Bygdaliv 2009

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2009. Vil du heller gå til hovudsida?


Årsmøte i BUL Molde

vart halde onsdag 2. desember kl. 19.30 på Reknes Ungdomshus.

Her er innkalling med saksliste, årsmelding frå AU (ikkje oppdatert med endringar under møtet), årsmelding frå hyttestyret, budsjett for 2010 og referat.

Dei 13 frammøtte medlemmene hadde som vanleg nokre spørsmål og kommentarar til lagsdrifta, slik det skal vere. Årsmøtet vedtok samrøystes forslaget frå styret om å auke medlemspengane for å møte endringane i kontingentsystemet til NU (sjå Ungdom 3/09), med det tillegget at medlemmer under 26 år skal betale halvt. Sjå resultatet nedafor.

Noralv Bell gjekk ut av arbeidsutvalet, og Anne Lise Farstad kom inn. Elles var det attval på alle plassar.

Innimellom vart det servert kveldsmat, og etter at sakslista var ferdig, vart det delt ut blomster og gåve til danserettleiaren og blomster til AU med varaperson, styremedlemmen og utleigesjefen for hytta, og rekneskapsføraren.

IMG_6925 (64K)  IMG_6924 (54K)
Bente og Kirsten førebur kveldsmaten, og Arild H ordnar sakspapira
(fotografen vil skyte inn at kjønnsfordelinga ikkje var så tradisjonell heile tida)

IMG_6931 (53K) IMG_6929 (36K) IMG_6930 (61K)
Svein får blomster, Byrge har fått noko å le av, og Jonn klappar (foto: Torill)

Oppdatert 15.1.10


Leikøvingane hausten 2009

Oppsummering og tilbakeblikk på dansehausten:

9. septemberByttedansar16 dansarar
16. septemberNordiske dansar3 deltakarar på kurs kl. 18.30, 19 dansarar på øvinga
23. septemberVestlandsdansar Mange forfall denne gongen, berre 9 dansarar
30. septemberTrønderdansar16 dansarar
7. oktoberInga øving, haustferie 
14. oktoberDansar frå Nord-Noreg og songdansHeile 24 dansarar med smått og stort, og dei fleste (dei som kunne vere oppe så lenge) kom gjennom det meste av Nordlandspols!
21. oktoberInternasjonale dansar16 dansarar i afrikansk, amerikansk og nordisk
28. oktoberMenuett og andre dansar i rekkeAndre lag var inviterte, og det kom 29 dansarar, av desse fem heilt frå Tingvoll! Her er eit par glimt frå menuetten:
IMG_6750 (46K)
Irene og Sylvfest
demonstrerer
IMG_6759 (82K)
Konsentrerte dansarar
(foto: Kirsten Aure)
4. novemberDansar i rekke16 dansarar
11. novemberDansar frå Austlandet17 dansarar
17. novemberDansekveld i IsfjordenVert: Rauma leikarring, musikk ved Rauma spelemannslag; stor stemning, 10 dansarar frå BUL
18. novemberDansar frå SørlandetAVLYST!
25. novemberKvadriljer22 dansarar, m.a. fem frå Tingvoll. Kvadrilje, menuett og sal av Jul i Romsdal.
2. desemberÅrsmøteLes meir

Her er ein plakat med heile programmet slik det såg ut frå starten.

Neste leikøving: Onsdag 13. januar 2010.

Oppdatert 6.12.09


Aktuelt

Under denne overskrifta har vi notisar og lenker om saker som ikkje direkte vedrører BUL, men som vi gjerne held oss orienterte om. Kom med tips!

Fylkeskappleik på Åndalsnes

16.-18. april 2010 blir det fylkeskappleik i Rauma Kulturhus på Åndalsnes. Arrangør er Rauma Spelemannslag. Les meir på nettstaden deira.

29.10.09

Pols med noko attåt på Vonheim

Triveleg dansemiljø også i Sylte og Malme, med øving kvar søndag kveld. Dei som reiser rundt litt, kan få med seg to-tre dansekveldar i veka.

27.10.09

IMG_6745 (114K)
25. oktober var det polskveld, men her har kameraet fanga opp ein Gillerås.
(Foto: Heidi-Iren)


Kongeleg medalje til Gunnar!

Gunnar Rødal, mannen som har lært opp meir enn to hundre tusen folkedansarar, fylte 75 år onsdag 14. oktober. Blant dei mange som kom til «Vonheim» i Malmefjorden for å gratulere, var Fræna-ordførar Kjell Lode. Han hadde med seg Kongens fortenestmedalje i sølv til jubilanten, som har undervist i folkedans i 53 år.

IMG_6662 (269K)  IMG_6662detalj (16K)
Her er medaljen på plass på bunaden, og diplomet er overlevert

IMG_6670 (406K)
Endre Kleiveland, Eli Ulvestad og Synnøve Jørgensen frå Noregs Ungdomslag overrekkjer gåve og blomster til æresmedlemmen sin...

IMG_6678 (77K)
...og Endre dreg til med «Budeiene på Vikafjell»

IMG_6680 (54K)  IMG_6694 (58K)  IMG_6684 (77K)
Helsing frå Sylte og Malme UL, blomster frå BUL og stort kakebord

IMG_6705 (70K)  IMG_6706 (74K)  IMG_6715 (48K)
Sylte og Malme UL, forsterka med dansarar frå BUL, Lyngstad og NU, dansar for Gunnar (foto: Asbjørn Utheim)

IMG_1243 (101K)
Heime på Rødal, april 2009
(foto: Heidi-Iren Wedlog Olsen)
Gunnar har hatt 218.066 born, unge og vaksne på folkedanskursa sine. Talet er frå utgangen av 2008, og han har ikkje slutta enno. Han var tilsett som reiseinstruktør for Noregs Ungdomslag frå 1963 til 1998, men heldt kurs alt frå 1956 av.

Femtiåra var ei tid då dans var svært omstridd på bygdene. Bygdaliv-redaktøren dansa ikkje sjølv då, men hugsar godt spenninga mellom bedehuset og ungdomshuset, og tenkjer i ettertid at Gunnar må ha hatt store mengder tolmod, diplomatisk kløkt og sjølvsagt barnetekke. Eg hugsar også sprekingen som slo stiften i Romsdalsspringar, truleg på NU-stemnet i Skogn i 1974. Det er ikkje mange som gjer det no!

I tillegg til å danse spelar Gunnar neverlur, bukkehorn og munnharpe. På skulebesøk og kurs har han demonstrert og fortalt om desse instrumenta. Dette er nokså eksotisk for moderne ungar, særleg at han lagar dei to første sjølv.

Gunnar Rødal er æresmedlem i Sylte og Malme UL og i Noregs Ungdomslag.

«Den siste eg dansa med, er alltid den beste.»
(Gunnar Rødal, diplomatisk danselærar)

I Oslo i 2007 var Gunnar på NU-stemne for 50. gong:

IMG_6293 (19K)
Gunnar får blomster frå NU...
IMG_6288 (12K)
...og kvitterer med ein pols

Takk til Heidi-Iren for bakgrunnsstoff og eit av bileta. Takk også til dei som peika på at Endre Kleiveland hadde fått feil namn her i den første versjonen.

Andre har også skrive om Gunnar Rødal dei siste dagane:
Mange gratulasjonar til Gunnar (Noregs Ungdomslag)
Kongens fortenestemedalje til Gunnar Rødal (Noregs Ungdomslag)
Kongens Fortjenestemedalje til Gunnar Rødal (Skoften)
Gunnar Rødal (Wikipedia)
Fikk kongens fortjenestmedalje (Romsdals Budstikke)
Kongens fortenestemedalje i sølv til Gunnar Rødal (Fræna kommune)

Oppdatert 8.11.09


Helgesamling for Snu Nordvest

Snu Nordvest-ungdom fylte BUL-hytta i Molde med liv og dans helga 2.-4. oktober. Denne helga var det sangdans, turdans og stordans som var tema, instruktørene var Borghild Opdahl og Anbjørg Myhra Bergwitz. De to unge instruktørene fra Noregs Ungdomslag, fikk gjort mye ut av tiden og sendte litt over 30 slitne ungdommer hjem på søndagen.

Ungdomsringen Snu Nordvest er en fylkesring med ungdommer fra 13 – 20 år som møtes for å danse folkedans. Denne gjengen er etterdønningene etter Rff – senteret sitt «Bygda dansar» prosjekt i Møre og Romsdal. Prosjektet ble avsluttet sommeren 2007, nå driver ungdommene dette videre selv. I løpet av et år samles de 30 - 40 ungdommene 3-4 ganger på ulike steder i fylket for å danse folkedans.

Instruktørene introduserte ungdommene for sangdanser som «Lars Lenkelifot», «Vil du vere venen min», turdanser som «Kørsdans», «Firetur fra Romerike», «Søderlender», «Søt vals» osv. De fokuserte mye på det å danse sangdansene, ikke gå dem. Vi tror alle deltakerne har fått mye å tenke på.

På lørdagen ble ungdommene delt i grupper for å sette seg inn i fire stordanser. De fikk i oppgave å dramatisere innholdet, og vise det som underholdning på lørdagskvelden. Ungdommene var kreative og fantasien var stor. Stordansene fikk et utrykk med moderne tolkning, med nye navn på personer, med groteske scener og med søte avslutninger. Kreativt! =)

Styret i Snu Nordvest synes det er viktig å presentere lokal folkemusikk for ungdommene sine, derfor prøver de å skaffe «ekte» musikk på lørdagskveldene. Dette har blitt en suksess og et positivt innslag, – det finnes jo så mange ressurser i fylket. Dermed fikk ungdommene besøk av «Werner Barth», ei lokal gruppe med kjente musikere: Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen og John Trygve Villa. De hadde et drivende spill som fenget ungdommene, det ble fin stemning og mye dans, og vi tror musikerne koste seg også.

Det hele ble en fin og lærerik helg. Takk til instruktørene og «Werner Barth» som har vist ungdommene mer av folkedansen og folkemusikken. Ungdommene er klar for neste helg!

Anna044 (89K) Anna003 (143K)
Anna171 (340K)

Tekst og bilete: Anna 12.10.09


Nordlek dag for dag

Tre veker etter Nordleik i Lahti er det vel på tide å komme såpass til hektene at Bygdaliv kan vise nokre bilete. Mange nettstader har bilete frå Nordleik (sjå nedafor), men her kjem nokre utvalde med folk som vi kjenner.

Tysdag 30. juni

IMG_5076 (149K) IMG_5085 (129K)
Oppstilling til opninga

IMG_5107 (191K)

IMG_5116 (160K)
Det var alltid eit BUL-bord i Lahti Halli

Torsdag 2. juli

IMG_5154 (195K)
Sans for dans leverte ei forrykande forestilling både torsdag og fredag. Her er dei litt avslappa. Svein Oskar til venstre, Anna Liv nr. 4.

Fredag 3. juli

IMG_5166 (120K)
Denne lunsjen ser tvilsam ut...

IMG_5168 (192K)
...men stemninga er god...

IMG_5172 (142K)
...og kaffien framifrå

Laurdag 4. juli

IMG_5238 (120K)
Endå meir eting...

IMG_5243 (144K) IMG_5258 (121K)
...før vi stiller i stemnetog...

IMG_5271 (145K)
...men kvar skal vi no?

IMG_5275 (220K) IMG_5281 (97K)
Hit! (Anne Lise tok det lange biletet)

IMG_5294 (127K)
Det er også nokon som marsjerer inn...
IMG_5301 (193K)
...og finn plassen sin på grasmatta

Dei fleste av oss var med på å danse dei norske samdansane på hovudstemnet, så der har eg ingen bilete. P.g.a. ein glipp var det mange som ikkje fekk med seg den nordiske øvinga og samdansane, men det var flott å sjå på!

Andre bilete

Berre blant BUL-folket++ finst det sikkert tusenvis av bilete frå Lahti-dagane (sjølv har eg ca. 350). Oddveig gjorde video-opptak, og det same gjorde eg, med enklare utstyr, men eg har nokre fine scener med Sans for dans og finnar i menuett. Til hausten, når vi har fått organisert alt saman, blir det nok ei mimresamling.

I mellomtida: Dei som vil dele bileta sine med andre, kan sende ein CD eller papirbilete til meg, så legg eg alle på ein samle-CD (eller DVD) og kopierer opp. Dette er til privat bruk (f.eks. album), offentleggjering må avtalast spesielt. Kom gjerne med bileta på den første leikøvinga, onsdag 9. september. (Rauma-folket kan sjølvsagt bruke post.) Vi gjorde det på same måten etter Havleik i fjor.

Anna stoff frå Nordlek 2009 (send meg fleire tips):

Noregs UngdomslagOppsummeringsartikkel med lenker vidare til ein del bilete
www.nordlek.fi«The web page you are trying to view has exceeded it's monthly traffic quota.» Det har vore meldinga på denne nettstaden i store delar av juli. Nettrafikken har altså vore større enn dei har betalt for. Vi får håpe dei har ny kvote i august.
www.folkedans.comNettstaden til Vebjørn Bakken har mange bilete frå ballet og andre delar av stemnet, rimelegvis med Symra-slagside. Dei som ser godt etter, kan finne BUL-folka på stadion.
YoutubeEi gruppe frå Skåne dansar reinlender med ljåar og river.
Nokon har piratfilma og lagt ut den danske forestillinga i Sibeliushallen. Dansinga er iallfall god.
For å finne fleire filminnslag, skriv nordlek 2009 i søkefeltet i Youtube. Kvaliteten er nokså blanda.
folkemusikk.noArtikkel om Sans for dans og forestillinga !GRYMT
kuvaboxi.fiNokre bilete frå Nordlek, tekst på finsk. Kirsten er med på eit av bileta, med studie av stakkekant!
Norsk senter for folkemusikk og folkedansLite konkret enno, men dei skal ha gjennomført eit forskingsprosjekt under stemnet.

Delvis oppdatert 1.9.09


Leikøvingane vinteren og våren 2009

Øvingssesongen er no slutt, men her kan du sjå tilbake på korleis det var:

14. januarTurdans / songdans14 frammøtte, dessverre berre 3 karar, men det er utruleg kva damene kan få til, både treturar og anna.
21. januarRil / songdans19 frammøtte, av desse 7 karar. Held det fram slik, så kjem karane snart i fleirtal! Denne gongen var dansarane så flinke at Irene slapp opp for program, og det er ikkje ofte.
28. januarStildans18 frammøtte, 1/3 karar. Menuett frå grunnen av, repetisjon av Sekstur II og Fransese.

AnneLise068 (18K) AnneLise071 (13K)
Kirsten har utruleg nok fylt 60, og får gåve frå BUL (foto: Anne Lise)

4. februarStildans17 frammøtte, av desse 6 karar. Pas d'Éspagne og repetisjon av Kvadrilje, Fransese og menuett. To timars konsentrasjonsprøve for dansarane, og kva er det då for Irene, som dirigerer oss gjennom det?
11. februarBytedansar15 frammøtte, av desse 6 karar. Små og store bytedansar, m.a. Hambo från Nissebo og diverse songdansar. Ein serie treturar avslutta kvelden.
Tysdag 17. februar kl. 19.15Vi besøker Rauma leikarringSjukdom herjar, så det var berre 5 frå BUL som reiste til Rauma. I alt 19 dansarar (eitt treturoppsett i reinlender, rekn ut resten sjølv). Rauma spelemannslag med 10 musikarar skapte drivande god musikk, og det var stort kakebord.
18. februarDansar frå Austlandet11 frammøtte, av desse 4 karar og 2 ungdommar. Øving i diverse turdansar og rekkedansar - med korte rekker. Litt menuett mot slutten.
25. februarVinterferie, ikkje øving 
4. marsDansar frå Trøndelag19 frammøtte, av desse 7 karar. Utruleg kor mange dansar trønderane har funne på, og nokre av dei kan vi snart, når berre Irene minner oss på turane. Sekstur, Tridans, Fandango frå Ogndal, Hopser med og utan vals og nokre andre går som...ein dans, og jamvel Honnfeiv glir bra.
11. marsDansar frå Sørlandet15 frammøtte, av desse 7 karar. Sørlandet er alltid Totur frå Holt og Ril frå Vegårshei, men i kveld var det også Pas d'Éspagne, Tridans, Hopser med vals, Sekskrossedans og mykje anna.
18. marsRekkedans / songdans12 frammøtte, av desse 4 karar. Kanskje nokon heldt seg heime fordi dei var redde for Honnfeiv, i så fall til inga nytte, men her var det mellom anna Virginia Reel, Sekstur II, Hopser, Menuet från Osaivas, Fransese og diverse songdansar. Innimellom rakk vi ei gjennomkjøring av framsyningsprogrammet til måndag.
25. marsDansar frå Vestlandet14 frammøtte, av desse 5 karar. Vestlandet rakk i kveld frå Rogaland med Åttepardansen for seks par til Nordmøre med Gilleråsen og Tremannsril. Innimellom var det korsedans og krossedans for tre, seks og ni, Tretur frå Strandvik, Feiar frå Hordaland, Romsdalsspringar, Stigelin, Nordmannen, seiegrunnen og diverse anna, med trønderdansen Honnfeiv som ekstra utfordring.
1. aprilNordiske dansar16 frammøtte, av desse 7 karar. I Norden finn vi m.a. svensk Hambo (vanleg og bytedansen frå Nissebo), Jubileumsvals og Engelska, norsk Eikerril, dansk Oxekow og finsk Nyykytys og Menuett.
8. aprilPåskeferie, ikkje øving 
15. aprilDet nordiske samdansprogrammet til Nordlek i Lahti13 spelemenn + dansarar frå Rauma. I alt 31 dansarar, av desse 12 karar. Gammaldans med innslag av bygdedansar (10 par i Romsdalsspringar) og sving. Stort kakebord. Sjå bilete og omtale annan stad i Bygdaliv.
22. aprilDet norske samdansprogrammet til Nordlek i Lahti11 frammøtte, av desse 5 karar, den beste kjønnsfordelinga på lenge. Danseprogrammet var nordisk, overført frå 15. april: Gammel Sekstur (Danmark), Tunnan valt (Island), Firetur i rekkje (Noreg), Åttamannadans (Sverige) og finsk menuett.
29. aprilSamdansprogram for folkekulturfestivalen på Hamar15 frammøtte dansarar, av desse 5 karar. Det er ikkje noko samdansprogram for Hamar, så det vart meir Nordlek: Åttemannadansen, Gammel Sekstur, Sex bussar, Firetur frå Ringerike, Stjernetur frå Hobøl, Trondheimar, Feiar frå Hordaland og til slutt litt menuett. Somme (les: Sylvfest) trampar og klappar omtrent på dei rette stadene. Innimellom: kake og sesongavslutting.

IMG_4608 (29K)
Deltakarane kosar seg med kaffi og kaker og ser på at...

IMG_4609 (20K) IMG_4612 (24K)
...Irene har fått blomster og gåve som takk for god rettleiing

IMG_4611 (24K)
BUL-veteran og revisor Arild er innom, f.t. ikkje dansefør, men her i samtale med Oddveig

IMG_4618 (29K)
Feiar frå Hordaland, vanskeleg å halde plassen i så liten ring

Takk til Randi Irene for nokre av bileta.

17. juniEkstraøving for NordleikFrammøtte var 15 av dei 16 Nordleik-fararane pluss nokre reservar, i alt 19. Program omtrent som 29. april, pluss Gilleråsen i større fart enn vi har brukt før. Denne øvinga trong vi!

Her er programmet slik Irene sette det opp ved sesongstart. Som vanleg vart det nokre endringar.

Oppdatert 18.6.09


Røros-leken

Det var ikkje mange BUL-folk på Røros denne gongen, men vi kostar på oss ein liten omtale likevel. 100-200 deltakarar (varierte litt) dansa kanskje 20 polsar i timen fredag kveld, laurdag føremiddag, laurdag kveld og søndag føremiddag. Det blir mange våte skjorter, det!

Her er nokre glimt frå leikfesten laurdag 2. mai:

IMG_4619 (139K) IMG_4622 (123K)
Lyngstadianarar til bords

IMG_4630 (107K) IMG_4631 (100K)
Populært kakebord, men ikkje alle får (eller vil ha)

IMG_4640 (148K)
«Stolt Signhild»

AnneLise057 (227K)
«Det står ein friar» (foto: Anne Lise). Under pila er faktisk ein BUL-medlem.

Søndag føremiddag, innimellom Rørospolsane, framførte Kattsmygarlaget frå Tingvoll ei gneistrande framsyning. Først tre par i Todalspols, så ein Gillerås med fem (!) par i Todalstakt, med hælklapp, hoiing og hopping, og til slutt ein dobbel reinlender i same stil. Bygdaliv hadde dessverre ikkje kamera for handa. :-(

3.5.09


Dansekveld med Rauma spelemannslag

«Dei spela Vengedalsvalsen så knapt ei skjorte var tørr.» Eg lova forsamlinga å skrive det i Bygdaliv, og det er vel ei passeleg upresis oppsummering av kvelden.

Skjortene var sjølvsagt våte lenge før den siste valsen. Særleg på karane, som også denne gongen var i mindretal. Men med slik musikk er det berre å stå på og få alle damene på golvet etter tur. Det finst mange gode spelemannslag, men Rauma har ein ekstra snert i spelet som inspirerer dansarane. Dette må vi gjere om att, gjerne som Valter sa: «minst to gonger i året.»

Tusen takk til Rauma spelemannslag, kakebakarane og alle som gjorde dette til ein stor dansekveld!

IMG_4582 (41K)
Stilstudie av spelemenn...

IMG_4589 (46K)

IMG_4587 (43K)
...og av svingdansarar

IMG_4595 (24K) IMG_4594 (24K)

15.4.09


BUL viser seg fram

Fire par dansarar frå BUL tok seg fri frå arbeid og andre plikter ei føremiddagsstund for å underhalde turistar på Romsdalsmuseet.

Det er ikkje så ofte BUL dansar framsyning; dei siste åra har vi vel gjort det fleire gonger i Tòrshavn enn i Molde. Denne gongen høvde det slik at Saga Ruby kom på vinterkrus 23. mars; barneleikarringen hadde ikkje opna sesongen enno, og Molde & Romsdal Guideservice spurde BUL om hjelp.

Dermed fekk 36 humrande og hutrande engelske turistar sjå reinlender, Åttetur med mylne, Firetur frå Romerike, Gilleråsen, Oppdalsril, Romsdalsspringar, Krabbelur og til slutt ein Rørospols. Torill fortalde innimellom om dansar og bunader og song eit par stubbar. Med Britt Elise på fele veit vi at det går bra.

23.3.09

IMG_4574 (29K)
Hammervolløa var kald, men dansarar held varmen. Frå venstre Frøydis og Byrge, Marte og Noralv, Kirsten og Jonn. Lars bak kameraet, Torill og Britt Elise utanfor biletet.

Dans på Åndalsnes 24. januar

Laurdag 24. januar var det dansekveld i Rauma kulturhus, arrangert av ein privatperson. De Frilynte frå Ski, Valldal spelemannslag og Rauma spelemannslag spela til dans, alt frå reinlender og pols til tango og sving. Det var musikk med driv i, og særleg kraftig fylde når alle laga spela saman.

Ni BUL-folk hadde teke turen over. Rauma leikarring saman med BUL viste fram Romsdalsspringar, Gilleråsen og Tremannsril frå Aure. Før det hadde ei stor gruppe frå Seniordansen i Rauma vist eit program, og det var nokre songnummer som dansarar i venteposisjon på gangen dessverre ikkje fekk høyre. Etter framsyningane var det fri dans med dei tre laga på skift og i samspel. Det var jamn aktivitet og god stemning på golvet i fire timar, heilt til siste ekstranummer ved halv eitt-tida.

IMG_4415 (57K)
Rauma spelemannslag

IMG_4446 (51K)
Alle laga på ein gong

IMG_4440 (24K)
«Å, eg ser på deg?» Nei, tremannsril (foto: Frøydis)

Sjå også bileta frå rbnett (Budstikka).

Oppdatert 25.1.09

Vestlandsspringar i Surnadal

Friske opp vestlandsspringaren? Eller lære han frå grunnen av? Eit tjuetal dansarar frå Surnadal, Tingvoll og Valsøyfjord, pluss to frå Molde og etter kvart ein journalist frå Driva, møtte opp i Surnadal kulturhus i helga 17.-18. januar.

Driva1 (11K) Driva2 (17K) Driva3 (26K)
Instruktør Kåre Gausnes med konsentrerte dansarar. Foto: DRIVA ved Magne Lillegård

Spelemann var Britt Elise Skram, som vi kjenner frå Havleik og andre samanhengar. Sjå fleire bilete frå Driva.

Oppdatert 20.1.09


Lyngstad i hundre

Lyngstad ungdomslag fylte 100 år laurdag 10. januar, og feira med fest på Solvang ungdomshus. Bygdaliv har eksklusive bilete frå festen!

Randi010 (35K)
Kjentfolk frå Lyngstad leikarring oppstilte til dans

Randi017 (18K) Randi018 (18K)
Dette liknar på Gammal reinlender!

Randi019 (15K) Randi021 (38K)
Snuspolka?

Noralv156 (36K)
Molde-folket har det bra
Noralv157 (19K)

Takk til Randi Irene for bilete av dansarane og Noralv av publikum. Sjå også bileta i Tidens Krav og rbnett (Budstikka).

Oppdatert 25.1.09


Grasrotandel til BUL

Tippar du, eller spelar du Lotto, så kan no la litt av innsatsen gå til BUL. Du vinn akkurat like mykje (eller lite) som før, men 5 % av pengane du spelar for, blir inntekt for BUL. Dette gjeld alle spela til Norsk Tipping, bortsett frå Flax og Extra.

Bygdaliv-redaktøren er ikkje ekspert på tipping og spel, men har forstått det slik at ein no bruker spelarkort. Hos kommisjonæren eller ved registrering på nettet skal du oppgje at Bondeungdomslaget i Molde skal få di støtte, eller du kan oppgje organisasjonsnummeret 993 469 467. Når du først har registrert dette, treng du ikkje tenkje på det for kvar speleomgang, resten går av seg sjølv.

Ordninga starta frå 1. mars 2009, men gjeld alt det du har spela for sidan årsskiftet. Meir informasjon hos Norsk Tipping.

Styret i BUL reknar med at alle dei medlemmene som ikkje vågar seg ut på dansegolvet, lever eit spennande liv på andre måtar, slik at BUL no får tippeinntekter på kr. 50.000 i året. (NB: Dette var ein spøk, men berre så det er nemnt: Dei som ikkje tippar, kan gje 100 % til BUL.)

Til no er BUL registrert med grasrotinntekter på kr. 401. Takk til dei to spelarane. Følg med sjølv hos Grasrotandelen (vel Organisasjonsnummer, lim inn 993469467 og trykk på Søk).

Oppdatert 6.12.09

     Grasrotandelen_logo_RGB (3K)