Bygdaliv 2008

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2008. Vil du heller gå til hovudsida?


Årsmøte i BUL Molde

Det vart halde årsmøte i BUL onsdag 10. desember kl. 19.30 på Reknes Ungdomshus, etter kunngjering i Bygdaliv, med e-post og sniglepost. Sakslista var slik:

  1. Formalitetar

  2. Årsmeldingar

  3. Orientering om Reknes Ungdomshus (lagt fram på møtet)

  4. Rekneskap og revisjonsmelding (den siste låg ikkje føre på møtet, men er lagt fram for styret seinare)

  5. Forslag om å auke medlemspengane:

    Det har i BUL i Molde i mange år vore kr. 250 i samla medlemskontingent, som også dekkjer kontingent til RU og NU. Når medlemstalet overstig 20, krev NU kr. 200 for kvar medlem. RU sin del er ca. kr. 20, så det blir berre ca. kr. 30 att til BUL. Dette synes å vere i minste laget. AU har difor framlegg om å auke den samla kontingenten til kr. 300 pr. år. Av dette vil ca. kr. 80 gå til BUL.

    BUL har og ein kontingent for dei som er hovudmedlemmer i andre lag. Gjennom det andre laget blir sentral kontingent til RU og NU dekt, og BUL skal berre ha lokallagskontingenten, som no er kr 80. AU foreslår at den blir uendra. Dermed vil kontingentdelen til BUL bli omtrent den same for begge typar medlemmer.

  6. Budsjett (forslag lagt fram på møtet)

  7. Val (innstilling lagt fram på møtet)

I tillegg til det offisielle referatet har Bygdaliv nokre observasjonar.

Den saka som vekte mest debatt, var å auke medlemspengane. Diskusjonen handla dels om laget eigenleg har nok pengar, dels om det er aktive eller passive medlemmer som skal betale (dansarane betaler no «kaffipengar»). Forslaget vart vedteke mot ei røyst.

Randi Reppe Bell gjekk ut av AU, og Bente Myklebust kom inn. Lars Staurset vart vald til leiar. Det er nokre år sidan laget hadde ein formell leiar. Dette er eit krav i samband med innmelding i Einingsregisteret i Brønnøysund. Banken krev slik innmelding i samband med nye sikkerheitsrutinar for nettbank. Sjå elles lista over tillitsvalde på hovudsida.

Innimellom vart det servert kveldsmat, og ei kake markerte at laget fylte 75 år den trettande. AU-medlemmene, rekneskapsføraren, Reknes-føraren og danserettleiaren fekk blomster for innsatsen, sistnemnde også eit velfortent gåvekort.

DIV156 (54K)
...som ser ut til å falle i smak...

DIV153 (31K)
...medan folk ventar på kaka
(biletet er manipulert, for bakaren hadde ikkje fått med seg at det var jubileum)

Supplert 5.5.09. Noralv har teke dei fleste bileta.


«Swing, munnharpe, klikkerter og fele»

Bygdaliv har fått tilsendt referat med bilete etter Snu nordvest-samlinga i desember:

Full fart på Snu Nordvest samlinga 12-14. desember på Nerås i Vestnes. Døgnet rundt hørtes munnharper, klikkerter, feler og latter.

Mer enn 30 ungdommer fikk denne helgen prøvd «nye» instrumenter. Fredag var det minikurs som stod på programmet. Ungdommene fikk velge mellom fele med instruksjon av Britt Elise Skram, munnhape med Gunnar Rødal eller klikkerter med Terje Rübbert. Kursene var svært vellykket, munnharpene, klikkertene og felene fikk ikke ligge mye i ro denne helgen. Klikkert-instruktør Terje Rübbert måtte hjem å lage flere sett med klikkerter grunnet stor interesse.

Lørdag fikk deltagerne besøk av swingdanserne Janette Morewood og Mathias Rydjord som nettopp har vunnet NM. Disse to gjorde en god jobb med å undervise Snu Nordvest danserne. Det var bare smil å se, der ungdommene svingte seg rundt i den ene turen etter den andre. Vi fikk også prøvd oss på en swingrutine som bød på litt andre bevegelser en vi er vant til i folkedansen, men dette var bare artig og utfordrenes for danserne.

Lørdagskvelden spilte folkemusikkgruppa «Øresus» til dans, dette skapte god stemning og ungdommene syntes det var kult å danse til live-musikk. Danserne kastet seg ut i den ene halling, springar, reinlender, skorsk osv. etter den andre. Det var full fart hele kvelden og deler av natten =).

Søndag ble siste resten av alle krefter hentet fram, denne dagen skulle de jobbe med gruppearbeid. Denne helgen hadde de fått i oppgave å sette sammen et program der de skulle bruke sine favorittdanser, dette programmet ble senere vist fram til de andre. Det var mye spennende og alle gruppene hadde live-musikk fra medlemmer på gruppa. Resten av dagen ble brukt til repetisjon av valdrsspringar som vi hadde på forige samling og de lokaledansene fra fylket vårt.

Helga var svært vellykket, det var en gjeng med slitne og glade ungdommer som reist hjem søndag. Helgen var planlagt og gjennomført med stor hjelp fra Ungdomslaget Frihug som stilte med ungdomshuset Ljosvang og mange folk til både matlaging og vakter. Vi ser at det stadig kommer nye ungdommer inn i Snu Nordvest, dette er svært positivt. Denne helga var det nesten like mange gutter som jenter. Folkedans er nemlig veldig tøft!

Vi gleder oss til det nye året og planlegger nye samlinger utover våren – kjenner du noen som er interessert i å være med i alderen 13 – 25 år så er det bare å ta kontakt på: .

Hilsen Anna Gjendem

IMG_4540 (77K) IMG_4776 (58K)

IMG_4859 (30K) IMG_4930 (68K)

Sjå også omtalen i Budstikka.

Oppdatert 25.12.08.


I austerveg til sommaren?

30. juni-5.juli 2009 er det Nordleik-stemne i Lahtis, Finland. Ein del BUL-folk kjem til å reise dit. Vi håpar at mange blir med, både frå BUL og andre lag. Havleik på Færøyane var ei stor oppleving for oss som var der. Nordleik blir eit mykje større stemne, minst like innhaldsrikt, og vi får reise til ein annan kant av Norden som mange av oss ikkje kjenner.

Program

Program og praktisk informasjon finst på nettsidene til Nordleik. Det er mykje spennande å vere med på, både kurs, turar og dansekveldar. Last ned og skriv ut denne fine brosjyra.

Vi må bestemme i god tid om vi vil vere med på ballet torsdag 2. juli. I så fall må vi bruke det meste av dagane onsdag og torsdag til kurs, og vi må ha balldansar på leikøvingane til vinteren. Slik talar ein som var på Nordleik i Göteborg i 2006. :-)

Påmelding

Norsk påmelding går gjennom Noregs Ungdomslag. Det er både personleg påmeldingsskjema og skjema for laget, men det går sikkert bra å samle opp slik vi har gjort før. Fristen er 1. mars. Nordleik har plass til alle, så dette tek vi med ro førebels.

BUL vil ta seg av påmelding til Nordleik for eigne medlemmer, og for «slengarar» frå nabolaga dersom det er ønskje om det.

Reise

BUL kan ikkje arrangere fellesreise til Lahtis, sidan det er ulike ønskje om reisemåte og -tid, og laget har ikkje økonomisk rygg til det. Deltakarane må bestille kvar for seg eller i små grupper. Avtal med dei du vil reise saman med.

Det snaraste er å ta fly til Helsingfors-Vanda. Somme har no kjøpt billettar hos SAS Molde-Helsingfors t/r for ca. kr. 3000. Andre har kjøpt einvegsbillett hos Finnair Oslo-Helsingfors for ca. kr. 950 og vil bestemme heimreisa seinare. Er du utrygg på å bestille på nettet, så bruk eit reisebyrå. Dei billegaste billettane går rimelegvis først.

Andre reisemåtar involverer bil og ferje eller tog og ferje, sjå på kartet. Slik reise tek nok eit par dagar kvar veg, og blir neppe billegare enn fly dersom ein reknar med alt. Men dei ekstra dagane kan bli ein fin ferietur. Ein interessant stopp på heimreise gjennom Sverige er Musik vid Siljan, 4.-11. juli. Der er det mykje folkemusikk og dans, men også klassisk, jazz og viser.

Overnatting

Nordleik tilbyr overnatting for 7 euro pr. person og natt i sovesalar. Det er også muleg å bu på campingplass, i telt eller campingvogn, men ikkje hytte. Alt dette kan bestillast gjennom påmeldinga.

For dei som ønskjer høgare standard, ser det ut til å bli hotell, som kostar ca. 50 euro pr. person og natt. Vi har ikkje greidd å finne nokon mellomting som har ledig plass. Hotellrom må bestillast gjennom Lahti Travel Oy. Bestill på nettet eller ved å kontakte (klikk for e-post), tel. +358 207 281 758 f.o.m. 1. desember. E-post er nok enklast.

Før vi fekk denne informasjonen, prøvde vi å bestille direkte frå nokre hotell, men det gjekk ikkje. Bestillingssystemet på nettet opna 24.11., men då var dei fleste hotellsengene alt reserverte, korleis det no heng i hop. 26.11. melde stemnekontoret i Finland at «Hotellkapaciteten i Lahtis under NORDLEK 2009 är redan nästan slutsåld», så ikkje vent for lenge. Bygdaliv veit om folk som har bestilt etter det, så ikkje gje opp!

Det hadde sikkert vore praktisk om BUL bestilte overnatting for heile gjengen, men det er ikkje handterleg. Avtal med dei du vil dele rom med, og bestill samla. Vi valde Hotel Salpaus, eit sentralt hotell som har både to- og tresengsrom. Andre har bestilt på Sokos Hotel Lahden Seurahuone, som også ligg sentralt. Bruker du betalings- eller kredittkort, så les vilkåra nøye før du fullfører bestillinga.

Til slutt

Så langt veit vi om 9 frå BUL og nabolaga som har bestilt reise og/eller overnatting, heilt eller delvis. Mange tel på knappane, men kvir seg på grunn av overnattingsproblema. Rådet vårt er å skrive (på norsk) til Maria Ansas og be om hjelp. Kanskje vi blir like mange som på Havleik?

Dersom du finn ut noko interessant, eller dersom du finn feil i denne informasjonen, så kontakt . Kontakt meg også dersom du ønskjer å vere med på ei e-postliste med meir detaljert informasjon. Det er sjølvsagt ikkje forpliktande.

Berre så det er nemnt: Det har hendt før at eit flyselskap har gått konkurs, og det same kan hende eit reisebyrå eller eit hotell. Kva som då hender med det vi har betalt inn, veit vi ikkje. Vi satsar på at dette går bra, og ser fram til mange fine opplevingar i Lahtis.

Denne informasjonen er samla av Torill og Lars, som er «vi» i teksten.

Oppdatert 4.12.08


Vi besøker Rauma og Sylte/Malme

Det er langt frå Averøya til Isfjorden, men verken snø eller slaps hindra ivrige dansarar frå Lyngstad, Sylte/Malme og BUL i å besøke Rauma tysdag 18. november.

IMG_4326 (67K)
Rauma spelemannslag syter for musikken...

IMG_4321 (56K) IMG_4316 (54K)
...leikarringen for maten, og skodda har senka seg på kameraet

IMG_4330 (30K) IMG_4331 (34K) IMG_4332 (40K) IMG_4333 (32K) IMG_4334 (40K)
Audrid og Odd Ivar med stilstudie i swing

23. november inviterte Sylte/Malme til fellesøving på Vonheim i Malmefjorden, m.a. til menuett. Bygdaliv-redaktøren hadde dessverre ikkje høve til å vere med, men har høyrt at det var bra med folk, m.a. fire frå BUL utanom dobbeltmedlemmer, og fire frå Rauma. Neste søndag (kvar søndag?) blir det ekstraøving i menuett kl. 18.30-19.30, før den vanlege øvinga.

Oppdatert 26.11.08


Folkemusikkpuben 1. november

Det var god musikk fra spelemannslaget, mer driv enn tidligere. De har øvd mye med tanke på ny CD som kommer over nyttår. Arnold Farstad hadde funnet gamle opptak på bånd etter sin fars død, og vi fikk høre noen av disse slåttene framført av Romsdal spelemannslag. Britt Elise ++ var i storslag, spilte halling både fra Nordmøre og Gossen, vals i 4/4-takt og fikk publikum med på allsang. Litt sparsomt med frammøtte helt i starten. Vi prøvde dansegolvet, men det er litt lite for oss som er vant med god plass!

CIMG5929 (90K) CIMG5917 (84K)
Jon Trygve Villa, Karl Arne Frantzen, Britt Elise Skram og litt av Romsdal spelemannslag

CIMG5931 (77K) CIMG5918 (80K)
Publikum har det bra

3.11.08 - Tekst og foto: Irene M. Bell


Hyttehelg i Hav og Nord

23 dansarar frå BUL, Rauma og Sylte/Malme møttest til ei innhaldsrik hyttehelg på Skaret 25.-26. oktober. Det var øving på dansar til Nordleik i Lahtis 2009, men også mimring frå Havleik på Færøyane 2008. Menuett från Osaivas var på ein måte begge delar, for den streva vi med alt i Tòrshavn.

IMG_1068 (53K) IMG_4174 (42K)
Fårikålen er fortært, oppvasken unnagjort, og større oppgåver ventar...

IMG_4212 (41K) IMG_4210 (35K)
...slik som menuetten...

IMG_4193 (44K)
...eller den finske samdansen «6 bussar», her ved sju av dei.

Foto: Randi S., Anne Lise og Lars

26.10.08


Program for leikøvingane hausten 2008

Programmet starta onsdag 10. september, og heldt fram dei fleste onsdagar utover til 3. desember. Sesongen er no slutt, men her kan du sjå korleis han var. Stad og tid var Reknes kl. 19.30 der ikkje anna er nemnt.

DatoTemaKommentarar
10. septemberRekkedans og rilEtter kvart 24 frammøtte (16k+8m) syntest det var godt å få danse att, og karane kjem vel neste gong? Ny vri på Sandsværril, elles mange dansar som vi kan når vi tenkjer oss om. Treturar er greie til ei slik kjønnsfordeling. I pausen var det gåver til jubilantane Randi Reppe Bell (in absentia) og Lars Staurset.
17. septemberSørlandsdansar21 frammøtte (14k+7m). Sørlendingane likar visst dansar med figurersteg av typen Totur frå Holt. Litt ukonsentrert forsamling ei stund, men Irene fekk oss gjennom mange dansar, med Per Sjusprang som eit høgdepunkt på slutten. Men kvar blir det av karane?
24. septemberVestlandsdansar 13 frammøtte (7k+6m). Ikkje fleire karar, men færre damer. Sat dei framfor TV-en og såg Molde tape fotballkampen? Det dei gjekk glipp av, var m.a. Krabbelur, Sunnmørsreinlender, tretur frå Aure, Gilleråsen, Romsdalsspringar, rull og krossedansar i ulike variantar. Vestlandet er så stort at vi også fekk med oss Sekstur II, Mølledans, Fransese og Fandango frå Austlandet. Denne dansaren var litt ukonsentrert etter å ha vore oppe sidan halv seks, men det såg ut til å gå bra for dei fleste!
1. oktoberTrønderdansar29 frammøtte (17k+12m) medrekna 8 frå Rauma og - ei hyggeleg overrasking - 2 frå Kristiansand. Det var songdansar, treturar og rekkedansar:

IMG_4025 (48K) IMG_4027 (35K)
I Sekstur II må ein først by opp på skrå, så danse med fremmend partnar

IMG_4032 (35K) IMG_4033 (37K) IMG_4034 (39K)
Honnfeiv i tre faser

7. oktoberHaustferie 
15. oktoberTurdans og songdans17 frammøtte (11k+6m). Bygdaliv-redaktøren var bortreist, men har fått opplyst at det var utruleg mange turdansar, ei lang og god songdansøkt, og ein liten smak på den finske menuetten.
22. oktoberInternasjonale dansar18 frammøtte (10k+8m). To dagar før FN-dagen var det dansar frå Amerika, Europa og Afrika, med ein liten norsk trekrossedans til slutt.

IMG_1060 (55K)
Frå oppryddinga etter «skodansen». (Foto: Anne Lise)

25.-26. oktober på BUL-hytta, SkaretHavleik-helg23 frammøtte (15k+8m). Trass i skeiv kjønnsfordeling ei vellykka hyttehelg med tilbakeblikk på Havleik 2008 og øvingar til Nordleik 2009. 7 av deltakarane overnatta. Utpå kvelden vart det både samdansprogram, ein laussleppt Fransese og diverse bygdedansar. Sjå bilete annan stad i Bygdaliv.
29. oktoberNordiske dansar18 frammøtte (11k+7m). Nordisk samdansprogram, Engelska (ril), hambo, springar, bytedansar og litt til. I pausen var det fødselsdagsgåver på etterskot til husstyremedlem og -altmulegmann Byrge.
5. novemberByttedansar16 frammøtte (9k+7m) fekk byte dansepartnar etter ulike mønster: rykk framover eller bakover i ringen, eller bland godt og grip den næraste. Meir innvikla er ein av dei svenske dansane: gå rundt eigen, som så stikk av bak neste rygg og til nr. 3, som ristar på hovudet og går vidare. Krev litt konsentrasjon.
12. novemberStildans16 frammøtte (11k+5m) gjorde faktisk berre fire dansar. Etter Mølledansen tok det litt tid med Kvadrilje og Fransese, som vi ikkje hadde hatt på ei stund, men som gjekk rimeleg bra etter nokre repetisjonar, og Menuett från Osaivas avslutta kvelden. Damene er flinke til å byte plass og gå ut og inn av ulike roller, men vi treng fleire karar!

IMG_4280 (24K) IMG_4290 (25K)
Glimt frå Fransese. (Foto: Randi Irene)

18. novemberIsfjorden samfunnshus28 frammøtte (17k+11m) på leikkveld hos Rauma Leikarring, av desse visstnok 15 frå Lyngstad, Sylte/Malme og BUL. Sjå bilete annan stad i Bygdaliv.
19. novemberStildansDenne øvinga vart avlyst, sidan vi reiste til Isfjorden dagen før.
23. novemberVonheim, MalmefjordenFellesøving hos Sylte/Malme
Menuett og andre dansar
26. novemberBygdedansBerre 11 frammøtte (7k+4m) hadde lyst til å danse pols, springar, rull og parhalling, og dei andre gjekk dessutan glipp av Tridans, Gilleråsen, Stjernedans, Krabbelur og jamvel Kvadrilje.
3. desemberRepetisjonBerre 10 frammøtte (6k+4m), så no er det visst snart juleferie. Treturar finst det mange av, og no kan vi eit bra utval! Etter ein uvanleg karbohydratrik pause var det Fransese, Kvadrilje, Åttemannadansen og Gammel Sekstur.
10. desember Årsmøte 

Her er programmet slik det var frå starten. Om endringar, følg med i Bygdaliv!

Oppdatert 21.12.08


Romsdalingar og nordmøringar til Havleik (NB: FØREHANDSOMTALE)

I sommar skal over 20 dansarar frå BUL, Rauma, Lyngstad og Sylte/Malme reise til Havleik, det nordiske folkedansstemnet på Færøyane. To spelemenn frå Vike blir også med.

BUL var tidleg ute med å reservere 20 plassar til Havleik, på eit tidspunkt då det låg an til ei nokså lita norsk kvote. Vi laga ein slags pakketur for denne gruppa, som også inkluderer medlemmer i andre ringar. Noko av det praktiske arrangementet som er omtala her, gjeld berre desse 20.

Seinare fekk Noreg tildelt fleire plassar, og nokre til melde seg på og ordna seg sjølve med med reise og overnatting. Somme av dei blir også med på dansinga. I alt er det 26 vaksne og 2 born som er påmelde frå området vårt. Påmeldingsskjemaet ligg framleis (pr. 29. juni) på nettstaden til Noregs Ungdomslag.

Reise til Bergen: Reise frå Romsdal og Nordmøre til Bergen er opp til kvar enkelt. Dei fleste vil samle seg i bilar alt då.

Vi må overnatte i eller nær Bergen. Somme planlegg å bu på Montana Vandrerhjem, andre ordnar seg privat.

Bergen-Tórshavn: Smyril-ferja Norrøna går frå Bergen tysdag 8. juli kl. 13.00. Seinaste innsjekk er kl. 11.30, så møt fram på Skolten Terminal (vis à vis Håkonshallen) seinast kl. 11.00. Då skal vi vere fordelte på bilar: 4 personar pr. bil, 1 bil pr. lugar. Passasjerane skal sitje i bilane under ombordkjøring i Bergen. Sjå elles nettsidene til Smyril Line, som inneheld mykje praktisk informasjon (på engelsk).

Merk at vi ikkje får tilgang til bilane under overfarten, så all bagasje vi treng for dagen, natta og neste dag ombord, må inn i lugaren. Dette gjeld også bunaden. Pakk fornuftig.

Framme i Tórshavn: Norrøna kjem til Tórshavn onsdag 9. juli kl. 19.00. Vi må ut av lugaren ein time før. Kl. 19.00 opnar også stemnet 200 m frå kaia. Vi får det litt travelt, og må gå rett på stemnet i bunad, som vi altså må ta på oss ombord.
Overnatting: Det er tinga 2-sengs rom til dei 20 på studentbyen Undi fjaðli.
Framsyningsprogram: Stemneprogrammet seier at vi «besøger danseforeningerne rundt omkring i landet» torsdag 10. juli og har «danseopvisning í Tórshavn og omegn» laurdag den 12. Om øvingsprogrammet, sjå nedafor.

Siste: BUL skal danse på kjøpesenteret SMS i Tórshavn laurdag kl. 12.00.

Ekstradag: Stemnet er slutt natt til søndag 13. juli. Når vi har vakna, har vi dagen fri og kan f.eks. kjøre ein tur.
Heimreise: Norrøna går frå Tórshavn måndag 14. juli kl. 12.00 (innsjekk seinast 10.30) og kjem til Bergen 15. juli kl. 10.00. Heimreisa derifrå ordnar kvar enkelt (avtal med sjåføren). Det går fint å kjøre til Molde, Åndalsnes, Averøy osv. på dagen.
Kostnader: Stemneavgift, sjøreise og førehandspåmelde turar m.v. er no betalte. Overnatting med frukost Undi fjaðli kostar DKK 1500, ca. NOK 1620. I tillegg kjem reise til Bergen, mat ombord, mat på Færøyane og andre personlege utgifter.

Pr. 6. juni skal det vere 483 deltakarar:

Danmark 47:Amagerlands Folkedansere 16, Stenløse-Veksø Folkedansere 4, Private Folkedansere 12, Ølstykke Folkedansere 12, Nordlek Danmark 3
Island 30:Verfarinn 30
Finland 36:Ekenes Folkedansere 10, Solf Uf Folkedansere 2, Folkdanslaget Otakt 1, Pargas Dragspelsklubbs Folkd. 2, Spjutsund Folkedansere 5, AV i Helsingfors 4, Helsingfors Brage 2, Haga Uf 7, FSF 3
Noreg 133:Bodø Folkedanslag 27, BUL Molde 28 (medrekna andre ringar og to born), Folkedanslaget Sølja (Hamar) 25, BUL Oslo 14, BUL Ervingen (Bergen) 9, BUL Stavanger 10, Tunsberg Leikarring 2, Strilaringen 1, BUL Harstad 10, BUL Kristiansand 3, BUL Tromsø 4
Sverige 123:Söderringen 24, Ringsjögillet 9, Örjansringen 9, Spelman & Dans på Dal 10, FDS Appell 25, Viksjö Dansförening 28, Brogårdagillet 18
Færøyane 114:Dansifelag Kaggans 35, Á Látrinum 11, Dansistovugaman 3, Tøkum Lætt 5, Sumiar Dansifelag 1, Vága Dansifelag 1, Havnar Dansifelag 2, Dansigaman 6, Eysturoyar Dansifelag 5, Stígum Fast 8, Fragdin 2, Norðstreymoyar Dansifelag 2, Leikum Fagurt 7, Dansifrøi 26.

Arrangørlaget på Færøyane heiter Sláið Ring. Det er eit samlag for dansarlaga der. Bygdaliv har høyrt frå ei færøysk kjelde at namnet uttalast «slai ring» og tyder «slå ring».

Meir info:

 
HavleikurNettside for Havleikur 2008
Program på dansk. Sjå turprogrammet!
Mange detaljar om programmet på færøysk. Øv deg i å lese språket!
Noregs Ungdomslag: Nettside for Nordleik/Havleik
Gammal plakat
Info-ark pr. 24.9.07 med dag til dag-program og fleire lenker
Sláið Ring: Heimeside (på færøysk)
Artikkel på dansk om færøyske dansetradisjonar
Smyril Line: Heimeside (på engelsk)
Katalog med rutetider
Turistinformasjon: Kunningarstovan i Tórshavn (på færøysk)
Turistinformationen i Tórshavn (på dansk)
Kartverket på Færøyane: Lag ditt eige kart på skjermen (bruk Internet Explorer)

Oppdatert 29.6.08


Ekstra danseøvingar for Havleik

På desse øvingane har Havleik-fararane øvd inn eit framsyningsprogram og nokre samdansar. Alle øvingane var på Reknes kl. 19.30-22.00, og alle så nær som ei på onsdagar.

DatoTemaKommentarar
21.5.Øving 120 frammøtte (11k+9m) gjekk gjennom begge programma. Det er ein del detaljar å rette på enno.
Tysdag 3.6.Øving 218 frammøtte (9k+9m) pluss spelemann Britt Elise gjekk gjennom framsyningsprogrammet, og øvde også på innmarsj og skifte mellom dansane. Irene har sett opp kven som skal vere med på dei ulike dansane. P.g.a. nokre forfall vart samansetninga litt improvisert denne kvelden. Det gjekk likevel såpass bra at ekstraøvinga 11.6. er avlyst.

Etter pause var det øving på samdansprogrammet, med boksemusikk.

11.6.Øving 3Dersom det trengst AVLYST!
18.6.Øving 420 frammøtte (10k+10m) gjekk gjennom framsyningsprogrammet. Sjå bilete nedafor.

IMG_2694 (25K) IMG_2696 (28K)
Innmarsj med Tretur frå Aure. Merk det presise fotarbeidet til Noralv/Øystein/Asbjørn og Anne Lise/Audrid. (Foto: Sylvfest Bell)

IMG_2707 (42K) IMG_2710 (38K) IMG_2700 (38K)
Stilstudie, springar

IMG_2708 (71K)
Stilstudie II, springar

IMG_2701 (63K)
Britt Elise har kontroll på fela og dansarane

Somme av oss treng å pugge songtekstar, og her finn vi dei: Mellom bakkar og berg, Lars Lenkelifot og Stigelin.

Oppdatert 22.6.08


Nettverk for stildans

Det er oppretta eit nettverk for stildansgrupper. BUL er ikkje aktiv der, men Bygdaliv får tilsendt rundskriv. Noko av informasjonen er med i kalenderen, og fullstendig program ser du her. Det meste går for seg på Austlandet. Vi merkar oss at motedansane for 2008/2009 er Francaise i firkant, Menuetpolonaise og Carolinas Kadrilj.

Det norske miljøet bruker ord som «stildans» eller «kontradans» om det dei driv med, men snusar også på orda «balldans» og «salongdans». Kontaktperson er , tel. 907 82 488.

Den som er interessert i å sjå opptak av stildansar, kan kjøpe DVD-ar av , tel. 35 50 09 25. Det er i alt 3 plater med 44 ulike dansar, sjå innhaldslista. Prisen er kr. 50 pr. stk pluss porto. Kvaliteten på opptaka varierer, men dansane er fine.

Nordlek 2009 i Lahti er det stor satsing på «historisk dans», som det kallast i programmet. Onsdag 1. og torsdag 2. juli skal det vere kurs både føremiddag og ettermiddag, med ball torsdag kveld. Dei norske dansane på ballet er Fransese, Menuetpolonaise, Pas d'Espagne, Trondheimar frå Ofoten og Fandango frå Storelvdal. I tillegg er det 5 svenske, 5 danske og 4 finske dansar på programmet.

BUL-folk som var på eit liknande opplegg i Göteborg i 2006, fekk litt bakoversveis. Det var dyktige instruktørar, men altfor mykje som skulle lærast på kort tid, og på ballet gjekk det litt i «ball» for somme av oss. I Lahti er det sett av meir tid til kurs, så det blir kanskje betre. Det er også planlagt eit kurs i Oslo 8.-9. november 2008 for norske balldansarar som tenkjer seg til Lahti, og ei nordisk instruktørsamling i Göteborg 4.-5. oktober.

Oppdatert 17.6.08 (retta rotne lenker 9.1.13)


Aktuelt

Under denne overskrifta har vi notisar og lenker om saker som ikkje direkte vedrører BUL, men som vi gjerne held oss orienterte om. Kom med tips! Nyheitsbrevet No'idendur har slike saker for heile landet, og er ofte kjelde for Bygdaliv. Er du interessert, så meld deg på med å skrive til noidendur@c2i.net.

Det ultimate bunadkurset?

NTNU kjører kommande studieår kursa Drakt og samfunn I og II, 30 + 30 studiepoeng. Kjenner du nokon som er interessert? Søknadsfristen er 1. juli. Les meir her og her.

22.6.08

Leikarringen klar for ny sesong

Leikarringen til Romsdalsmuséet ventar no på turistane, melder Budstikka. Ny instruktør er Birgitte Nielsen, som vi også kjenner i BUL.

11.5.08

Dansebyen Molde

Romsdals Budstikke hadde 2. mai ei heilside om dansemiljø i Molde. Der finn vi Molde Swing- og Rockeklubb med Dance1More, BUL, Gla'dansklubben, Fellesforbundets pensjonistforening, A-Treff, Seniordans, Molde Line Dance Club, Molde Salsaklubb og Studio 11.

Artikkelen er laga av BUL-medlem Oddmund Osen, og finst dessverre ikkje på rbnett.

11.5.08

Fylkeskappleik i Surnadal

Nei, Bygdaliv var ikkje der, men vi har lese i Budstikka at både Britt Elise Skram og Jorun Marie Rypdal Kvernberg gjorde det bra. Her skulle vi ha hatt ei lenke til den artikkelen. Men når vi går til rbnett.no og søker på «fylkeskappleik», kjem det berre opp to andre saker som gjeld dei same personane. Dåm og Drag hadde eit prikkfritt arrangement i 2007, står det, og Jorun Marie sikra seg tre premiar - i 2003.

Medan Budstikka får orden på nettsidene sine, kan vi lese i Storfjord-nytt om dei lokale spelemennene på dei kantar, Thea Marie Ytterdal og Ingunn Linge Valdal, som også var på fylkeskappleiken.

Kvifor heiter det «spelemann», forresten?

20.4.08

Bok om felemakarar på Nordvestlandet

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har gjeve ut ei bok om felemakarar, opplyser Vikebladet.

Oppdatert 31.3.08

Dugnad på hytta

På svært kort varsel stilte sju BUL-folk til dugnad tysdag 6. mai for å fikse opp hytta til konfirmasjonssesongen. Som bileta viser, vart det arbeidd iherdig både inne og ute.

IMG_2418 (14K) IMG_2420 (10K)
Svein og Sylvfest tek unna feitt og støv...


IMG_2433 (19K)
...medan Noralv vaskar vindu...

IMG_2425 (22K) IMG_2427 (20K)
...og Jonn og Arild driv våronn ute

IMG_2428 (17K)
Svein og Ingeborg fortel om gjestinga hos 60 års-jubilanten Halka.

I tilfelle nokon lurer: Fotografen gjekk også rundt med ein klut.

11.5.08


Dugnaden på Reknes

tysdag 29. april har vi dessverre ikkje bilete frå. Nokon som kan skaffe?

11.5.08


Halka 60 år

Den polske folkedansgruppa Halka fylte nyleg 60 år. BUL og Lyngstad hadde mykje kontakt med Halka på 80-talet, noko som også gav eit lite bidrag til folketalet i Molde. Seinare har nok Lyngstad vore flinkast til å halde kontakten.

Til jubiléet reiste ein delegasjon nedover. BUL som lag og enkeltmedlemmer spleisa til ei gåve, eit Molde-panorama innkjøpt på Daae-hjørnet. Det kan hende at Bygdaliv kjem med reportasje frå besøket, dersom det lagar seg slik (les: dersom nokon lagar ein slik).

11.5.08


Danseprogrammet for vinteren og våren

Dette programmet er no avslutta, men her kan du sjå tilbake på det. Sjå også spesialprogrammet for Havleik.

DatoTemaKommentarar
9.1.Turdans20 frammøtte (11k+9m). Vi var innom turdansar frå Krabbelur til Gylleråsen, frå treturar til Åttepardansen, frå Seksmannsril til Sekstur II, frå «kyrkjevals» til krossedans og korsedans. I tillegg var det pols, springar og songdans, så det var ein innhaldsrik kveld. Det var også den kvelden då vi lo heile tida. Vi lo av det som gjekk feil, og når alt vart rett, lo vi av det.
16.1.Stildans24 frammøtte (13k+11m) kom med myndig rettleiing gjennom 5/6 av Fransese og 4/5 av Kvadrilje. Bra at alle møtte frå starten og fekk med seg heile kvelden.
23.1.Stildans19 frammøtte (11k+8m) vart to oppsett i Kvadrilje og fire dobbeltpar i Fransese, akkurat som på filmen, pluss at nokre veksla på å gå ut av rekkjene for å koke kaffi og kommentere. Vi er forresten ikkje fullt så gode som dei på filmen enno, men kom gjennom alle turane.
30.1.Dansar frå Vestlandet22 frammøtte (11k+11m) fekk vere med på alt frå treturar til Romsdalsspringar, frå «Nordmannen» til Kvadrilje.
6.2.Ril og songdans20 frammøtte (11k+9m). Lang og god songdansøkt, rilar for 10, 7, 3 og 1½ par, og innimellom ein fadese, orsak, fransese, og kaker til kaffien.
13.2.Vinterferie, inga øving 
20.2.Bytedansar24 frammøtte (13k+11m). Alt frå Korpsvängen og Hambo från Nissebo, som somme av oss hugsar litt av frå Göteborg-Nordleik, via barne-bingo til Er du skreddar og Anne Knutsdotter.
27.2.Dansar frå Sørlandet23 frammøtte (14k+9m). Mykje rart frå Sørlandet, alt frå Rugen til Totur frå Holt, frå Firetur frå Landvik til Per Sjusprang (ikkje Sjuspring, som eg skreiv først).

Her er nokre glimt frå denne leikøvinga. Takk til Anne Karin for bileta:

AKH027 (19K)
Innøving av kjede?

AKH032 (33K)
Trongt rundt kaffibordet

5.3.Rilar og rekker
Andre ringar var inviterte
30 frammøtte (17k+13m) frå Rauma, Lyngstad og BUL fekk med seg diverse rilar for seks og tre, Åttekrossedans, ny versjon av Sandsværril, Eikerril, Gylleråsen, kveldsmat og kaker, Fransese og Mølledansen før Rauma-folket måtte setje kursen mot ferja. Fotografen rakk dessverre ikkje å fotografere.
12.3.Bygdedans23 frammøtte (14k+9m). Pols, springar, halling, rull og hambo, Gylleråsen og nokre songdansar som har dei same stega, og innimellom bytedansar til å bli sveitt av.
19.3.Påskeferie, inga øving 
26.3.Rekkedans og songdans20 frammøtte (10k+10m). Sekstur I og II, Seierstad-hopsa, Hopser med og utan vals, Mølledansen, Fransese, ei rekke songdansar (du tok den?) og ein amerikansk ril som eg ikkje hugsar namnet på.
2.4.Nordiske dansar23 frammøtte (15k+8m). Skikkeleg skeiv kjønnsfordeling denne gongen, og ein dansar for lite til tre oppsett. Det må vi gjere noko med til neste gong. Vi byta oss fint gjennom Oxekow, Nyykytys og dei tre første turane av Kvadrilje, og med stordans og treturar etter pause gjekk det betre opp.
9.4.Nordiske dansar24 frammøtte (16k+8m). Kjønnsfordelinga var ikkje betre enn sist, men med så mange dansarar og sporty damer gjekk det akkurat opp i tre kvadriljeoppsett. Dermed vart det både Nyykytys, Oxekow, Engelska från Bohuslen og med uvanleg skjerping heile den norske kvadriljen i relativt bra stil. Innimellom var det sjølvsagt ein Ålandsschottis for å byte litt.
16.4.Samdansprogram
for Lillesand
21 frammøtte (12k+9m). Det låg ikkje føre noko samdansprogram, men det vart mange krossedansar og andre tretur- og rilvariantar, og til slutt Fransese og Mølledansen.
22.4.Besøk i Rauma, der spelemannslaget spela opp24 frammøtte (14k+10m), av desse 13 frå BUL. Det skal komme bilete i Bygdaliv, berre vent!
23.4.Samdansprogram
for Lillesand
21 frammøtte (12k+9m). Stildansnettverket hadde nettopp sendt ut danseliste for ballet under Folkekulturfestivalen, og vi rakk å gå gjennom mykje av det: Kvadrilje, Fransese, Mølledans, Figaro der alle dansar og Fandango frå Austlandet.

IMG_2284 (41K)
Moro med Kvadrilje

IMG_2299 (45K)
Kaffi og kaker høyrer til

IMG_2302 (30K)
Takk til Irene for framifrå rettleiing

Mai/juniØvingar med førebuing til HavleikSjå spesialprogrammet.

Her er programmet slik Irene først sette det opp. Mykje vart endra.

Er du ukjend i BUL og lurer på kva dette er, så er du velkomen innom på onsdagane til hausten for å sjå eller prøve. Du treng ikkje vere bonde eller ungdom, og medlem kan du bli seinare dersom du trivst. Reknes ungdomshus er i Sandvegen i Molde, nord for bispekontoret, som ligg nord for Aker stadion. Du kan også orientere deg i arkivet til Bygdaliv for å sjå kva vi gjorde i 2007 og tidlegare.

Både karar og kvinner er velkomne. Har du ingen dansepartnar, så kom likevel. Er det skeivt den eine eller andre vegen (begge delar hender, ja), så byter vi, så alle får danse.

Sjå også programmet til Sylte og Malme. Dei har hatt kurs i springar og pols. (Fleire ringar som har program? Send det til Bygdaliv!)

Oppdatert 11.5.08


Moldingar på Malme

Bygdaliv-redaktøren hadde rota med klokkesletta og kom for seint, men moldingane fekk likevel med seg eit halvt springarkurs på Vonheim i Malmefjorden søndag 27. januar. Temaet var Fræn-varianten av Romsdalsspringaren.

Kerstin og Palmer Løkseth var instruktørar, og dette er ein dans dei kan godt. Forskjellen frå Vestnes-varianten er i rundsnuen. Steget for Vestnes-karane er høgre-venstre-saman, medan fræningane gjer venstre-saman-høgre, omtrent som i masurka, men (liksom i Vestnes) med svikt på det første taktslaget. Det blir sikkert ein forskjell også for damene. (No manglar vi berre ein variant frå indre Romsdal. Det må vel bli saman-høgre-venstre - dersom dei får det til? Utfordringa går til Rauma.)

Dette var den første av to kurskveldar i Sylte og Malme UL. Den andre var i Rørospols søndag 3. februar, også med Kerstin og Palmer. Bygdaliv var ikkje der, men det var sikkert eit bra kurs.

Oppdatert 6.2.08