Grasrotandel til BUL

Grasrotandelen

Tippar du, eller spelar du Lotto, så kan du la litt av innsatsen gå til BUL. Du vinn akkurat like mykje (eller lite), men 5 % av pengane du spelar for, blir inntekt for BUL. Dette gjeld alle spela til Norsk Tipping, bortsett frå Flax og Extra.

Hos kommisjonæren, eller ved registrering på nettet, oppgje at Bondeungdomslaget i Molde skal få di støtte, eller du kan registrere organisasjonsnummeret 993 469 467. Når du først har gjort dette, treng du ikkje tenkje på det for kvar speleomgang, resten går av seg sjølv.

Kvart av dei siste åra har det kome inn nokre kroner til BUL, slik dette diagrammet frå Norsk Tipping viser:

Grasrotandelen (13K)

Diagrammet må lesast på ein litt spesiell måte. Den blå kurva viser kor mykje pengar som har kome inn pr. tertial (4 månader). Dei raude pilene viser resultatet for dei tre tertiala i 2010: ca. kr 400 + 300 + 200. Det nøyaktige talet for heile året var kr 922. På same måten for dei andre åra.

Takk til spelarane for at dei tenkjer på BUL!

Oppdatert 19.3.14