berre ein bestemt melodi.

I tillegg til desse gruppene har vi ein del enkeltståande turdansar.

Om kontradansar skriv Bakka:

På 1600-talet tok det engelske hoffet til å dansa ein type folkelege engelske formasjonsdansar som dei kalla country dances (dansar frå landet). [...] I Frankrike voks det fram ei ny grein av denne slekta, og det vart vanleg å skilja mellom engelske kontradansar med rekkjeoppstilling og franske kontradansar med firkantoppstilling. Kontradans er ei fransk samlenemning for heile slekta. Franskmennene bytte ut det engelske country med sitt contre som tyder (i)mot.

Heile greia er altså ei språkleg misforståing. :-) Vidare fortel Bakka korleis desse dansane kom til Noreg og fekk sine særmerke her. Det vi kallar rekkedansar, er grovt sett dei engelske formene, men også nokre franskinspirerte dansar, slik som fransesen (contredance française), har fått rekkeoppstilling hos oss.

Ordet stildans har vorte vanleg i norsk folkedansmiljø dei siste åra, men Bakka brukte det ikkje i 1978. Det gjer derimot nesten-namnebroren Vebjørn Bakken, som driv nettstaden www.folkedans.com. Han fortel mykje av den same historia som Bakka, men definerer heller ikkje ordet stildans presist. Lista hans over dansar med rettleiing har med m.a. eit par Lancier- og kvadriljevariantar, men i danseoversynet er dei nemnde som "andre stildansar" rett under rekkedansane.

For ein folkedansar trur eg ikkje det er feil å rekne rekkedansane, og kanskje alle kontradansane, som stildansar. Dei som driv med danseskule eller dans som kunstform, kan nok ha ei anna meining.

Typisk for mange av stildansane er rolege og kontrollerte rørsler utan store tekniske utfordringar (vanskelege steg og slikt), men med mange detaljar å passe på dersom ein skal halde stilen.


43 medlemmer i BUL

BUL Molde var registrert med 43 betalande medlemmer pr. 1.12.04. Av desse mottek 25 + nokre familiemedlemmer melding pr. e-post om Bygdaliv. Det same gjer 25 som ikkje er medlemmer.

Vel, nokre av ikkje-medlemmene høyrer til i andre lag, og det er hyggeleg at folk som ikkje er medlemmer, også er interesserte i BUL. Ein dag blir kanskje interessa så stor at de melder dykk inn og/eller kjem på leikøving?

Dette nummeret går til nokre fleire enn før, fordi redaktøren har funne fram til nokre fleire adresser. Framleis er det sikkert nokon som har e-post utan at eg veit det. Det eg heller ikkje veit, er om mottakarane faktisk les e-posten sin. Send meg gjerne nokre ord. Sjølvsagt skriv du også dersom du ikkje vil ha fleire Bygdaliv-brev (eg blir ikkje sur for det).


Kva hender

Dette er Bygdaliv-kalenderen over folkemusikk- og ungdomslagsarrangement, nokså romsleg tolka. Dei fleste er innafor 4-5 timars reiseavstand frå Molde, men med nokre viktige unntak. Veit du om noko som bør vere med her, så kom med tips til neste nummer.

Dei vanlege atterhalda og formaningane gjeld: Lista er sikkert ikkje feilfri, og det kan bli endringar. Til somme arrangement kan det vere påmeldingsfristar. Sjekk nærare før du legg i veg!

[Kalenderen er utelaten her.]

Endå fleire aktivitetar på folkedans.com, folkemusikk.no, trekkspill.no og trekkspillforbundet.no.


Bygdaliv nr. 2-2005 [1.3.05]

Sti-i-i-lig aften i Molde, 12. mars 2005

Arbeidsutvalet i BUL innbyr til fest med sterkt innslag av stildansar. Festen blir på Reknes ungdomshus i Molde, laurdag 12. mars kl. 19.00.

Der blir det

Danseliste:

Til no er det ca. 40 påmelde. Det er ikkje plass til særleg mange fleire, så ver snar! Meld deg på til (tel. 71 25 73 58 / 977 33 156) eller (tel. 71 25 39 92), innan fredag 4. mars.

Pris medrekna mat kr. 280. Betal ved frammøte. Fint om du har akkurat med pengar.

Antrekk: Stilig, sjølvsagt, alt etter kva garderoben måtte innehalde.


Gjester i vente også 2. mars

Onsdag 2. mars blir det felles leikøving med inviterte naboringar. Merk at vi startar kl. 19.30. Vi skal øve på stildansane til festen 12. mars, men det er sjølvsagt opent for alle dansarar, og det er ikkje for seint å lære dansane enno!

Sist det var slik fellesøving, 2. februar, var vi i alt 34 på golvet, frå Rauma, Lyngstad og BUL. 16 par kan "brukast" til omtrent alt, og dei to karane (!) som skifta på å vere til overs, hadde i grunnen nok å gjere med å lage kaffi og ta bilete.

9. februar var det forlenga pause med ostesmaking. Othild og Asbjørn stilte med smaksprøver frå ysteriet i Derinngarden. Bygdaliv-redaktøren er imponert!

Også elles har det vore bra med folk og svært god stemning på leikøvingane denne vinteren. Det hjelper nok å ha stildansfesten som mål. Vanleg frammøte har vore ca. 14-16, med nokså jamn kjønnsfordeling.

Her er nokre bilete frå øvingane. Klikk på kvart bilete for å få ein større versjon.


Snu nordvest med turnerapport

Snu nordvest er, som vi hugsar, Møre og Romsdal-varianten av Bygda dansar. Formålet er å rekruttere og utdanne utøvarar av norsk tradisjonsdans til eit profesjonelt nivå. Initiativtakar er Rådet for folkemusikk og folkedans.

Snuarane har vore på turne i vinter, og rapporterer om kontakt med mange ungdommar, men det har vore litt tungt å få dei på dans om kvelden. Det blir ei helgesamling midt i april. Les rapporten her.


Kalender

Dette er Bygdaliv-kalenderen over folkemusikk- og ungdomslagsarrangement, nokså romsleg tolka. Dei fleste er innafor 4-5 timars reiseavstand frå Molde, men med nokre viktige unntak. Veit du om noko som bør vere med her, så kom med tips til neste nummer.

Dei vanlege atterhalda og formaningane gjeld: Lista er sikkert ikkje feilfri, og det kan bli endringar. Til somme arrangement kan det vere påmeldingsfristar. Sjekk nærare før du legg i veg!

[Kalenderen er utelaten her.]

Endå fleire aktivitetar hos Noregs Ungdomslag, folkedans.com, Landslaget for spelemenn, trekkspill.no og trekkspillforbundet.no.


Bygdaliv nr. 3-2005 [11.4.05]

Gjestar og gjester

BUL-sesongen går mot slutten, men det er framleis nokre øvingar att. I to av dei gjestar vi Lyngstad og Rauma, etter at dei tidlegare i vinter var gjester hos oss.

Til Lyngstad Ungdomshus skal vi torsdag 14. april kl. 20.00-22.00. PÅ Lyngstad er det gode dansarar, fin stemning og lekre kaker. Møt fram ved Bunnpris-butikken på Årø kl. 19.15 for å kjøre saman (omveg for dei frå Nordbyen, men dei ordnar seg vel).

Tysdag 26. april er vi inviterte til Rauma Leikarring. Det blir musikk ved Rauma Spelemannslag. Dei som var med sist, opplevde reine leikfest-stemninga. Øvinga er i Isfjordshallen kl. 20.00-22.00. For å kjøre saman, møt fram ved tunnelopningen på Leirgrovvika kl. 18.45 (ferje frå Sølsnes 19.15).

Merk at det ikkje blir øvingar i BUL onsdagane 13. og 27. april. Siste øving på Reknes blir dermed onsdag 20. april.


Kvinnfolk og fotball

I BUL har dette vore den beste dansesesongen på lenge, med jamtover 6-8 par på golvet, og heilt opp i 17 par på ei av fellesøvingane. På stildansfesten var det ca. 40 deltakarar. Det er tydeleg at folk vart inspirerte av stildansane og møtte fram til øvingane før festen, men det har også vore bra frammøte etterpå.

Damene har hatt det ekstra fint denne vinteren, for her har det vore ein ny tendens: overskot av karar! Før har vi observert eit slikt fenomen ein gong i blant, særleg onsdagar med ekstra gjæve fotballkampar på TV. Då har vel kvinnfolka site heime og sett på unge menn som spring etter ballen, eller dei har trudd at karane gjorde det, slik at det ikkje var noko å møte fram etter.

No har dette vart lenge (nok), så det er på tide at damene kjem på leikøving att! (Berre så det er sagt: Somme gonger har det vore heilt jamt, og elles har Irene lagt inn treturar og bytedansar, så ingen har vore veggepryd heile kvelden.)


Danse eller danse neste laurdag?

At NU-stemnet i Kirkenes er same veka som Moldejazz, er ille nok, men no har vi fått ein lei kollisjon alt neste helg:

Laurdag 23. april er det jubileumsleikfest i Ålesund. UL Ivar Aasen fyller 100 år. Klikk her for fleire opplysningar. Påmeldingsfristen gjekk ut 11. april, men har du ikkje meldt deg på, så prøv likevel (ikkje sei at eg har sagt det).

Den same helga (frå fredag til søndag) er det Røros-leken. Somme av oss reiser dit år etter år for å danse pols. Også her er fristen ute (10. april), men det er lov å prøve.

Kjøre i lag med nokon? Det kan vi snakke om på dei to leikøvingane før den store helga.

Det er iallfall ingen grunn for folkedansarar til å sitje heime den laurdagskvelden!


Sti-i-i-lig aften

12. mars arrangerte BUL "fest med sterkt innslag av stildansar", også kalla stildansfest. Eit førtital stilige dansarar frå BUL, Rauma, Ålesund og Lyngstad framførte mange stilige og nokre meir avslappa dansar. Spelemennene skulle halde på til 2 om natta, men var nesten ikkje til å stoppe.

Dei damene som ikkje var der, kan berre angre, for det var for få av det slaget! Til kvar tid var det eit par ledige karar, og det var ikkje dårlege dansarar som sat og såg på!

Her er nokre bilete frå festen. (Ja, det er ein månad sidan, og rett nok er det ikkje lang framkallingstid slik som i gamle dagar, men framleis må redaktøren rydde ein kveld til å lage Bygdaliv.)

Det vart ikkje så mykje tid til å fotografere under dansinga, men vi ser eit par glimt av Rauma Leikarring som framfører Fransese. Ønskjer du nokon av bileta i full størrelse, så kontakt redaktøren.

2727 2728 2729 2731 2732 2742 2744 2746 2749 2751 2752 2754 2758 2759 2761 2762


Kalender

Kalenderen som har stått her i tidlegare nummer, blir no flytta til heimesida for BUL. (Ikkje på plass i skrivande stund, men kjem snart.)


Bygdaliv nr. 4-2005 [30.4.05]

Dugnad på Reknes

No er det klart for vårens vakraste eventyr: Dugnaden på Reknes ungdomshus. Møt opp 2. og 3. mai frå kl. 18.00.

reknes18.png

Arbeid som står for tur:

Ute:

Inne:

reknes28.png

Ta med:

Mat!! Mat!! Mat!! Mat!!

Velkomne !!


Bygdaliv har vore på Røros...

...der vi kamperte og festa saman med nokre hyggelege menneske frå BUL og Lyngstad i helga 22.-24. april:

IMG_2802.JPG

IMG_2813.JPG

IMG_2814.JPG

IMG_2818.JPG

Her er nokre som slappar av etter ei støvande danseøkt i Glåmos samfunnshus laurdag kveld...

IMG_2822.JPG

...og spelemenn og dansarar i Sangernes Hus dagen derpå:

IMG_2825.JPG

På Røros fann vi også at Keiko hadde gøymt seg.

IMG_2803.JPG


...og i Isfjorden

Rauma leikarring og Rauma spelemannslag inviterte til felles leikøving 26. april. Her ser vi spelemennene og -kvinnene. Takk for oss!

IMG_2828.JPG


Sommarferie i BUL, men dans deg gjennom sommaren likevel

Dansesesongen i BUL er no avslutta, men sommaren byr på mange fine danseaktivitetar. Sjå kalenderen på heimesida til BUL, og kom gjerne med tips.

God sommar!


Bygdaliv nr. 5-2005 [8.9.05]

Siste Bygdaliv

Dette blir nok det siste Bygdaliv i denne forma. Men fortvil ikkje, det same stoffet skal berre komme på heimesida til BUL i staden, slik alle andre organisasjonar gjer det.

Med denne endringa ønskjer redaktøren å få jamnare oppdatering og arbeidsbør - å gjere ferdig Bygdaliv har vore litt skippertaksprega kvar gong. Rundskriv til "abonnentane" tek eg sikte på å sende ut når det er noko vesentleg nytt å melde, men følg gjerne med på heimesida sjølv.

Gamle Bygdaliv-nummer blir liggjande på nettstaden til så lenge, men kan etter kvart bli flytta til eit arkiv-medium dersom det blir trongt om plassen.


Leikøvingane er i gang

14 var med på den første leikøvinga i haust, 7. september. Det er ikkje så verst, men det var litt for få karar denne gongen. Har dei ikkje vakna att etter ferien?

Irene førte oss greitt gjennom den første turen av Fransese, og alle fekk danse. Starten er relativt lett, og det blir repetisjon neste gong, så dei som mista denne øvinga, må ikkje kvi seg for å komme den 14. september. At dei også gjekk glipp av nokre andre dansar, og ein stabel svelar og nyrørt syltety signert Noralv, er det for seint å gjere noko med. Slik er det berre når ein ikkje er der. :-)

Fransese er altså den største satsinga i haust, og ho kulminerer med ein kveld saman med inviterte gjester 5. oktober. Etter det skal vi repetere springaren og ha ein kveld med Spelemannslaget, og så blir det diverse anna fram mot desember. Sjå heile programmet på heimesida til BUL.

Fransese-helsing
Fransese-helsing

Fransese, damene kryssar over
Fransese, damene kryssar over

Hopsa frå Ogndal?
Hopsa frå Ogndal?


Otto er død

Æresmedlem Otto Nygårdsvoll døydde laurdag 25. juni. Han var ei drivkraft i BUL i mange år.

29. juni var det gravferd. Mange bygdafolk, BUL-folk og andre venner av Otto var med, først i Vågøy-kyrkja og så til jordpåkasting på gravstaden. Til slutt var det minnestund i ungdomshuset. Her er nokre bilete frå dagen:

Kista og nokre av kransane, den frå BUL lengst t.h.
Kiste og kransar

Torill legg på krans
Torill legg på krans

Romsdal spelemannslag
Romsdal spelemannslag

Inga med minneord
Inga med minneord


Bunadsfest i Sveits

Lars og Torill har vore på ferie i Sveits, og her er eit lite reisebrev frå Torill.

Vi har vore på folkedansstemne i sommar. Ikkje her heime, men i kantonen Valais i Sveits. Vi hadde bestemt oss for å feriere i området rundt Lac Léman (Genèvesjøen), og brukte litt tid til å skumme internettsidene for turistkontora i området. På heimesida til Valais-turistkontoret fekk vi eit ørlite håp då vi fann ein kantonal Fête des costumes (bunadsfest) i den vesle byen Le Châble i Bagnes-dalen, perfekt plassert midt i ferieveka vår. Vi sjekka heimesidene til festivalen, og skjønte at her hadde vi fått napp, stemnetog både laurdag og sundag, oppvisningar i mengder, stor felles framsyning på stadion og litt tid til fridans. Det gjekk også fram av heimesidene at ein rekna med 45 deltakarlag og 14-1500 dansarar.

Ein liten e-post til heimesida, og vi hadde fått tips om brukbart hotell 15 minutts køyring frå stemnestaden, og beskjed om at vi ikkje trong noka påmelding. Vi tinga rom, og fekk det, - og la i veg på ferie.

Og frå vi tusla inn på bytorget laurdag og plutseleg var midt i første framsyningsrunde, til vi prøvde å danse norsk reinlender til sveitsisk polka (musikalsk burde det gå heilt greitt, verre var det med danseretning og rørslemønster) seint sundag kveld, hadde vi ei oppleving der vi stort sett berre sa: her skulle fleire ha vore. Godt opplegg, bygd på masse erfaring, utruleg mange og flotte bunader, dyktige dansarar og musikarar, og verdas herlegaste ungar, - pluss heidrundrande sveitsisk feststemning med masse kvitvin og inga flatfylle, merkeleg for nordmenn.

Framsyning på torget: Er det ei lokal Irene som sjekkar rekkene?

Greier de dette, karar? Her skal det øving og presisjon til.

Ikkje prøv på denne om du har problem med Oppdalsril?

Her går snuinga på heile rekka, med eit par for oss nye turar.

Superdansarane frå Martigny har fart i stakkane, her er presisjon og danseglede på topp.

Slik kan også eit spelmannslag sjå ut.

Trekkspell, tromme og tuba er heilt vanleg besetning. Stilige karar, med hatt og stripete bukser.

Fleire stilige karar, bjøllestokken er i bruk som rytmeinstrument.

Ungar er fine, ungar i bunad er veldig fine, - her er våre heilt spesielle vener frå Le Châble:

og dei var sjølsagt med i stemnetoget.

På hovudstemnet var det endå fleire ungar:

Frå framsida eller baksida, - like sjarmerande.

I stemnetoget kom endå fleire fine ungar!

Men dei vaksne var ganske stilige, dei med:

Og er du ein dansar i stemnetog, - ja, då dansar du……


Slutt på Bygdaliv - over til Bygdaliv

Merknad frå redaktøren i 2007: Her var det slutt på nettbladet Bygdaliv. Resten av stoffet på denne arkivsida er henta frå nettsida som etter kvart også fekk namnet Bygdaliv. Forvirra? Berre les vidare. :-)


26.4.05: Danseprogrammet våren 2005

DatoTemaFerdig
12. januarTurdans×
19. januarRekkedans×
26. januarStildans×
2. februarStildans med gjester×
9. februarStildans×
16. februarStildans×
23. februarVinterferie 
2. mars kl. 1930Stildans med gjester×
9. marsStildans×
12. marsStildansfest×
16. marsIkkje øving 
23. marsPåskeferie 
30. marsBygdedans, songdans, ril×
6. aprilBygdedans, songdans, ril×
13. aprilIkkje øving i Molde 
14. aprilØving på Lyngstad×
20. aprilSamdansprogrammet til NU×
26. aprilØving i Isfjorden hos Rauma leikarring×
27. aprilIkkje øving i Molde 

5.10.05: Fransesekveld

Fransesen sat ikkje heilt i føtene på alle frå starten denne onsdagskvelden, men det gjekk bra etter kvart. I førstninga var det dessutan for få damer, men seinare kom det to til og skapte balanse. I mellomtida var eit utlånt «skjørt» på ein av karane stor suksess og berga oppstillinga.

På biletet ser vi rekkjene helse på kvarandre ved starten på dansen.

IMG_3686.JPG

I alt var det 12 par i aksjon, medrekna 10 dansarar frå Rauma. Dei siste inviterte oss på gjenvisitt til øvinga si i Isfjordshallen tysdag 15. november. Då skal også Rauma Spelemannslag vere med. Dei gongene vi har vore på fellesøvingar der, har det vore stor stemning!


2.11.05: Seksten spreke springarpar, seks spelemenn

Kva tid såg vi sist 16 par danse Romsdalsspringar? BUL-folket saman med gjester frå Rauma, Tingvoll, Sylte/Malme, Osmarka og ikkje minst Romsdal Spelemannslag fylte golvet onsdag 2. november.

Det starta med ein serie runddansar med fullt spelemannslag, til oppvarming og vel så det. Etter ei stund tok kompet kvelden, og derifrå og ut kom den eine springaren etter den andre, berre med ein pols og ein halling innimellom. Spelemennene hadde fint driv og godt samspel, og med den spesielle klangen som to klarinettar tilfører. Dansarane skal eg ikkje uttale meg om, men Palmer og Kerstin var der med litt rettleiing og nyttige tips, så det gjekk nok bra.

På eit tidspunkt telte eg 32 dansarar, og i pausen, etter at nokre var gått, var det 38 hovud som var nokolunde i ro. På det meste må det ha vore over 40 personar innom. Ein stor kveld - dette må vi gjere om att!

Bileta er dessverre ikkje frå springaren, for då hadde ikkje fotografen tid. :-)

IMG_3709 (20K) IMG_3710 (63K) IMG_3713 (65K) IMG_3719 (24K) IMG_3722 (67K)


15.11.05: BUL i Rauma

11 BUL-folk la vegen til Isfjorden om kvelden 15. november og blanda seg med Rauma-ringen.

Som vanleg var det stor stemning til variert musikk ved spelemannslaget frå Rauma, og på kake/kveldsmatbordet var det noko for kvar smak. Dessverre har vi berre eitt bilete, for nokon hadde gløymt å lade batteriet. :-(

IMG_3726 (23K)


30.11.05: Danseprogrammet hausten 2005

DatoTemaFrammøte
7. septemberFransese, turdans14
14. septemberFransese, ril12
21. septemberFransese, songdans12
28. septemberFransese, rekkedans19
5. oktober kl. 19.30Fransese med gjester14 + 10 frå Rauma
12. oktoberHaustferie, ikkje leikøving 
19. oktoberFransese, parhalling15
26. oktoberRomsdalsspringar; Kerstin og Palmer Løkseth var instruktørar25!
2. november kl. 19.30Springarkveld med gjester, musikk ved Romsdal Spelemannslag32 dansarar og
9 spelemenn!
9. novemberRil, songdans14
15. novemberVi besøkte Rauma leikarring og Rauma spelemannslag28 på golvet
(11 frå BUL)
+ 8 spelemenn
23. novemberTurdans13
30. novemberRepetisjon av dansar frå haustprogrammet 
7. desemberÅrsmøte 

7.12.05: Årsmøte i B.U.L. Molde

Tid: Onsdag 7. desember 2005 klokka 2000.
Stad: Reknes Ungdomshus

Saksliste:

  1. Formalitetar
  2. Årsmeldingar
  3. Orientering om Reknes Ungdomshus
  4. Rekneskap for 2005
  5. Budsjett 2006
  6. Innkomne saker (ingen)
  7. Val

Mat

Her er det offisielle referatet.