Bygdaliv 2007

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2007. Vil du heller gå til hovudsida?


IMG_5566 (14K)

Kjell har gått bort

Kjell Heggem døydde 6. desember, 73 år gammal, etter eit kort sjukeleie.

BUL-folk vil minnast det gode humøret og dansegleda som følgde med Kjell. Han var aktiv dansar heilt til det siste, og tok turen frå Osmarka til leikøving i BUL så ofte han kunne. Særleg var han oppteken av kyrkjedansinga. Dessverre fekk han ikkje vere med på forestillinga 2. desember, for den kvelden var han på sjukehuset, men han heldt seg orientert.

Sjå også bilete frå springarkvelden 7. november.

Gravferd frå Osmarka kapell fredag 14. desember kl. 13.00

IMG_2147 (35K) IMG_2151 (34K)
Alt ein halv time før var kapellet på Heggem fullt til siste plass, og då seremonien starta, stod folk heilt ute på trappa

IMG_2156 (34K)
Til songen «Fager kveldssol smiler» kasta vintersola det siste lyset over gravstaden

IMG_2160 (48K)
På minnesamveret på samfunnshuset var det også heilt fullt

IMG_5651 (26K)

Oppdatert 16.12.07


Havleik [oppdatert 15.12.07]

Siste: Vi har no fått melding frå Noregs Ungdomslag om at alle kjem med til Havleik!

Havleik er det nordiske folkedansstemnet på Færøyane i 2008. BUL planlegg å reise dit saman med folk frå naboringane. Vi har meldt på 18 dansarar og 2 spelemenn. Her er den informasjonen vi har så langt:

Reise: Vi har reservert plassar på ferja Smyril frå Bergen 8. juli, til Torshavn 9. juli, og retur 14.-15. juli. Stemnedatoane er 9.-12. juli, slik at vi rekk opninga og får ein dag fri før returen. Det går av og til fly til Færøyane, men Atlantic Airways er ikkje rekna som særleg påliteleg.
Overnatting: Vi har tinga 2-sengs rom (studenthyblar) til alle. Stemneavgifta inkluderer overnatting i sovesal, og ein kan sjølvsagt bruke det tilbodet for å spare litt på reisekontoen, men mange av oss er i ein alder då vi helst vil ha ei skikkeleg seng.
Framsyningsprogram: Det startar vi med over nyttår. Vi satsar på å reise med aktive dansarar.
Kostnader: Ca. 5-6000 kr frå Bergen og tilbake dit, medrekna stemneavgift på ca. 2000 kr, som inkluderer mat for stemnedagane. I tillegg kjem reise Molde-Bergen t/r. NU vil krevje inn eit depositum frå kvar deltakar.

Meir info:

 
HavleikurNy nettside for Havleikur 2008
Noregs Ungdomslag: Nettside for Nordleik/Havleik
Gammal plakat
Info-ark pr. 24. september med dag til dag-program og fleire lenker
Sláið Ring:Heimeside (på færøysk)
Artikkel på dansk om færøyske dansetradisjonar

Årsmøte i BUL Molde [oppdatert 15.12.07]

Årsmøtet vart halde på Reknes ungdomshus onsdag 5. desember 2007, og var unnagjort på ein time. Alle årsmeldingar var godkjende, og alle tilltsvalde vart attvalde.

Sakspapir: Innkalling, årsmelding frå styret og referat.

Men kva er det som verkeleg går for seg på eit årsmøte? Mange medlemmer er nok usikre, og tør ikkje komme. Bygdaliv var der for deg, vi har bileta som avslører alt:

IMG_2109 (47K)
Grundige førebuingar

IMG_2112 (55K)
Myndig møteleiing

IMG_2118 (56K)
Etegilde

IMG_2114 (49K) IMG_2119 (52K)
Framføring av takk til både den eine og den andre

Dersom dei fleste medlemmene held seg heime også neste år, slik at årsmøtet går like fort unna, kan det hende vi rekk å vise bilete på sjølve møtet!!!


Dansekveld i Isfjorden [9.12.07]

Tysdag 4. desember var BUL-folket på utferd, og delte dansegolv med Rauma Leikarring til musikk av Rauma spelemannslag. Det er alltid triveleg der. Spelemannslaget likar tydeleg å spele til dans, og alle har det bra når det er mykje folk på golvet.

Denne gongen er det ingen bilete av kakebordet, men litt av kvart anna:

IMG_2080 (45K) IMG_2081 (28K)
Irene får eit flott bilete av Rauma-ringen og Åse, som takk for alt arbeidet med kyrkjedansen

IMG_2084 (51K) IMG_2101 (27K)
Spelemannslaget med full konsentrasjon, men også med ein liten knute på tråden

IMG_2093 (30K)
Irene og Sylvfest i Romsdalsspringar

IMG_2099 (29K) IMG_2095 (23K) IMG_2096 (26K)
Tretur frå Aure: Først med Odd Ivar, Bente og Noralv...

IMG_2100 (37K) IMG_2098 (28K)
...så med Frøydis, Øyvind (ikkje to nasar, berre litt rar bakgrunn) og Åse

IMG_2105 (43K)
Marit og Byrge viser sving frå Ås?


Dans i Molde domkyrkje [oppdatert 9.12.07]

Dansarar, kor og musikantar framførte folkedansmessa Trø inn i dansen i Molde domkyrkje søndag 2. desember. Dette var ein del av 50-års-jubiléet for kyrkja. BUL organiserte dansinga, og mange var med frå dei andre leikarringane i nabolaget.

Bygdaliv hadde ikkje høve til å vere der, men forestillinga fekk framifrå omtale i Romsdals Budstikke, og dansarane er svært fornøgde trass i uvant dansegolv med både teppe og stein.


Program for hausten 2007 [oppdatert 9.12.07]

Øvingsprogrammet er no slutt, men står her som referanse til seinare.

Øvingane startar vanlegvis onsdagar kl. 19.30, nokså presis. Fast øvingsstad er Reknes Ungdomshus, Sandv. 1 A, Molde. Gul farge markerer at dansinga går for seg andre stader, grønt noko som ikkje er dans.

Til somme øvingar inviterer vi andre leikarringar i området, for å fylle huset skikkeleg. Alle dansarar -- BUL-medlemmer og andre -- er sjølvsagt velkomne også på dei vanlege øvingane. Både kvinner og menn er spesielt velkomne, for i BUL veit vi aldri på førehand kva for ein sort det er mest av, og alle får danse.

DatoTemaKommentarar
12.9.Rekkedans og ril16 frammøtte (11k+5m). Omtrent 10 av karane i BUL hadde ikkje oppdaga at semesteret var i gang, og at damene venta på dei! Heldigvis var damene flinke til å gå inn og ut av ymse roller.
19.9.Bygdedans13 frammøtte (7k+6m). Bra utjamning sidan sist! Det gjekk i pols, springar, rull og halling, men også treturar og meir perifere bygdedansar som fransese (utruleg kva vi hugsa av den).
26.9.Trønderdansar16 frammøtte (9k+7m). Utruleg mange rare dansar frå Trøndelag, m.a. Honnfeiv, Firetur III (som i grunnen er ein sekstur) og tre hopserar. Den raraste av alle heiter forresten pols.
3.10.Vestlandsdansar
Andre ringar er inviterte
32 frammøtte (19k+13m). Sjå annan stad i Bygdaliv.
10.10.Haustferie, inga øving 
17.10.Turdans og songdans17 frammøtte (9k+8m). To turar av kvadrilje, sekskrossedans, sekskorsedans og omtrent seks songdansar. Kvadrilje er på samdansprogrammet til leikfesten 3.11., og var vel ny for alle, men gjekk forbløffande bra, så denne gjengen kan faktisk danse, med litt konsentrasjon og god rettleiing.
24.10.Bygdedans18 frammøtte (10k+8m) med stort og smått. Programmet vart omprioritert til dei tre første turane av kvadrilje og litt internasjonal dans på FN-dagen, men også pols, springar, parhalling, rull og bygdedansprega songdansar.
31.10.Samdansprogram til leikfest18 frammøtte (10k+8m). Vi kom gjennom resten av samdansprogrammet, pluss litt kyrkjedans. No håpar vi at vi greier å hugse tre kvadriljeturar i tre dager, heilt til laurdag...
7.11.Springar, instruksjon ved Kerstin og Palmer Løkseth
Andre ringar er inviterte
28 frammøtte (17k+11m). Sjå annan stad i Bygdaliv.
14.11.Øving til Trø inn i dansen34 frammøtte (19k+15m) utgjorde 17 par. Sjå elles ovafor.
21.11.Øving til Trø inn i dansenKl. 19.30 i domkyrkja, saman med kor og musikarar (dei møter 18.30)
28.11.Repetisjon29 frammøtte (15k+14m) medrekna ein delegasjon frå Rauma. Innhaldsrik kveld med heile kyrkjeprogrammet og tre turar av kvadrilje.

Heile kvota på 30 eks. av Jul i Romsdal vart selt ut, så nokon må ha kjøpt meir enn eitt! Bladet finst nok i bokhandelen enno ei stund.
Laurdag 1.12. kl. 13.00-17.00Øving til Trø inn i dansen
Merk klokkesletta!
I domkyrkja, saman med kor og musikarar
Søndag 2.12. kl. 19.30-20.30Øving til Trø inn i dansenI domkyrkja, saman med kor og musikarar
Søndag 2.12. kl. 21.00Framsyning av Trø inn i dansenI domkyrkja
Tysdag 4.12. kl. 19.15-21.45Dansekveld i Isfjorden saman med Rauma Leikarring og Rauma Spelemannslag22 frammøtte (10k+12m), akkurat halvparten frå BUL
5.12.Årsmøte11 frammøtte.

Plakat med heile programmet slik det var frå starten.


På spranget til springaren [oppdatert 16.12.07]

Somme av oss har streva med Romsdalsspringaren ei stund utan å få han heilt til. Kanskje det går betre no, etter at A-klassingane Palmer og Kerstin Løkseth heldt eit lite kurs på leikøvinga 7. november.

«Nabolaga» var inviterte, og det kom nokre langvegsfrå, men det blir mykje reising med leikfest sist laurdag og fellesøvingar til «Trø ut...» framover. Damene var i klårt fleirtal, og skiftast på å danse, kommentere og fotografere. Bileta her er tekne av Torill og Randi Irene.

IMG_2027 (29K) IMG_2029 (27K) IMG_2030 (23K) IMG_2032 (25K) IMG_2033 (33K)
Kerstin og Palmer forklarar og demonstrerer (skarpe auger ser også at Kjell er med her)

IMG_2041 (47K) IMG_2040 (31K) IMG_2045 (29K)
Vi andre praktiserer (så godt vi kan)
IMG_2044 (44K)


Stor stemning på leikfest i Malmefjorden [oppdatert 8.11.07]

Det er lenge mellom leikfestane på våre kantar, og då er det bra når dei blir så vellykka som den på Vonheim laurdag 3. november.

IMG_1910 (42K) IMG_1907 (49K)
Fint å treffast og prate med gamle kjende...

IMG_1908 (37K) IMG_1911 (39K)
...f.eks. om bunaden sit som han skal, det vere seg romsdalsk eller estisk

IMG_1914 (25K) IMG_1916 (49K)
Her er vi i gang med ein bytedans...

IMG_1921 (99K)
...før vi togar inn til bordsetet

IMG_1933 (50K)
Trøndersodden har vore her, og snart kjem sviskegrauten

IMG_1940 (35K)
Mange kokkar, men lite søl

IMG_1941 (30K) IMG_1934 (25K)
Bordseteleiaren fortel kva vi skal få, og takk for maten-talaren avslører kva vi har ete

IMG_1946 (49K) IMG_1947 (40K)
Praten går vidare

IMG_1950 (46K) IMG_1952 (40K)

IMG_1960 (30K) IMG_1961 (48K)
Polka kan dansast som parhalling, men kan også gje luft i stakken

IMG_1971 (44K)
Sekskrossedans

IMG_1984 (44K) IMG_1991 (44K)
La grande finale: Kvadrilje

IMG_2000 (53K) IMG_2002 (51K)
Kakebordet kl. 22.52 og 23.19

IMG_2009 (27K)
Festarrangør Heidi gler seg over vellykka
arrangement, her saman med Asbjørn

IMG_2013 (22K) IMG_2020 (36K)
Palmer og Torgny i Oxdans

Gratulerer til Sylte og Malme med eit prikkfritt arrangement og stor stemning. Somme tenkte nok at eit samdansprogram med både Kvadrilje, Totur frå Holt og den rare Stoggen var i tøffaste laget, men det fungerte, og vi lærte noko nytt! Så står det att å skryte av Britt Elise Skram og dei andre musikarane i Øresus, som verkeleg fekk dansarane med seg.

Bileta er tekne av Lars og Kirsten A. Her kan du framleis sjå programmet for leikfesten. Songdansane var Strid for fred, Trolldans, På fjellet, Å eg ser på deg og Ung Åslaug.


20. oktober: Vellykka pub på Reknesstabburet

Konsert med Tindra er ikkje kvardagskost i Molde. Tindra er ein trio der Jorun Marie Kvernberg spelar fele og hardingfele saman med Irene Tillung på trekkspel, medan Åshild Vetrhus syng. Denne gongen stilte dei opp på Reknesstabburet i Molde.

Nokre av tekstane var folkesongar frå Bjerkreim i Rogaland, andre var skrivne av Jan Magnus Bruheim, Ragnar Hovland eller bestemor Gudrun Vetrhus. Melodiane var dels folketonar, dels eigenkomponerte. Arrangementa hadde dei tre gjort på sin måte, som kanskje kan kallast Tindra-stilen. Framføringa var klokkeklår og rein. Publikum var litt trege i starten, men vakna etter kvart.

IMG_1812 (57K) IMG_1844 (54K)
Litt spente før konserten, avslappa etter?

IMG_1819 (59K) IMG_1822 (56K) IMG_1829 (44K) IMG_1830 (53K) IMG_1840 (56K)
Spel og samspel, song og samsong

Etter konsert og pause: presentasjon av fana til Spelemannslaget

IMG_1846 (60K)
Per Kåre Rørhus presenterer komitéen

IMG_1849 (38K) IMG_1850 (38K)
Kerstin Løkseth fortel om framsida og baksida

Spelemannslaget får folk på dansegolvet

IMG_1853 (63K) IMG_1857 (56K) IMG_1872 (34K)
Vel, golvet kunne gjerne ha vore litt større

Ein folkemusikkpub byr også på andre innslag

IMG_1863 (28K) IMG_1864 (37K)
Marit Rekdal Hoel framfører skumle songar

IMG_1871 (61K)
Heine Bugge, Karl W. Hoel, Odd Staurset og Arne Lied lagar andre rytmer. Merk fotarbeidet!

IMG_1878 (46K)
Arnold Farstad har fått med seg Aina, eller er det omvendt?

IMG_1884 (63K)
Arne Lyngstad framfører kjende viser, og sjå kven som er med og kompar!

Folkedanspubben var også denne gongen ein fin kombinasjon av profesjonell konsert og amatørinnslag med ein viss karakter av improvisasjon. Bygdaliv meiner at denne forma bør dyrkast vidare. Særleg blir det bra når amatørar og proffar finn kvarandre. Det er viktig å oppretthalde både høg kvalitet og låg terskel. Konkurranse med dansearrangement i byen kan ha gjort at det var litt mindre folk no enn i fjor. Kanskje dansen bør få meir rom (ikkje berre større golv) i pubkonseptet?

23.10.07: Sjå også nyheitssak om Jorunn-gruppa Majorstuen.


Gjester i BUL [4.10.07]

Framleis mangla nokre av karane, men onsdag 3. oktober var golvet fullt av dansarar frå BUL, Rauma og Lyngstad. To fulle oppsett i Åttepardansen, fire i Krabbelur og ti i diverse treturar. (Får du ikkje reknestykket til å stemme heilt, så hugs at nokon måtte lage kaffi.)

Apropos kaffi, så var det berre i pausa det vart tid til å ta bilete. Dermed får det berre stå her at det var korsedans, krossedans, Gylleråsen, Stoggen, Romsdalsspringar (ikkje Vestlands-, nei), Nordmannen, Lauvfallstid og mykje anna.

IMG_1750 (51K)
Nokon har prøvd å robbe kakebordet

IMG_1751 (45K)
Randi (ikkje til stades) og Byrge venta i tredve år med å gifte seg,
BUL somla i tre månader til med bryllaupsgåve,
og attpåtil kom fotografen tre sekund for seint til overrekkinga!

Eventyrsnu nordvest [22.7.07, oppdatert 14.8.07]

Det var fjernt frå jazz, men Snu nordvest-ungdommane slapp til under festivalen likevel. I teltet i Alexandraparken laurdag 21. juli fekk dei vist kva dei har lært, og det var ikkje lite.

Først kom ein serie med typiske dansar frå fylket: Skotsk, Gylleråsen, springar frå søre Sunnmøre, springar frå Romsdal, pols frå Todalen og springar frå nordre Sunnmøre. Som vi ser, er det god fart i dansen:

IMG_0198 (38K) IMG_0205 (39K) IMG_0208 (40K) IMG_0210 (44K) IMG_0218 (41K) IMG_0223 (20K)

Hovudforestillinga, Tru og Utru, er ei eventyrforteljing om striden mellom det gode og det vonde. Bygdaliv skal ikkje røpe heile handlinga, men i tråd med sjangeren er det den gode sida som vinn til slutt, sjølv om det går dårleg i starten. Tittelfigurane er to systrer som er - vel, nokså ulike. Elles er dronninga av England med, liksom son hennar, prinsen, og ikkje minst ein stor flokk ville dyr. Historia blir fortald dels i ord av dei som medverkar, dels gjennom dansen. Den inneheld element frå dei nemnde dansane, men også nokre andre, slik som tretur frå Aure. Bileta kan tale for seg:

IMG_0231 (25K) IMG_0233 (18K) IMG_0239 (20K) IMG_0244 (49K) IMG_0249 (54K) IMG_0251 (51K) IMG_0256 (20K) IMG_0261 (47K)

Forestillinga var godt komponert, og ungdommane gjennomførde med glans, både med stilfull dansing og tekniske finesser. Kanskje dei hadde det i kroppen frå før, men dei må også ha fått god opplæring. Musikartrioen (Britt Elise Skram, Jonas Hoksnes og Ingunn Linge Valldal) var akkurat der dei skulle. Publikum på ca. 300 (?) klappa taktfast. Bygdaliv håpar at det blir fleire enn dei to planlagde framsyningane, i Molde og på Fagernes. I det minste burde dette komme ut til skulane i fylket.

Sjå også førehandsomtalen her i Bygdaliv.

Tillegg 14.8.07: Romsdals Budstikke fekk dessverre ikkje med seg forestillinga, men det gjorde Tidens Krav!

Folkekulturfestivalen [25.6.07]

Folkekulturfestivalen (NU-stemnet) var i Oslo 22.-24. juni. Det var nokre BUL-folk der, og dei fekk m.a. med seg Symra i Svenska Gavotten, bygdedansfest, kurs i valdresspringar, hovudplaggseminar, framsyningskappleik, jonsokfest og nokre bilete:

Den finske gruppa JPP spelar innandørs...
IMG_6283 (16K)

...og Valkyrien Allstars utandørs, i sol og regn...
IMG_6299 (24K) IMG_6306 (24K)

...men publikum kosar seg...
IMG_6303 (32K) IMG_6298 (60K)
...og Åge Avedal, no med skjegg, lagar reportasje, kanskje til ungdomslag.no? Følg med!

Gunnar Rødal, på sitt 50. NU-stemne, får blomster for alt han har gjort for NU...
IMG_6293 (19K) IMG_6288 (12K)
...og kvitterer med ein pols

Sjå også reportasje på ungdomslag.no.

Udramatisk i Reknes Ungdomshus [13.6.07]

2006 var eit nokså normalt driftsår for Reknes Ungdomshus. Rekneskapen viser eit lite overskot. På generalforsamlinga 13. juni vart årsmelding og rekneskap godkjende utan dramatikk, og styret vart attvalt. Møtet diskuterte ymse investeringar og vedlikehaldsoppgåver, m.a. kan det bli aktuelt å måle både ute og inne.

Det er BUL som har drifta av Reknes Ungdomshus, og styret i BUL er generalforsamling. Inntektene kjem dels frå faste leigeavtalar, dels frå utleige til møte, kurs og selskapsarrangement. Utgiftene er til reinhald, straum, vedlikehald m.m.

IMG_6248 (50K)
Det meste av møtelyden (fotografen vart ikkje med på biletet).
P.g.a. forfall var det færre kvinner enn normalt.

I styret sit Byrge Fitje som leiar og Valter Andreassen som utleigesjef. Begge har andre oppgåver i tillegg, og ønskjer fleire inn i styret. Nokon som tek utfordringa?

God sommar, og vel møtt til hausten [2.6.07]

BUL startar haustsemesteret onsdag 12. september, som vanleg på Reknes kl. 19.30. Programmet kjem i Bygdaliv nokre dagar før. Til så lenge, reis på dansefestivalar og ha ein god sommar!

Påmeldingsfristen 15. mai er ute for Folkekulturfestivalen i Oslo midtsommarhelga, 22.-24. juni. Påmeldingsskjemaet ligg på nettet enno, så har du lyst, så ver snar og meld deg på!

BUL har øvd inn samdansprogrammet, men ikkje organisert noka gruppereise til Folkekulturfestivalen. Nokre reiser likevel, og det kan vere greitt at vi veit om kvarandre. Bygdaliv-redaktøren kan vere kontaktperson så lenge. Ring 905 67 621 eller send e-post.

Fleire festivalar i Bygdaliv-kalenderen. Reiser du på noko spennande, så send nokre ord og bilete til Bygdaliv!

Til hausten planlegg Romsdal spelemannslag folkemusikkpub på Reknesstabburet 19. eller 20. oktober. Vi gler oss! Meir informasjon kjem seinare. I mellomtida kan vi mimre over pubben sist haust.

Som tidlegare meldt, blir det leikfest i Malmefjorden ungdomshus 3. november. Arrangør er Sylte og Malme UL. Rauma leikarring planlegg fest i det nye kulturhuset på Åndalsnes 1. mars 2008. Bygdaliv skal skrive meir om begge festane når tida nærmar seg.

Bygdaliv har fått ny nettadresse [2.6.07]

Den gamle adressa verkar enno, og kjem til å gjere det lenge, men du kan no stille inn nettlesaren din på den nye: http://bulmolde.ungdomslag.no/. Den er lettare å hugse, og vil - med hjelp av NU - framleis fungere dersom vi ein vakker dag skiftar tenesteleverandør.

Bygdaliv blir oppdatert litt ujamnt, etter som det er aktivitet i laget og redaktøren har tid. Når det er mykje nytt, sender eg e-post til BUL-medlemmer og andre interesserte. Ønskjer du å få slikt varsel, eller ikkje få det lenger, så send e-post til .

For å nå arkivsidene, må du som før bruke desse lenkene: 2006, 2005, 2004. Resultatet blir best med å opne arkivet i ei ny fane (hald inne Ctrl når du klikkar på lenka). Det verkar i Firefox og Internet Explorer v. 7. (Bruker du eldre IE, så oppgrader gratis hos Microsoft.)

Tips meg dersom du opplever nettsida som rotete. Eg veit ikkje kva slags nettlesar du bruker og kor stor skjerm du har, så eg lagar noko som eg trur passar. Trengst det, så kan du gjere skrifta større med å trykke Ctrl og + (pluss), eller mindre med Ctrl og - (minus). Somme nettlesarar er så smarte at dei hugsar alle sidene du har vore inne på, og viser deg noko gammalt innhald i staden for å gå ut på nettet og hente det nyaste. Bruk oppfriskingsknappen dersom det trengst (tips: F5 på tastaturet).

Somme googlar seg hit med å søke på "BUL Molde" eller "Bygdaliv", og det er bra. Merk at søkemotoren kan finne ei av rammene som denne nettsida er bygd opp av, og klikkar du på den, får du ikkje med heile nettsida. Den rette nettadressa til Bygdaliv står ovafor.

Fullt hus på Reknesstabburet [24.5.07]

Det var ca. 40 dansarar på -stabburet denne onsdagskvelden 23. mai, tillegg til spelemennene, og med alle på golvet var det i grunnen fullt! Dei kom frå Sylte og Malme, Lyngstad, Rauma og BUL, medrekna Osmarka, så mange hadde lang veg.

- Denne kvelden er ei øving, sa Per Kåre Rørhus frå spelemannslaget, og kanskje var det det, men det var iallfall skikkeleg musikk til dansen. Med så mange lag og ringar til stades var det også høve til å treffe kjende og ikkje fullt så kjende dansekollegaer.

Fotografen rakk ikkje å ta bilete av dansinga...
IMG_5970 IMG_5973
...men både kaker og musikk var det!

Havleik neste sommar! [16.5.07]

Havleik, nordisk folkedansstemne på Færøyane, blir arrangert 8.-12. juli 2008. Norsk påmelding går gjennom Noregs Ungdomslag, sjå informasjonssida der og lenker vidare. Det blir eit lite og kompakt stemne, heilt ulikt Göteborg i fjor, og det blir ein sjanse til å oppleve eit øyrike som få av oss har sett. Plassane er rasjonerte for kvart land, og denne turen blir det rift om!

BUL var tidleg ute med påmelding, og har no fått klårsignal om XX plassar! (Vi tør ikkje seie høgt kor mange, men les det som romartal.) Vi skal ikkje ha alle plassane for oss sjølve, men inviterer med dei «nabolaga» som vi samarbeider med. Dette er nytt av i dag, så vi har ikkje tenkt så mykje enno på kva vi skal gjere med intern påmelding og alt det praktiske. Det er svært aktuelt å øve inn framsyning, og vi har over eit år å gjere det på.

I første omgang: tenk over om du har lyst, snakk om det i leikarringen, og følg med her i Bygdaliv!

Til Røros for å leike [6.5.07]

Tre frå BUL drog til Røros-leken denne gongen, og møtte der fire frå Rauma, ein heil flokk frå Lyngstad og mange andre kjende og ukjende dansarar. På nytt eit prikkfritt arrangement og stor danseglede på Røros!

Gjengen frå Molde og Rauma slappar av før leikfesten startar
IMG_5874 (32K)

Utsnitt av festlyden samla til middag. Sjå etter kjentfolk omtrent midt på og til høgre
IMG_5877 (107K)

Av dei tilreisande må også nemnast Rune Hanem med nokre Snu Nordvest-ungdommar frå Tingvoll. Dei framførte ein forrykande Todalspols laurdag kveld, og var elles på golvet seint og tidleg. Vi gler oss til framsyninga deira i Molde 21. juli! Sjå også Aktuelt-melding nedafor.

Rune og snuarane viste også Todalspols søndag føremiddag
IMG_5882 (27K)

Gjesting i Isfjorden [22.4.07]

Tysdag 17. april inviterte Rauma-folket på dansekveld med spelemannslag, og BUL-folk frå nær og fjern (frå Averøya til Isfjorden er det langt!) fylte opp to bilar og drog over fjorden. Medan spelemennene stemte opp, tok dansarane ei økt med songdans:

Så dreiv eg til han med fiskestongi (eller var det flathanda)...
IMG_5826 (23K)

...sudeli, sudeli, sudeli, dei...
IMG_5825 (25K)

...hoi!
IMG_5827 (22K)

Så kom musikken i gang, og fotografen gløymde å ta fleire bilete. Det var full fart på golvet heile tida, med springar, gammaldans og mange bytedansar. Nei, forresten, det var også pause med gedigent kakebord.

B/F Eira på veg heim hende noko anna: MRF hadde hengt opp ein bergingskjeledress, rimelegvis til utprøving.

Anne Lise, her på kættvåken, er ekspert på Romsdalsbunad. Med betre målsaum kan dette bli ei interessant nyutvikling!
IMG_5829 (26K) IMG_5832 (27K)

Dobbelt nordisk [21.3.07]

Nyykytys, Oxekow, Torpsvängen og Engelska (dvs. ril) från Bohuslän er noko av det som har stått på programmet dei to siste onsdagane, under temaet Nordiske dansar. Men nordisk er også norsk, så vi har vore innom Seierstadhopsa, Honnfeiv, songdansar og litt meir.

Fleire av dei faste karane hadde forfall den 21., så kjønnsfordelinga var ikkje perfekt, men det gjekk rimeleg bra, takk vere myndig rettleiing og sporty damer. (Honnfeiv er ei konsentrasjonsprøve i seg sjølv, om ein ikkje skal byte kjønnsrolle i tillegg.)

Årsmøte i Romsdal Ungdomssamlag [11.3.07]

Somme deltakarar mimra om RU-årsmøte over to dagar i ein stor og fullsett sal, og med fest om kvelden. Slik er det ikkje lenger, men på Vågheim laurdag 10. mars var det ein bra flokk, 12 utsendingar frå 6 lag. I tillegg var det to viktige gjester: den lokale kaffikokaren og informasjonskonsulenten i Noregs Ungdomslag.

Den siste heiter Åge Avedal, og han orienterte m.a. om korleis laga kan skaffe seg pengar. Det finst gode støtteordningar, og dei bør brukast. Det er viktig å få registrert alle medlemmene. Begge delar blir nok tema når det nye RU-styret i arbeidsåret tek kontakt med lokallaga.

Sjølv har RU hatt svikt i inntektene det siste året, men det er inga krise. I 2006 hadde RU 15 lokallag og 459 medlemmer. I tillegg til vanlege årsmøtesaker var det m.a. endringar av lovene som opptok forsamlinga. Eit forslag om å arbeide for å slå saman dei tre ungdomssamlaga i Møre og Romsdal vart vedteke mot to røyster.

Geir Kåre Sandnes (Frihug) vart attvald som leiar. Styremedlemmer er May Kristin Sande og Ann Kristin Flemmen (Vågane, ikkje på val), Sigurd O. Rekdal (Frihug, attval), Frode Holen (Eidsøra, ny) og Aud Solveig P. Malmedal (Sylte og Malme, ny). Varafolk: Heidi Løklingholm (Gossen), Heidi Iren W. Olsen (Sylte og Malme) og Ingvar Norheim (Samhug). Ingen frå BUL er med i styret, men vi har nokre representantar i diverse utval.

Det skal vere skikkeleg fotografering, og Bygdaliv snyltar på oppstillinga
IMG_5784 (27K) IMG_5787 (29K)

Får vi ikkje vere med på biletet, så kan vi iallfall sjå på
IMG_5783 (26K)

Åge Avedal orienterer om støtteordningar...
IMG_5778 (19K)

...men fotografen forstyrrar
IMG_5777 (26K)

Geir Kåre Sandnes legg fram årsmeldinga
IMG_5779 (21K)

Hyttetur med vestlandsspringar og bleik måne [7.3.07]

Skyene tok det meste av måneformørkinga, men ingen ting kunne formørke vestlandsspringaren i helga 3. og 4. mars. Dette var full klaff.

Bygdaliv-redaktøren er ugild og skal ikkje skryte altfor mykje, men det må kunne seiast at kurset var svært vellykka. 18 deltakarar starta på ulike nivå, for somme hadde dansa springaren før, f.eks. på kurs på Lyngstad for nokre år sidan. Kurshaldar Kåre Gausnes og spelejente Mona Kristin Fiskerstrand losa alle gjennom kurset i fin stil. Sidan det var akkurat 9 par, måtte ingen vente på tur, og søndag var det fleire byte av dansepartnarar, slik at alle fekk ulike impulsar.

Hytta fungerte framifrå, men sidan dette er ein dans som krev plass, var det litt trongt på golvet. Dei aller fleste inntok både lunsj, middag, frukost og lunsj på hytta, omtrent halvparten overnatta, og somme var nesten ikkje til å få av golvet utpå natta. Alle stilte på dugnader med å setje fram mat, rydde og vaske. Bra!

Lausdansen brukte vi mykje tid på...
RS2004 (26K) RS2005 (25K) RS2006 (25K)

...men det meste er samdans!
RS0292 (23K) RS2031 (27K)
IMG_5755 (18K) IMG_5757 (18K)

Innimellom må dansarane slappe av...
RS0269 (23K) RS0298 (25K) RS0299 (22K)

...eller prøve nye moment som ikkje er med i vestlandsspringaren enno...
RS2020 (27K) RS2022 (29K)

...eller lage mat og rydde...
IMG_5774 (58K) RS0290 (28K)

...eller ete middag...
IMG_5766 (28K) RS0284 (21K)

...eller sjå på film frå Nordleik...
IMG_5770 (22K)

...eller sjå på månen
IMG_5773 (22K) RS0302 (8K)

Takk til Randi Irene Sylta for mange av desse bileta.

Bygdedans i byen [7.3.07]

Frå Åndalsnes og Averøya, Elnesvågen og Osmarka kom det folk for å danse bygdedans denne onsdagen, og attpå kurset i helga var det bra med nokre lange, sugne vestlandsspringarar. Også dei som ikkje hadde vore på kurset, slengde seg med - ein kan få til mykje med ein hjelpsam dansepartnar.

Elles varta Irene opp med Romsdalsspringar, Rørospols, rull og parhalling, den springar-prega Gilleråsen, dei svenske bytedansane Torpsvängen (den med mykje hurring) og Hambo från Nissebo, og innimellom nokre songdansar med bygdedans-brigde. Det er ikkje kvar dag vi har ti par på golvet i springar!

Dei to neste gongene blir det fleire nordiske dansar. Bli med og lær dei frå grunnen av!

Firetur tre, eller var det fire treturar? [1.3.07]

Treturar vart det bruk for onsdagskvelden 28. februar, då damene var i stort mindretal. Jammen har dei nokre slike (treturar, altså) også i Trøndelag, der dansane for kvelden var henta frå. I resten av dansane fekk Irene karane inn og ut på ein grei måte, så alle var med.

Namdalen har mykje å by på: Både Figaro (ein av dei), hopser med vals, Firetur III og honnfeiv kjem visstnok derifrå. (Honnfeiv er framleis ei utfordring. Hugs at dersom du ikkje er einar og flyttar deg nedover golvet, skiftar du mellom rollene stå, 3 og 2, og sig oppover. Du står i ein omgang og dansar i to. Som trear skal du danse tilbake til ståparet nedafor deg. Som toar skal du byte plass med einarane og danse oppover til ståparet ovafor. Verre er det ikkje.)

Sjølvsagt var det også pols, og trønderske songdansar er tungegymnastikk for folk med vestlandsk opphav, men det har dei godt av.

Konsing på rekke med gjester [oppdatert 6.2.07]

Honnfeiv, hopser med vals, sekstur II og fransese var konsentrasjonsprøver onsdag kveld 31. januar, med litt mølledans og songdans som avslapping innimellom.

Honnfeiv er ein artig liten dans som BUL har øvd litt på før. Ordet gjev 15 treff på Google, mest i oppramsing av programmet på somme stildansfestar, så Bygdaliv er den sekstande nettstaden i verda til å nemne han!

Til desse dansane må det vere lange rekker. Med gjester frå Rauma var det 13 par på golvet, og då har eg ikkje nemnt dei frå Lyngstad, som vi etter kvart kan rekne til den faste gjengen. Bra!

IMG_5725 (38K)
IMG_5730 (43K)
IMG_5739 (35K)
Tull i BUL
IMG_5728 (36K) IMG_5731 (32K)
Kva for ein dans er dette, tru?

Somme har kanskje sakna omtale av leikøvinga 24. januar. Bygdaliv-redaktøren var nokså bortreist den kvelden, men har fretta at det var bra med folk og god stemning.


Program for vinteren og våren [oppdatert 2.6.07]

Her er BUL-programmet for vinteren og våren 2007. Øvingssemesteret er slutt, men programmet ligg her slik at du kan sjå tilbake på det.

Øvingane startar kl. 19.30. Fast øvingsstad er Reknes Ungdomshus, Sandv. 1 A, Molde. Til somme øvingar sender vi spesiell invitasjon til andre leikarringar i området, for å fylle huset skikkeleg. Alle dansarar -- gamle og nye -- er sjølvsagt velkomne også på dei vanlege øvingane!

DatoTemaFrammøte
10.1.Turdans og songdans18 (10k+8m)
17.1.Dansar frå Vestlandet21 (10k+11m)
24.1.Byttedansar19
31.1.Rekkedans, vi inviterer gjester27 (13k+14m)
7.2.Ril og songdans21 (11k+10m)
14.2.Balldans20 (10k+10m)
21.2.Vinterferie, inga øving 
28.2.Dansar frå Trøndelag19 (8k+11m)
3.-4.3.Vestlandsspringar på BUL-hytta18 (9k+9m)
7.3.Bygdedans21 (11k+10m)
14.3.Nordiske dansar18 (9k+9m)
21.3.Nordiske dansar16 (10k+6m)
28.3.Bygdedans19 (10k+9m)
4.4.Påskeferie 
11.4.Rekkedans og songdans20 (10k+10m)
17.4.
kl. 19.30
Dansekveld i Isfjorden samfunnshus
saman med Rauma Leikarring og Rauma Spelemannslag
25 (12k+13m), av desse 10 frå BUL
18.4.Samdansprogrammet til FolkekulturfestivalenGÅR UT!
25.4.Samdansprogrammet til Folkekulturfestivalen15 (9k+6m)