Bygdaliv 2006

Merknad frå redaktøren i 2007: Denne nettsida inneheld arkivstoff frå nettsida til BUL Molde i 2006. Stort sett står notisane her uendra, men dei er ordna etter stigande dato (eldst først). Kalenderen er utelaten, både fordi han ofte vart oppdatert (kva for ein skulle vi ha brukt?), og fordi ein gammal kalender inneheld mange lenker som ikkje fungerer lenger. Også nokre andre lenker kan vere rotne, så klikk på eige ansvar.


8.2.06: Stilig kveld

Gjester frå Rauma og Lyngstad tok seg fram til Reknes i snøkaven onsdag kveld, saman med BUL-folk med lang og kort veg, og det vart ein bra flokk, 13 par pluss ein mann (ikkje den same heile tida, nei).

Vi kom gjennom det meste av stildansprogrammet, med ekstraøving i Fransese for dei som trong det, dvs. dei aller fleste. I tillegg vart det tid til ein serie treturar. Her er nokre glimt av dansarar og publikum (nokre stod over første omgang med Fransese):

IMG_4177 (27K) IMG_4184 (25K) IMG_4182 (28K)


18.3.06: Leikfestbilete frå Dombås

7-8 BUL-folk dukka etter kvart opp på Dombås 18. mars. Lyngstad hadde ein stor delegasjon, og det var sjølvsagt mange frå Rauma. I alt var det visstnok 136 deltakarar på ein velorganisert leikfest i beste Dovre-stil. Musikken ved Rusten og Aasegg, avløyst av Dovre sjølv til turdansane, var drivande god, og det same var stemninga. Som vi sa til arrangørane etterpå: Det må ikkje bli tre år til neste gong.

Polonese

IMG_4223 (16K) IMG_4226 (22K)

Kaffipause

IMG_4234 (31K) IMG_4233 (29K) IMG_4235 (23K)

Det skulle ha vore fleire bilete av dans og færre av kaker, men det er no slik at det er best tid til å fotografere i kaffipausa. Dessutan var kakebordet overdådig, og det fanst dei som forsynte seg tre gonger, men ingen namn skal nemnast her...

IMG_4227 (25K) IMG_4228 (21K) IMG_4230 (19K) IMG_4232 (19K)

Tango for to

IMG_4236 (13K) IMG_4238 (21K)

Som du ser, var det også nokre optiske ufo-ar med på bileta. Eller kan det vere sveittedropar? :-)


21.3.06: Gerhard har fylt sytti

Ja, det er ei stund sidan 6. mars, men sidan jubilanten hadde gøymt seg bort på Gran Canaria, og attpåtil snubla i eit gjerde der, var det først etter heimkomsten til eit nedsnøa Molde at han fekk overlevert gåve frå BUL.

Fødselsdagsgåva var jubileumsboka til UL Ivar Aasen, «Ein ungdom på hundre». Den skulle passe bra til ein ungdom på sytti.

IMG_4239 (69K) IMG_4243 (69K)

Apropos ungdom: Gerhard vart formann (som det heitte) i leiklaget i BUL første gong i 1953. Dei som vil, kan rekne ut kor gammal han var då. Seinare var han ei drivkraft i å utvide og vedlikehalde BUL-hytta på Skaret, samlingsstad for BUL-folket til utpå åttitalet, då bruken tok til å dabbe av. Omtrent på den tida var han også drivkraft og arbeidskraft i andre store løft, særleg NU-stemnet i 1980 og oppussingane av Reknes Ungdomshus og Romsdalsheimen (som dessverre gjekk tapt for Romsdal Ungdomssamlag på grunn av dei høge rentene). Å danse hadde han også tid til; sjølv om ikkje alle seinare tilkomne BUL-folk har sett det, så har han faktisk spela inn film saman med Inga, for Romsdalsspringaren var og er viktig for han.

BUL har ikkje alltid vore flink til å heidre veteranane sine dei siste åra, men skal vi dra fram nokon no, må det vere Gerhard Hestad. Vi gratulerer!


19.4.06: Folkedans og kalvedans på stabburet

19. april gjesta vi Romsdal Spelemannslag på Reknesstabburet, heimearenaen deira. Mange av oss hadde aldri vore i det huset før. Spelemannslaget var for nokre år sidan med på å reise det og setje det i stand, og har fått framifrå øvingslokale og kontor der.

Som stabbur må dette digre huset ha tilhøyrt ein gard med mykje mat, for å seie det slik, og i stil med det var det kaffipause med mange sortar, m.a. kjelost (også kalla kalvedans eller råmjølkspudding). For mange var også det første gong, eller lenge sidan sist. Dansegolvet kunne gjerne ha vore litt glattare, men det går det nok an å gjere noko med. (Denne skribenten sleit også litt med nye og trege sko, og veit ikkje heilt kva som bremsa mest.) Takk for oss - vi kjem gjerne att!

Bileta viser litt av stemninga. Av ein eller annan grunn vart det få bilete frå dansinga, meir frå dei pausane som slitne dansarar tok seg etter kvart, men berre så det er notert: programmet inneheldt både Romsdalsspringar og Gammal reinlender i tillegg til vanlege runddansar.

IMG_4277 (25K) IMG_4280 (25K)
IMG_4281 (27K) IMG_4288 (20K)
IMG_4291 (22K) IMG_4292 (24K)
IMG_4294 (21K)


5.-7.5.06: Polsdagar på Røros

Innpå to hundre polsarar møttest på Røros 5.-7. mai, av desse tre frå BUL Molde og ein heil flokk frå Lyngstad. Det var pols fredag kveld, pols laurdag føremiddag, leikfest med pols laurdag kveld og gammalpols søndag føremiddag, midt i kyrkjetida. Fullt golv alle stader, og kor mange ulike polsslåttar finst det?? Innimellom var det ein og annan vals, hoppvals og ringleinder, men då sa musikarane frå, slik at dansarane ikkje skulle bli forvirra. :-)

Vel, dette var litt overdrive, og leikfesten hadde økter med songdans (fem ringar!), stordans og turdans, men det er ingen tvil om at Rørosleken er den store samlinga for polsgalne. Polsfestivalen på Melhus ser ut til å ha lang pause, og då er det vel ingen andre?

Rørosleken samlar stort sett folk som kan danse pols, og det er utruleg høg kvalitet på dansarane og dansinga, samstundes som stemninga og dansegleda er stor. Veteranar og unge Trondheims-studentar kosa seg i lag denne helga.

Men kven tek ansvaret for opplæring i polsfaget? Melhusfestivalen har hatt kurs, både for nybegynnarar og vidarekomne, i ulike polsvariantar (Røros, Innherad, Todal, Dalarna), og i samdans og samspel. Eg håpar dei kjem i gang att med det, for det var mykje å lære der, og ikkje minst var det eit breiare spekter av dansar. Det bør vere plass til begge festivalane. Skulle det likevel bli varig stopp på Melhus, så kan vel Røros halde kurs?

I alle fall legg dei visstnok opp til ny Røroslek neste år, første helga i mai. Det er berre å gle seg alt no!

Sangerhuset laurdag
IMG_4322 (23K)
Sangerhuset søndag (ringleinder, ja)
IMG_4356 (24K)
«Sjå, ho har ny bunad!»
IMG_4337 (33K) IMG_4349 (25K)

10.5.06: Danseprogrammet våren 2006

DatoTemaFrammøte
11.1.Turdansar14 (6k+8m)
18.1.Songdans og ril20 (10k+10m)
25.1.Stildans18 (10k+8m)
1.2.Stildans17 (10k+7m)
8.2.
kl. 19.30
Stilig kveld med gjester
Fransese, Pas d'Espagne, Mølledansen, Sekstur II frå Namdalen, Fandango frå Austlandet
27 (13k+14m)
(Rauma 9,
Lyngstad 2)
15.2.Polskurs med Palmer og Kerstin19 (10k+9m)
22.2.Ikkje øving, vinterferie 
1.3.Bygdedans20 (11k+9m)
8.3.Rekkedans og Dombås-program15 (10k+5m)
14.3.Øving i Isfjorden, hos Rauma leikarring og Rauma spelemannslag25 (13k+12m)
(BUL 6k+4m)
15.3.Ikkje øving, sidan vi hadde i går 
22.3.Dansar for tre13 (7k+6m)
29.3.Samdansprogrammet for folkekulturfestivalen i Trondheim 14 (9k+5m)
5.4.Treturar og stildansar12 (8k+4m)
12.4.Ikkje øving, påskeferie 
19.4.
kl. 19.00
Øving på Reknesstabburet saman med Romsdal Spelemannslag 16 (9k+7m)
+16 spelemenn/kvinner
26.4.Samdansprogrammet for Nordlek i Göteborg11 (6k+5m)
3.5.Samdansprogrammet for Trondheim og Göteborg12 (6k+6m)
4.5.
kl. 18.00
Dugnad på Reknes ungdomshus 
10.5.Samdansprogrammet for Trondheim og Göteborg13 (7k+6m)

18.6.06: Trødde inn i Vågøy-kyrkja

18. juni fekk to hundre frammøtte oppleve Trø inn i dansen i Vågøy-kyrkja. Dette er ei messe med musikk, korsong og turdans, først på våre kantar framført i Røbekk-kyrkja 29. februar 2004.

Romsdals Budstikke spanderte denne gongen ein heilsides omtale i papirutgåva 21. juni, stort sett med positiv kritikk. Om dansinga heiter det: «Folkedanserne fra BUL Molde, Lyngstad-, Osmarka- og Rauma Leikarring bidro med lett, humørfylt og stilfull dans i midtrommet, og der de sammen med koret tro til med klapp, tramp og feiende svingom...», reflekterer journalisten over at ei slik kulturform var rekna som høgst upassande i kyrkja for ein del år sidan. Noko har endra seg.

Svært mange av dansarane var dei same som på Røbekk. Budstikka fekk dessverre ikkje med seg at det også denne gongen var Irene M. Bell som var leiar for dansen, og at Kirsten Aure var initiativtakar og drivkraft. Noko må vere eksklusivt for Bygdaliv. Det er også dette biletet, teke av Anzelika Løseth:

vagoy060618 (418K)

6.-9.7.06: Folkekulturfestivalen

Til Folkekulturfestivalen (NU-stemnet) var det ikkje organisert fellesreise frå BUL, men i alt 11 medlemmer var innom. I tillegg var det sjølvsagt kjenningar (gamle og nye) frå andre lag der. Bygdaliv-redaktøren var i Trondheim berre frå fredag kveld og ut, og skriv dette lenge etterpå, så omtalen blir dessverre nokså smal.

Dansen om kveldane var i den enorme Trondheim Spektrum (Nidarøhallen), så det var faktisk plass til å snu seg rundt, og det var det mange som gjorde, til inspirerande musikk av ulike grupper. Laurdag var det leikfest med Over Stok og Steen, og god stemning. Fem ringar fylte golvet (vel, midtpartiet) i songdansøkta. Men ein leikfest utan kakebord er litt pinglete, synest denne deltakaren.

Frå leikfesten (takk til Bente for lånet av bileta)
bente1 (34K) bente2 (38K)

Laurdag føremiddag skulle vere den store oppvisingsdagen i Trondheim sentrum, med bunadstog og Ormen Lange på torget rundt Olav Tryggvason. Opplegget skar seg då P4 kapra torget på den tida. (Kva skal ein radiostasjon med eit torg? Dei kunne ha sendt spørjekonkurransen sin frå eit studio, frå Bjorli Harejaktvald eller kvar som helst.) NU prøvde å ta oppvisingane litt tidlegare, men då regna det i bøttevis. Bunadstoget vart avlyst, og stordansen flytta innomdørs, der ingen såg på. Slik sett var vel Trondheim endå mindre prega av NU-stemnet enn Göteborg av Nordleik.

Bunadstoget skulle ha starta ved Erkebispegården, omtrent her...
IMG_4709 (83K)
...men togar omsider inn på Salem (!)...
IMG_4712 (28K)
...der stordansen går.
IMG_4716 (17K)

Elles var stemnet vellykka. Somme fekk med seg ein konsert eller to, og det var visst svært bra. Neste år skal stemnet vere i Oslo, altså ikkje på våre kantar, slik eit rykte har sagt.

Det var også nokre hyggelege turistar i Trondheim, her på RaBarBra.
IMG_4732 (67K)

25.-30.7.06: Nordleik

Innimellom Gothia Cup og EM i friidrett hadde göteborgarane tid til å arrangere nordisk folkedansstemne, men utan at byen stod på hovudet av den grunn. Om ikkje anna, så sette fire tusen bunader litt preg på kollektivtrafikken då folka inni skulle til og frå hovudmønstringa på Slottsskogvallen laurdag.

Seks deltakarar frå BUL Molde var på Nordleik saman med to frå Rauma og ein frå Lyngstad, ein gjeng som var stor nok til å gjere ting saman eller i smågrupper, og liten nok til å vere oversiktleg. Utanom dans, dans, dans, turar, dans og dans fekk vi med oss ein del dans, dans og dans, pluss litt mat og påfylling av store mengder væske. I Göteborg var det varmt.

Mykje av stemnet vart for vår del prega av stildansballet fredag kveld, med kurs tysdag og onsdag føremiddag. Mange av dansane var absolutt til å komme på talefot med, men det skal ikkje nektast at vi sleit litt med kort tid til innøving av den eine dansen før den andre tok over. Etter kvart vart Prinsesse Alexandrines Kvadrilje nærmast eit ståande uttrykk for alt som er dans(k) og vanskeleg.

Stildansball, amatørar og proffar
IMG_4972 (23K)  IMG_5001 (22K)

Det meste av dansinga var i to digre og luftavkjølte salar i Svenska Mässan. Om føremiddagane var det kurs av ulike slag, og om kveldane både fri dans og litt enklare opplæring. Kveldskurs i svenske og finske turdansar var populært. Første kvelden var nokre av oss på ekspedisjon til Grängnäs i Slottsskogen for å danse noko som likna polska, heilt til lufta vart så tjukk og skjorta så våt at vi ikkje kom rundt. Seinare oppdaga vi nattdansen i Excercishuset, der sveitten også sat laust, og det ryktast at det var aktivitet der til langt utpå morgonsida. Den ungdommen, den ungdommen.

Dykkar utsende på Svenska Mässan, ute og inne
IMG_4916 (25K)  IMG_4935 (30K)

Neste Nordleik skal vere i Lahti i 2009, og så kjem turen til Noreg tre år etter. Somme av oss er framleis i sin beste alder då. :-)


1.11.06: Fire ringar på rekker

Heile 31 dansarar tok seg fram på glatte vegar til felles-leikøvinga mellom Tingvoll, Rauma, Lyngstad og BUL Molde 1. november. Sidan det for ein gongs skuld var overskot på karar, fekk fotografen tid til å ta bilete til Bygdaliv.

IMG_5509 (19K)  IMG_5510 (21K)
IMG_5515 (18K)  IMG_5522 (19K)
IMG_5529 (19K)  IMG_5532 (16K)
IMG_5527 (20K)  IMG_5534 (16K)  IMG_5535 (14K)

Det ser ut som folk har det bra, ikkje sant? Temaet var rekkedans, og den som kan setje namn på alle dansane vi ser her, skal få heiderleg omtale i Bygdaliv!


22.11.06: Jul i Romsdal 2006

Snart jul: Juleheftet til Romsdal Ungdomssamlag er kome. Denne gongen er det ei musikalsk oppdagingsferd gjennom Romsdal, både indre og ytre, og ein avstikkar til andre lands- og verdsdelar.

juliromsdal (15K)

Bygdaliv-redaktøren skuldar her å gjere merksam på at han er ugild når det gjeld å omtale Jul i Romsdal, men andre har gjort det: På SMS-sida i Budstikka har det fått kritikk, eller ros dersom vi snur på det, for å ha lite julestoff. Kjøp det og sjå sjølv! BUL si kvote er alt utseld, men det finst nok enno i bokhandelen.


15.11.06: Gjester på stabburet

Nokre av oss har alt vore på Reknesstabburet, for der hadde BUL fellesøving med spelemannslaget onsdag 15. november. Triveleg med levande musikk, og godt frammøte. Dette bør bli ein tradisjon!

IMG_5550 (20K)

Sjølvsagt var det kaffi og kaker,
og spelemannsleiar Per Kåre Rørhus
orienterte om pubben.

Ikkje alle dansarar er over femti!

IMG_5554 (18K)

24.11.06: Folkemusikkpub i Molde - fullt hus og stormande jubel!

Ingen tvil: dette er årets folkemusikkoppleving i Molde. Vi skriv fredag 24. november 2006, og Reknesstabburet er sprengfullt av spelemenn, pensjonerte spelemenn, dansarar frå BUL og andre stader, og interessert publikum elles.

IMG_5566 (41K)


Folk kosar seg alt før programmet startar. Klokka nærmar seg 21.00, og Jorun Marie Kvernberg er snart på veg inn i lokalet.



Jorun Marie slepper ny plate denne kvelden, og gjev oss ein time med smaksprøver. Ho spelar åleine...
IMG_5567 (14K) IMG_5568 (16K)
IMG_5570 (19K)


...og saman med Øystein Sandum, som også er med på plata.



Etter lang trampeklapp og ekstranummer blir det pause, med høve til å kjøpe plata. Mange vil ha autograf, men her kviler Jorun Marie skrivehanda litt.
IMG_5576 (15K)
IMG_5579 (40K)
Praten går i pausa.
IMG_5580 (37K)



Runhild Heggem frå Osmarka spelar Bergrosa.
IMG_5581 (19K) IMG_5582 (18K)
IMG_5585 (41K)



Molde Trekkspelgruppe.
IMG_5590 (23K) IMG_5591 (16K) IMG_5592 (16K)
Palmer og Kerstin er noregsmeistrar i Romsdalsspringar. Vi har nettopp sett dei i filmopptak frå Landskappleiken 2006, og her kjem dei på golvet. Musikken er også førsteklasses!

IMG_5594 (37K)



Dei tre klarinettane i spelemannslaget framfører eigne melodiar,
Torbjørn Kvernberg kompar på trøorgel.
Etter midnatt tek det heilt av.
Ola Kvernberg med bassist
spelar og improviserer...
IMG_5595 (43K)

IMG_5596 (22K)


...dansarane følgjer på...
IMG_5599 (19K)
...med parhalling og litt av kvart...
IMG_5601 (19K) IMG_5600 (10K)



...og etter eit kvarters tid lurer publikum på om det blir spelemennene eller dansarane som går av golvet først!
IMG_5598 (50K)
(orsak teknisk feil på dette biletet)

Kjære Romsdal Spelemannslag: Takk for ein fantastisk kveld. Dette må de gjere fleire gonger!

P.S. Jorunn Marie er "månadens artist" i folkogdans.no. Plata vart også sleppt i Oslo måndag 4.12.


29.11.06: Bygdaliv på landet

Den siste leikøvinga for hausten var hos Othild og Asbjørn i Derinngarden på Halåsen, 29. november. Der er det møtesal (frå no av også dansesal), gardsturisme og ysteri med eigne oppskrifter, og byfolket fann seg godt til rettes!

Temaet for kvelden var repetisjon, og utruleg nok hadde vi visst vore innom desse dansane tidlegare i semestret. Det vart m.a. treturar...

IMG_5606 (29K) IMG_5609 (14K) IMG_5607 (26K) IMG_5615 (30K)

...fransese (ser du godt etter, så ser du at det mangla minst ei dame denne kvelden)...

IMG_5616 (46K) IMG_5621 (30K)  IMG_5624 (36K)

...og etter dansen kveldsmat og besøk i ostebutikken. Takk for oss!

IMG_5630 (57K) IMG_5638 (53K)


29.11.06: Danseprogrammet hausten 2006

DatoTemaFrammøte
6.9.Turdans14 (9k+5m)
13.9.Trønderdans12 (6k+6m)
20.9.Rekkedans og ril med inviterte gjester29 (16k+13m), av desse 18 frå BUL
Tysdag 26.9.Isfjorden, fellesøving med Rauma leikarring9 frå BUL
27.9.Fri i kveld, øvinga var i går 
4.10.Nordiske dansar16 (9k+7m)
11.10.Haustferie, ikkje øving 
18.10.Nordiske dansar16 (9k+7m)
25.10.Bygdedans19 (10k+9m)
1.11.Rekkedans med inviterte gjester. Kake!31 (14k+17m)
8.11.Vestlandsdansar16 (9k+7m)
15.11.Reknesstabburet, fellesøving med Romsdal spelemannslag18 (9k+9m)
22.11.Balldansar16 (8k+8m)
29.11.Haustavslutning på Derinngarden hos Othild og Asbjørn17 (7k+10m)
6.12.Årsmøte11

6.12.06: Udramatisk årsmøte

11 medlemmer var ikkje nok til å fylle Reknes Ungdomshus onsdag 6. desember, og heller ikkje til å ete opp all den gode maten, men i forhold til medlemstalet på 34 var frammøteprosenten bra. ;-)

Årsmeldingar og rekneskap vart godkjende. Eit budsjett i balanse vart vedteke med oppfordring til hyttestyret om å auke leigesatsane, for å kompensere m.a. for høgare straumprisar. Det blir ingen kontingentauke, og inga form for danseavgift. Alle tillitspersonar vart attvalde.

Det offisielle referatet kjem seinare. I mellomtida kan du lese årsmeldingane frå styret og hyttenemnda.

Munter møtelyd etter at det verste er over.
IMG_5645 (44K)
AU-medlemmer får blomster...av kvarandre.
IMG_5643 (33K)

11.12.06: Jonn rundar sytti

IMG_5681 (31K) Bygdaliv gratulerer BUL-veteranen Jonn Nordbø, som no fyller 70 år. Dagen vart feira på Reknes laurdag 9. med stor fest for familie, dansevener og andre vener. Jonn har lang fartstid som leiar i hyttestyret for BUL; faktisk har det ikkje vore nokon leiar der sidan han gjekk av i 1999. Han har også hatt andre verv i BUL, og er jamt på dansegolvet saman med Kirsten. I gåve frå BUL fekk jubilanten, som også er ivrig turgåar, boka 100 norske naturperler.