Bygdaliv 2010

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2010. Vil du heller gå til hovudsida?


Årsmøtet

Årsmøtet i BUL vart halde på Reknes onsdag 1. desember 2010. Her er innkalling med saksliste, årsmelding frå AU og det offisielle referatet.

Det vart debatt om vedlikehaldet av hytta, særleg takreparasjon og vassforsyning. Konklusjonen er at hyttestyret har fullmakt til å bruke pengar av fondet sitt. På Reknes går drifta greitt, men når det blir ledig plass i 2. etasje, bør det inn nye leigetakarar der. Det er forslag om auke i den husleiga BUL betaler.

Torill Steien gjekk ut som vara til AU, og inn kom Randi Irene Sylta. Elles var det attval i alle verv. Blomster vart delte ut til danserettleiaren, AU med vara, styremedlemmen for hytta, rekneskapsføraren og styreleiaren for Reknes.

I etterkant av møtet var det ein uformell prat om aktiviteten i BUL. Nokre stikkord:

  • Ingen stor utanlandstur sommaren 2011. Mange vil nok til Bodø på Folkedansfestivalen. Det er interesse for eit felles overnattingsopplegg der. (Elles er det mange interessante festivalar og stemne, sjå kalenderen.)
  • Danserepertoar: Omtrent som no. Det er ikkje stemning for å satse meir på balldansar (stildansar).
  • Hyttehelger og samarbeid: Sylte og Malme vil arrangere dansedag 5. februar, og det kan passe at BUL følgjer opp med hyttehelg tidleg på hausten. Fellesøvingar med Rauma leikarring bør halde fram. Det er også kontakt med Romsdal spelemannslag om fellesøvingar.
  • Rekruttering: Innflyttardagen er ein plass å vise seg fram. Det bør planleggast i 2011.
  • Bygdaliv: Treng ny nettleverandør og helst ei betre teknisk plattform. Fint om nokon vil hjelpe til med skriving og ikkje minst med utforming.

Oppdatert 20.1.11

IMAG0013 (78K)
Mat må til

Leikøvingane hausten 2010

Øvingssesongen i BUL starta onsdag 1. september og og held fram til 24. november, alle onsdagar så nær som i haustferien, kl. 19.30 i Reknes Ungdomshus. Nye og gamle dansarar er velkomne!

1. septemberTurdansIrene hadde forfall, men Heidi-Iren gjorde ein framifrå jobb med turdansar frå Møre og Romsdal, og Randi Irene lærte bort "Vilda Mathilda". Bra det er mange som heiter Iren(e)! 11 dansarar pluss "Skybertine", noko skeiv kjønnsfordeling, får ein seie.
8. septemberByttedansar?14 frammøtte snakka saman om korleis vi kjende Noralv, og dansa litt.
15. septemberNordiske dansarNok dansarar til to kvadriljeoppsett. Nyykytys, Oxekow, Åttemannadansen, Menuett från Oravais og litt meir. (Sjå menuetten på Youtube, framført av Pargas Folkdansare. Nokre av dei kjenner vi frå diverse stemne!)
22. septemberVestlandsdansarTreturar frå heile landsdelen, Sekskrossedans, Sunnmørsreinlender, Nordmannen og nokre til. Vilda Mathilda passar inn overalt. 14 dansarar.
29. septemberTrønderdansar17 dansarar fekk m.a. repetert Honnfeiv, Firetur 2 og Sekstur 2. Fireturen var den som på mystisk vis vart borte frå det norske programmet på Island.
6. oktoberHaustferie, inga øving 
13. oktoberDansar frå Nord-Noreg15 dansarar kom m.a. gjennom Nordlandspols. No er det berre å gle seg til Folkedansfestivalen i Bodø neste år.
19. oktoberFellesøving med Rauma Leikarring i Isfjorden21 dansarar, av desse 11 som kom med ferja, og heile Rauma Spelemannslag. Det svinga!
20. oktoberInternasjonale dansarAVLYST fordi vi reiste til Rauma kvelden før.
27. oktoberSamdansar til leikfest i Malmefjorden13 dansarar fekk prøve både samdansar og internasjonale dansar
3. novemberDansar i rekke28 dansarar frå Rauma, BUL, Sylte-Malme og Lyngstad
10. novemberDansar frå Austlandet16 dansarar i lange og korte dansar frå det utvida Austlandet
13.-14. novemberDansehelg på BUL-hyttaDet meste av Isleik-gjengen, i alt 27 frå Rauma, Molde, Fræna, Gjemnes, Eide, Averøy og Bergen, brukte helga på parhalling, rekkedansar og kvadrilje, og til å sjå på bilete frå Island. Ca. 12 overnatta. Alle stilte på mat- og ryddedugnader.

Stemninga var fin, og lovar godt for fleire hyttehelger!

IMG_3066 (118K)
Det er best tid til å fotografere måltid...
IMG_3068 (78K)
...og sko som kviler ei stund
17. novemberDansar frå Sørlandet11 dansarar dansa på skift totur, tretur og diverse andre turar, m.a. alle fem i Kvadrilje. (Sørlandet er stort.)
24. novemberKvadriljer10-12 dansarar på skift i den vanlege kvadriljen, både i fullversjon og i forkorta framsyningsvariant, og dessutan to turar av Lanciers frå Vardø. Det vart også tid til nokre polsar og ein menuett.
IMG_3066 (118K)
5. tur i kvadriljen
IMG_3110 (76K)
Irene fekk gåve som takk for fin instruksjon også dette halvåret (foto: Anne Karin)

Her er øvingsprogrammet som plakat, slik det var sett opp frå starten.

Oppdatert 5.12.10


Program for nabolaga

Leikarringen i Sylte og Malme UL har hatt eit aktivt semester. Øvingane er på bygdahuset Vonheim i Malmefjorden dei fleste søndagar. F.o.m. 31. oktober er det kl. 19.30-22. Her er nokre høgdepunkt i programmet:

26. septemberPolskveld med Rune Hanem og Kattsmygarlaget frå Tingvoll.
Kvelden vart i stor grad ei øving i samdans, i det å føre og bli ført, jamvel med bind for augene, å lytte til partnaren.
24. oktoberRomsdalsspringarkveld med Kerstin og Palmer Løkseth
18 dansarar med varierande førehandskunnskapar fekk øve på springarsteg framover og rundt (sjølvsagt i fræntradisjon) og fire ulike vendingar under armen. Så er det berre å praktisere vidare!
30. oktoberLeikfest AVLYST
19. novemberKonsert med Majorstuen og Romsdal Spelemannslag

IMG_3089 (86K)   IMG_3090 (99K)
Andreas Ljones og Jorun Marie Kvernberg i samspel

4. desember100 års-jubileum for ungdomslaget

På programmet stod elles både swing, tango, nordmørspols, dansar frå diverse landsdelar og ikkje minst øvingar til jubileumsframsyningane.

Rauma leikarring har øvingar på tysdagar kl. 20-22 i Ungdomssalen ved samfunnshuset i Isfjorden.

Lyngstad leikarring har øvingar på torsdagar kl. 20-22 i ungdomshuset.

Oppdatert 8.12.10


Aktuelt

Under denne overskrifta har vi notisar og lenker om saker som ikkje direkte vedrører BUL, men som vi gjerne held oss orienterte om. Kom gjerne med tips!

Konsert med Frikar

«Alle» dansarar i Molde var visst i Bjørnsonsalen 11. november, og fekk sjå ei forrykande forestilling. Vi skal aldri meir klage på at Honnfeiv er vanskeleg! Bygdaliv hadde ikkje kamera, men vi kan sjå bilete hos Romsdalsmuseets Leikarring.

11.11.10

Ajajaj for ei helg - fart, dans, smil og lek!

Ungdom fra Møre og Romsdal var helga 15.-17. oktober innvitert til helgesamling i Ungdomsringen Snu Nordvest. Sted var Velledalen Grendahus og det kom deltagere fra Molde, Hellesylt, Ørsta, Vatne og Sykkylven. Instruktører var Svein Are Vatnehol, Vidar Underseth, Mathilde Øverland og Anna Gjendem - til sammen fikk ungdommene lære både springar fra Nordre-Sunnmøre, halling, skorsk, reinlender, tremannsril, storbytar + triks. Dette var ei samling med mye fokus på de lokale dansene vi har i fylke, noe som er veldig viktig for ungdomsringen.

Ellers på samlinga var det mye lek og dans, og de siste timene med halling var utfordrende både for de som hadde sovet mange timer og de som ikke hadde sove fullt så mye.

På lørdagskvelden hadde vi ei mini-gokartevling, tre øvelser - der alle stilte i alt. Snu Nordvest-mesterne ble: Anette i trenåla, Kenneth i "rundhopp" og Pål i strekkekalveskinn - vi har luftet ideen om å ha en litt mer offisiell konkurranse på fylkeskappleiken til våren - så nå er det bare å øve!

Trøtte og fulle av nye inntrykk satte de seg på bussen hjem - vi har allerede fått spørsmål om når neste samling blir =)

Takk til instruktørene og all hjelp under samlinga!

Hilsen Snu Nordvest

21.10.10

sykkylven1 (51K)
Foto: Snu Nordvest

VM i Rørospols

7 dansarar frå BUL og SMUL la vegen til Vauldalen i helga 8.-10. oktober. Ingen av oss deltok i VM-tevlinga, men mange timar med pols vart det likevel.

Vauldalen, eller Voilldalen som dei lokale seier, er ei vindfull grensebygd med tollkontor og hotell, og forsamlingshus med eit fantastisk parkettgolv i ein ombygd butikk. Hit kom polsarar frå Feragen og Ålen, Glåmos og Røros, Molde og Ørsta, Sverige og Nederland. Med ein viss rett kan vel «VM» seiast å stå for verdsmeisterskap, ikkje berre Vauldals-meisterskap.

18 par deltok laurdag kveld i tevlinga, som stilte store krav til kondisjon: 40 minutt med pols, 20 minutt pause, 30 minutt pols for dei ni beste para, 15 minutt pause og til slutt 30 minutt pols for fem finalepar. Til overmål la dommarane vekt på danseglede, og ikkje minst til å meistre dei vanskelege gammalpolsane i finalen. Dette var nok verdsmeisterskap, ja, sjølv om det ikkje kom sms frå kongen.

Laurdag føremiddag var det kurs i pols. Kurshaldarane, som same kveld skulle vinne publikumsprisen i tevlinga, la like stor vekt på samdans og samspel, å føre og bli ført, som på finpussa steg. Pussig nok står det noko liknande eit par andre stader i Bygdaliv no, så dette er ein tendens i tida.

Media om VM:
Nea Radio
Fjell-Ljom

14.10.10

Nettverk for historisk dans i Norge

har laga Primstaven, liste over ball og andre aktivitetar i 2010-2012. Nettverket har tidlegare brukt ordet «stildans», men er no på gli over til «historisk dans». Det meste av aktiviteten er på Austlandet, men også på Klepp i Rogaland er det ei gruppe. Dei næraste balla, sett frå Molde, er på Hamar 15.1.11 og på Toten 9.4.11. Elles blir det planlagt ball under Nordleik på Steinkjer i juli 2012. Kontaktperson for nettverket er .

Andre dansemiljø arrangerer også ball, og med danselister som liknar meir på programmet for BUL: Totur, firetur, sekstur, åttetur, Stjernetur, Fransese, Lanciers, osv. Eit slikt ball var i Farsund 28. august. Tips Bygdaliv dersom det skal vere noko nærare!

18.11.10

Fylkeskappleik på Åndalsnes

16.-18. april 2010 var det fylkeskappleik i Rauma Kulturhus på Åndalsnes, arrangert av Rauma Spelemannslag. På nettstaden deira er det resultat og bilete.

Laget kom sjølv på andreplass av åtte i tevlinga Lagspel med komp senior, like etter Valldal Spelemannslag. Denne tevlinga gjekk for seg seint laurdag kveld, med dansarar på golvet.

Her er nokre glimt frå kulturkvelden laurdag:

IMG_0494 (60K)
Dagfinn Nupen bles i lur til opninga

IMG_0539 (105K)  IMG_0543 (125K)
Framsyning ved Rauma leikarring

IMG_0545 (141K)
Rauma i lagspel om kvelden

Oppdatert 22.4.10

Spelemannstreff på Åndalsnes

Påtenkt treff hausten 2009 vart utsett til vinteren: Laurdag 30. januar 2010 kl. 20.00 i Rauma Kulturhus. Heile fire spelemannslag var med: De frilynte (Ski), Rauma, Romsdal og Valldal.

Bygdaliv kom seg dessverre ikkje på treffet, men andre dansarar fortel at det var svært god musikk - og god plass på golvet. Kanskje spelemannstreffet neste år bør vinklast også som eit dansartreff?

Oppdatert 4.2.10


Noralv er død

Det er med sorg vi har fått meldinga om at Noralv Bell døydde 2. september. Noralv var leiar i BUL i åra 1993-96. Han hadde også andre tillitsverv fram til 2009, då sjukdommen tok alle kreftene.

IMG_2741 (24K)
På båten til Færøyane 2008

Noralv kom til Molde i 1987, og var i alle desse åra aktiv dansar i BUL. Han hadde bakgrunn frå kurs, instruksjon og kappleik andre stader, og var svært kunnskapsrik. Når nokon var i tvil om eit steg eller eit tak, var det berre å sjå kva Noralv gjorde. Han var den beste.

Gravferda var frå Røbekk kyrkje fredag 10. september kl. 13.00. Etterpå var det minnesamvere på Reknes ungdomshus.

Arbeidsutvalet i BUL, oppdatert 12.9.10

IMG_2112 (21K)
På årsmøtet 2007


Rundsnu på Mo

«Er du vaksen, har erfaring frå folkedans og er interessert i å utvikle, finslipe og fordjupe deg i denne? No har du sjansen å melde deg på eit eineståande kurs [...]"

Bygdaliv-redaktøren og fem andre frå BUL/SMUL og Rauma greip denne sjansen, og kan skrive under på at kurset var fantastisk lærerikt, sikkert også eineståande. Vi fekk øve inn ein rundsnu-stil der begge partar har eit likestilt ansvar for å komme rundt, og med minimal bruk av muskelkraft. For å komme dit, la Ami Petersson Dregelid stor vekt på kroppsføring både åleine og i samdans. Den utruleg gode musikken frå fela til Ellika Frisell skulle forplante seg til føter, skuldrer, fingrar og alt imellom. Vi lærte mykje om å analysere dansen, musikken og samspelet.

IMG_2313 (23K)
Ami har teikna ulike dansestilar

Det vart etter kvart mange detaljar å halde greie på, og fem dagar gjekk fort. Somme av oss treng kanskje å ta kurset om att. I mellomtida får vi prøve "sofakroken" og "gasspedalen" på dansepartnarar som ikkje har vore på kurset, men som kanskje får lyst til å dra dit.

Staden var Mo og Jølster vgs i Sunnfjord, og tida var 1.-6. august 2010. Dette kurset i dans for vaksne har no vore halde tre gonger, i år med 15 deltakarar, og alt tyder på at det blir nytt kurs neste år. Den same veka var det kurs i spel for born og unge, med 50-60 deltakarar. Nokre av dei får vi heilt sikkert høyre meir av i åra framover. Les meir på nettsida til Mo-kurset og brosjyra for dansekurset.

Oppdatert 12.8.10


Ísleik 2010

30 personar frå Molde, Fræna, Eide, Averøy, Rauma og Bergen var på tur saman i juli. Reisemålet var Ísleik 2010, eit stemne av Nordleik-typen, men mykje mindre enn Göteborg og Lahti, meir likt Havleik på Færøyane. 10 av deltakarane var frå Rauma Leikarring, 1 frå Sylte/Malme og resten frå BUL (medrekna dei som var medlemmer fleire stader).

Dette var ei gruppereise for individualistar: Vi kom og reiste på ulike tider, og var med på ulike aktivitetar. Det vi hadde felles, var å bu i lag, fordelt på to stader, og dei fleste var med på framsyningar i Reykjavík. Elles var alle på dansegolvet, saman med mange andre.

Islendingane hadde laga eit innhaldsrikt turprogram med i alt 13 turar rundt om i landet. Nordvestlendingar kom seg til Nordvestlandet (Vestfjarða) og Mývatn, til Þingvellir og Reykholt, til Langjökull og Vestmannaeyjar, til Landmannalaugar og Bláa lónið; dei var på hesterygg og kvalsafari. Vulkanane heldt seg i ro, og Eyjafjallajökull kunne vi berre skimte oppi skyene. Men hraun (lava) var det overalt.

Laurdag 10. juli var det framsyningar rundt om i Reykjavík. BUL++ dansa på Ingolfstorg og Lækjartorg. Programmet var som på Havleik: Tretur frå Aure, Oppdalsril, Gilleråsen (3 oppsett), Stigelin, Mellom bakkar og berg, Lars Lenkelifot, Rørospols, Krabbelur (2 oppsett) og Springdans frå Romsdal. På opninga av stemnet i Háskólabío laurdag ettermiddag var to par med i den norske pols-framsyninga. Derimot var ingen av oss med på den norske delen av nordisk framsyning onsdag 14. juli. Det vart for lite tid til å øve etter at danseprogrammet var lagt om kort tid før stemnet.

Om kveldane var det nordisk dans, der dei ulike landa skifta på å instruere. Her var det mykje å lære! Kanskje nokre av dansane kjem att i leikøvingane her i distriktet utover hausten? (Ikkje sei det til nokon, men vi har nokre video-opptak til støtte.)

Leiligheitene i Laufásvegur og Vífilsgata fungerte, men i Vífilsgata var det nokre problem, og litt lang veg til stemnesenteret i Hagaskóli.

Bygdaliv-redaktøren takkar alle deltakarane for fantastiske dagar og god stemning!

RIS-Island-2010-203 (60K)
Frå Langjökull. Fotograf ukjend, men kameraet tilhøyrer Randi Irene. Fleire bilete skal komme etter kvart.

Oppdatert 31.7.10


Etter Ísleik?

Så vellykka som dette var, må vi gjere noko etterpå.

Det opplagte er å ha ein mimrekveld, sjå på bilete og kanskje prøve nokre av dansane att. Det er forslag om å kombinere det med ei dansehelg på BUL-hytta til hausten. Følg med her i Bygdaliv.

På ein felles mimrekveld rekk vi berre å sjå på eit lite utval av bileta. Dei som har vore på tur saman, eller på annan måte har brukt kameraet på kvarandre, bør utveksle bilete, eller samlast og sjå dei i lag.

I 2012 blir det Nordleik-stemne på Steinkjer, men i 2011 er det ikkje noko stemne av den typen. Mange ønskjer seg ein fellestur også i 2011, og det har kome nokre forslag som laga må diskutere vidare.

31.7.10


Ísleik-programmet

Vi tek med programmet her, sjølv om stemnet er slutt.

Måndag 5. juli Deltakarar til tur 1 kjem, skuleinnkvartering
Tysdag 6. juli 09.00 Avreise tur 1
Onsdag 7. juli Deltakarar til tur 2 og 3 kjem, skuleinnkvartering
Torsdag 8. juli 07.00-08.00: Frukost
08.00: Avreise tur 2 og 3
18.30-20.00: Vanlege deltakarar til Isleik kjem, kveldsmat
Fredag 9. juli 07.00-08.00: Frukost
09.00-12.00: Tur 11, 12 og 13
17.00: Retur frå tur 1, 2 og 3
18.30-20.00: Kveldsmat
20.30-24.00: Nordisk dansekveld
Laurdag 10. juli 07.00-08.00: Frukost
09.00-12.00: Tur 13
12.00-13.00: Lunsj
13.30-16.00: Fri dans i byen
15.00-16.00: Spelemannsmusikk til dans
17.00-18.30: Opning
19.00-20.00: Kveldsmat
20.30-24.00: Nordisk dansekveld
Søndag 11. juli 07.00-09.00 Frukost
11.00-12.00 Nordisk gudsteneste
12.00-13.00 Lunsj
14.00-16.00 Framsyningar i Árbær-museet
17.00-18.30 Nordisk spelemannsmusik
19.00-20.00 Kveldsmat
20.30-24.00 Nordisk dansekveld
Måndag 12. juli 07.00-08.00 Frukost
08.00-18.00 Tur 7 og 8
09.00-12.00 Tur 10
14.00-18.00 Tur 12
18.30-20.00 Kveldsmat
20.30-22.00 Nordisk songkveld
22.00-24.00 Nordisk dansekveld
Tysdag 13. juli 07.00-08.30 Frukost
08.00-18.00 Tur 5 og 6
09.00-15.00 Tur 9
14.00-18.00 Tur 10
18.30-20.00 Kveldsmat
20.30-24.00 Nordisk dansekveld
Onsdag 14. juli 07.00-08.30 Frukost
08.00-18.00 Tur 4 og 8
14.00-18.00 Tur 12
15.00-17.00 Foredrag om folkemusikk på Island
17.30-19.00 Kveldsmat
20.00-22.00 Nordisk framsyning på scene
22.30-24.00 Nordisk dansekveld
Torsdag 15. juli 07.00-08.30 Frukost
08.00-18.00 Tur 5
08.00-12.00 Tur 11
12.00-13.00 Lunsj
14.00-18.00 Tur 12
18.30-20.00 Kveldsmat
20.00-24.00 Nordisk dansekveld
Fredag 16. juli 07.00-08.30 Frukost
08.00-12.00 Tur 12
09.00-12.00 Foredrag om bunader
12.00-13.00 Lunsj
14.00-15.00 Dans i byen
15.00-16.00 Spelemannsmusikk og fri dans på Ingólfstorg
18.00-24.00 Avsluttingsfest
Laurdag 17. juli 07.00-08.30 Frukost
Dagen fri
18.30-20.00 Kveldsmat
Søndag 18. juli 07.30-09.00 Frukost
12.00 Skuleinnkvarteringa stengjer
    
Bilete frå http://www.isdans.is/, men bunadene ser norske ut

Liste over turane:

1Vestfjarða (Vestfjord-halvøya)6.-9. juliKr. 4250
2Kjölur Reykjaskóli8.-9. juliKr. 1510
3Mývatn8.-9. juliKr. 2740
4Landmannalaugar14. juli 08-18Kr. 708
5Vestmannaeyjar13. juli 08-18
15. juli 08-18
Kr. 1133
6Þingvellir, Langjökull, Reykholt13. juli 08-18Kr. 1180
7Þórsmörk12. juli 08-18Kr. 545
8Þingvellir, Geysir, Gullfoss12. juli 08-18
14. juli 08-18
Kr. 402
9Hellisheiði-Ölkelduháls13. juli 09-15Kr. 241
10Hestaferð (hestetur)12. juli 09-12
13. juli 14-18
Kr. 380
11Hvalaskoðun (kvaltur)9. juli 09-12
15. juli 08-12
Kr. 485
12Bláa lónið (Den blå lagunen)9. juli 09-12
12. juli 14-18
14. juli 14-18
15. juli 14-18
16. juli 08-12
Kr. 331
13Skoðunarferð Reykjavík (omvising i Reykjavik)9. juli 09-12
10. juli 09-12
Kr. 135
14Flyplassen Kr. 80

Oppdatert 31.7.10


Ekstraøvingar før Isleik

Det har vore to ekstraøvingar for deltakarar som er påmelde gjennom BUL. Formålet var å bli sikrare på dei norske framsyningsdansane til Reykjavik.

Tysdag 11. mai var det øving i Isfjorden med 16 dansarar, av desse sju frå nordvest-sida. Slik såg det ut:

IMG_0690 (63K)
Firetur 2: Nærast er par 1 og 3 i kjede,
bortast er endepara i dobbel ring for å byte plass
IMG_0692 (72K)
Sekskrossedans, vrengd ring

Onsdag 2. juni var det øving på Reknes med 24 dansarar, denne gongen utan fotograf.

Størst applaus fekk spelemann Kjell, som var med begge gongene, og måtte spele den relativt enkle Firetur 2-melodien eit kvarter i gongen, eller var det endå meir?

Danseprogrammet:

Firetur 2 frå Namdalen
Bukkevisa
Rotneims Knut
Soltrall
Feiar med Vals
Sekskrossedans frå Brekke i Sogn
Tridans frå Meråker (pols)

Oppdatert 3.6.10


Alf har fylt 70!

Alf E. Meisingset, mangeårig leiar i Romsdal Ungdomssamlag og i BUL, fylte 70 år 4. mai. Litt forseinka fekk han overrekt blomster og gåve frå dei to laga, representerte ved Heidi-Iren og Lars.

IMG_0758 (73K)  IMG_0763 (126K)
Foto: Lars og Anne Marie

18.5.10


Leikarar på Røros

Seks personar herifrå var på Røros-leken 30. april-2. mai, og alle fekk brukt dansefoten flittig. Her er nokre glimt frå leikfesten laurdag kveld.

IMG_0667 (90K)  IMG_0669 (105K)
Fine damer på tur, med og utan svein (Svein)

IMG_0675 (37K)  IMG_0674 (44K)
Heidi-Iren med førsteklasses pols-partnar

IMG_0679 (166K)
Trolldans, også med kjentfolk på golvet

5.5.10


Dansekveld med Rauma Spelemannslag

Til den siste leikøvinga for sesongen, 28. april, kom Rauma Spelemannslag på besøk, omtrent rett frå andreplassen i lagspel i fylkeskappleiken. Frå Rauma kom også ein flokk dansarar, og dansen starta med ei spesiell markering:

IMG_0635 (35K)  IMG_0654 (81K)
Brurevals og seinare bruresving for nygifte Anne-Lise og Odd Ivar. Bygdaliv gratulerer!

IMG_0634 (155K)
Rauma stilte med heile ni spelemenn, her ved åtte av dei (sjå godt etter) og som vanleg drivande musikk

IMG_0639 (65K)
Marte og Lars er berre to av dei 30 dansarane
(foto: Randi Irene)

IMG_0647 (92K)
Kaker og kveldsmat

IMG_0648 (68K)
Blomstervals? Nei, klem og påskjøning til Irene for god instruksjon
(foto: Randi Irene)

Oppdatert 29.4.10


Dugnader på BUL-hytta

Rask aksjon 11. februar då det vart meldt om mykje snø på hyttetaket. På kort varsel stilte fem mann opp med spadar og skuffer og fekk ned diverse tonn med tungt, kvitt stoff. 22. april møtte heile ni personar til vårdugnad. I regnvêret 31. august møtte tre personar for å reinske brunnane.

11022010 (83K)
Februar: Arnold konstaterer at det blir mykje å gjere her

IMG_0575 (34K)  IMG_0576 (24K)  IMG_0577 (22K)
April og vår, men framleis rikeleg med snø

IMG_0595 (35K)  IMG_0580 (21K)  IMG_0581 (25K)  IMG_0585 (22K)
Reparasjonar, vasking...

IMG_0590 (97K)
...og kaffipause

August: No skal det bli skikkeleg drikkevatn til hytta
31082010-002 (130K)
Byrge ved pumpa, Svein med krafsa

Oppdatert 11.11.10


Leikøvingane vinteren og våren 2010

Øvingssesongen starta onsdag 13. januar og varte til 28. april. Vi startar att til hausten (dato sidan) med dans dei fleste onsdagar kl. 19.30 i Reknes Ungdomshus. Nye og gamle dansarar er velkomne.

13. januarDansar frå Sørlandet23 dansarar, fin start på året!
20. januarRil / songdans20 dansarar
27. januarDansar på rekke21 dansarar
3. februarDansar frå Nord-Noreg14 dansarar kom gjennom Nordlandspols!
10. februarDansar frå Austlandet20 dansarar
17. februarDansar til Prøysen-tekstar7-8 par fekk lære mykje nytt
24. februarVinterferie, ikkje øving 
3. marsDansar frå Trøndelag IMG_0242 (101K)
21 dansarar kom gjennom Honnfeiv og mykje anna...

IMG_0256 (64K)
...og feira runde år for Irene med ei gåve frå BUL
10. marsKvadriljerTo kvadriljeoppsett pluss Irene (rekn ut sjølv kor mange det blir) gjennomførte med stor konsentrasjon både Nyykytys, Oxekow, den vanlege kvadriljen og første tur av Lanciers frå Vardø
17. marsRekkedans / songdansGjester frå andre leikarringar, i alt 15 par på golvet

IMG_0307 (97K)
Oppstilling til Sekstur II

24. marsDansar frå Vestlandet18 dansarar fekk med seg utruleg mykje frå tretur-landsdelen. (Tretur passar spesielt når det er for få karar, og teorien er at vestlandskarane var mykje på fiske. For BUL må det vere ei anna forklaring.)
31. marsPåskeferie, ikkje øving 
7. aprilByttedansar15 dansarar
14. aprilDet nordiske norske samdansprogrammet til Isleik20 dansarar i repetisjon av menuetten og i ny konsentrasjonsprøve: Firetur II frå Namdalen.
21. aprilDet norske samdansprogrammet til Isleik19 dansarar i Trekrossedans, Sekskrossedans, Tridans, Firetur II, menuett og nokre songdansar.
28. aprilRepetisjon Fri dansDansekveld med Rauma Spelemannslag og andre leikarringar i området. 30 dansarar.

Her er programmet som plakat.

Oppdatert 12.5.10