Oppdatert 6.12.14
Oppdatert 3.12.14
Oppdatert 23.11.14
30.10.14
Nordmøre og Romsdal Ungdomslag
Oppdatert 4.11.14
Oppdatert 31.10.14
Brosjyre for BUL
24.8.14
22.6.14
22.6.14
Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2014. Vil du heller gå til hovudsida?
BUL heldt årsmøte onsdag 3. desember 2014 kl. 19.30 på Reknes.
Undervegs var det kaffi og kveldsmat. Etter sjølve møtet vart det delt ut blomster og gode ord til Irene (danseinstruktør), Svein (utleigesjef for hytta), Arild H (rekneskapsførar), Arild J (revisor) og Lars (leiar, det siste var eit kuppvedtak frå resten av styret).
Randi B og Byrge lagar mat, andre får blomster
|
|
Om bakgrunnen, sjå annan stad i Bygdaliv. Kort sagt er bakgrunnen frå RU si side at det er liten aktivitet og vanskeleg å rekruttere medlemmer til styre og nemnder. Styra i RU og NUL har hatt felles møte og utarbeidd forslag til vedtekter for eit samla Nordmøre og Romsdal Ungdomslag (NRUL).
Styret i BUL har ikkje uttala seg om dette forslaget, men leiaren (eg) har gjort det, og har foreslått ein god del endringar. Dei fleste handlar om korleis styre og årsmøte skal fungere, og er nok lite kontroversielle, men det er nokre saker som kan skape diskusjon.
Forslaget har, etter mønster frå lova for NUL, nokså detaljerte reglar for kva årsmøtet skal vedta. M.a. skal det velje to bunadnemnder og to julehefteredaksjonar. Eg foreslår at alle slike nemnder blir flytta over i ein arbeidsplan som årsmøtet vedtek år for år, etter innstilling frå styret. Det er ingen vits i å skrive i vedtektene at det skal vere julehefte dersom ein ikkje har folk til å ta på seg oppgåva.
Romsdal Ungdomssamlag skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle tilskipingar i regi av Romsdal Ungdomssamlag skal vere rusfrie.
Styret i RU har meldt at det blir årsmøte i månadsskiftet februar-mars 2015. Truleg vil dette årsmøtet ta stilling til vedtekter og andre avtalar som vedrører samanslåinga.
Til årsmøtet i BUL la eg fram dette forslaget, som vart samrøystes vedteke:
Årsmøtet i BUL Molde er positivt innstilt til at fylkeslaga i Romsdal og på Nordmøre slår seg saman. Styret i BUL får fullmakt til å føre saka på vegner av BUL.
Oppdatert 6.12.14
Danseøvingane var som før på Reknes ungdomshus, onsdagar kl. 19.30-22.00. Alle dansarar er velkomne i BUL, både øvde og uøvde, norske og internasjonale (instruction in English as needed).
27. august | Dansar frå Trøndelag | 15 dansarar er ein bra start på sesongen. Trønderane har som kjent både pols og rekkedansar, og kvelden var prega av det. |
3. september | Lett blanding | Irene hadde meldt forfall, men Torill tok over, og det vart ei bra blanding av rekker, ringar og sjølvsagt pols for to og tre. Heile 20 dansarar. |
10. september | Ril | 12 dansarar + ein rekonvalesent. Det finst rilar for 3, 4, 6 og fleire dansarar, og denne kvelden rakk vi svært mange. Likevel vart det tid til litt meir, m.a. Firetur 2 og Fransese. |
17. september | Dansar frå Vestlandet | 12 dansarar. |
24. september | Dansar i rekke | 16 dansarar i alt frå fireturar til Fransese. |
1. oktober | Dansar i rekke | Andre leikarringar i området var spesielt inviterte, og det kom heile 27 dansarar til eit variert program: Hopser og hopsa, Mølledansen, Fransese, fireturar, Honnfeiv og menuett frå Lappfjärd.
Fleire bilete hos Folkemusikkarkivet. |
8. oktober | Haustferie | |
15. oktober | Dansar frå Austlandet | Med 19 dansarar kan vi få til kva som helst av rekker, ringar og firkantar som passar for 16, og attpåtil kan nokon lage kaffi eller kvile seg på skift. Alle er med. Denne gongen var det m.a. attersyn med Stjernedansen, som vi ofte har gjort med fire par i to rundar; nesten uvant å vere 8 par. Elles var det Fandango og Figaro, som vi heller ikkje har hatt på ei stund, og ein visitt til Fransese og Pas d´Espagne, «knipsedansen», som ungdommane seier. |
22. oktober | Dansar frå Nord-Noreg og litt internasjonalt | Etter Ril frå Dønna som oppvarming var det grundig gjennomgang av Nordlandspols. Elles m.a. Menuett frå Lappfjärd, Vilda Mathilda og Figaro der alle dansar, og "alle" var denne gongen heile 21. |
29. oktober | Dansar frå Sørlandet | Denne kvelden var det 7 ekte par. Nei, ikkje ektepar, men faktisk like mange av kvart kjønn. Dermed passa det å utvide Sørlandet i begge retningar og bruke litt tid på ein del typiske pardansar. |
5. november | Dansar i firkant | Berre ein dans heile kvelden, men det var Julekvadrilje, som har fire turar og mange detaljar. BUL har også hatt han som påskekvadrilje. 13 dansarar. |
11. november kl. 18.00 | Til Rauma | 15 på golvet i Isfjorden, av desse 8 frå BUL og nordsida. Rauma spelemannslag varta opp med gammaldans, springdans, pols og turdans. Dei har fin klang og rytme, og gjer noko som andre spelemannslag burde lære av: spør dansarane om tempoet er passeleg. (Det var det, berre så det er nemnt.) Sjølvsagt spela dei Vengedalsvalsen til slutt. |
Avlyst, sidan vi var i Isfjorden kvelden før | ||
19. november kl. 18.30 | Konsert med Kvernberg / Sandum / Sandum, dans etterpå. | Les meir her i Bygdaliv
Dørene opnar kl. 18.00 - møt fram i god tid! |
26. november | Julekvadrilje |
18 dansarar, 16 i gongen, gjennomførte Julekvadrilje i relativt bra stil, men det var godt å ha ein utropar (Irene) som fortalde kvar dei skulle til kvar tid.
I pausen fekk Irene takk og påskjøning for framifrå instruksjon også dette året. Det gode frammøtet viser at folk har lyst til å danse i BUL. Takkekortet t.h. er laga av Randi Irene Sylta. |
3. desember | Årsmøte i BUL | Innkalling med saksliste er send til medlemmene |
Her er det opphavlege programmet for hausten. Som vanleg vart det nokre endringar.
Om andre leikarringar, sjå Andre lag og miljø.
Oppdatert 3.12.14
Denne brosjyra inneheld haustprogrammet og litt meir. Last ho ned og skriv ho ut til utdeling (tosidig, brett på midten). Eller vent på vinterversjonen, som kjem i januar 2015. Kontakt (tel. 905 67 621) for å få ein ferdig bunke.
Brosjyra vart sist oppdatert 24.8.14, teksten her 3.12.14
Ungdomsgruppa flankert av Britt Elise Skram
og Anna Gjendem
Reknes ungdomshus var fylt «til randa» då ungdomsgruppa i Dåm og Drag stemte i denne onsdagskvelden. Dei varma opp for Jorun Marie Kvernberg og Hans og Øyvind Sandum, og spela også nokre slåttar saman med trioen.
Hovudkonserten var variert: lydarslåttar, springdans frå Romsdal og springleik frå Nord-Gudbrandsdal, og vanlege runddansar frå begge områda. Spelestilen varierte frå lett Midsund-Blø til traust heidøl. Med tre spelemenn vart det både trio, duoar og enkeltinstrument i alle kombinasjonar.
F.v.: Jorun Marie, Hans og Øyvind
Etter kaffipause med CD-sal og rydding av golvet stilte spelemennene opp på nytt, no med musikk til dans. Sjeldan har golvet på Reknes vore så fullt av dansarar, og gode dansarar. Vi ser gjerne at dei kjem på leikøvingane i tida framover.
BUL var arrangør av konserten, men det er ingen løyndom kven som gjorde hovudjobben: Anna Gjendem kom med idéen, overtydde ein litt skeptisk BUL-leiar, gjorde avtalar og dreiv eit framifrå PR-arbeid. Andre BUL-medlemmer ordna med det praktiske: mat og drikke, stolar m.m. Eit talrikt publikum var med på å gjere kvelden til ein verkeleg suksess.
Publikum kosar seg
23.11.14
Onsdag 19. november kl. 18.30 blir det konsert og dans på Reknes ungdomshus. Det er Jorun Marie Kvernberg og brørne Hans og Øyvind Sandum som spelar.
Jorun med venner har fleire gonger halde konsertar ulike stader i Fræna, og mange frå Molde har reist dit, men denne gongen er det Molde som er staden. Etter konserten og ein pause med kaffi og CD-sal vil trioen spele til dans. Berre det er verdt kvelden; det er ikkje ofte vi har slik dansemusikk på Reknes.
Ei gruppe ungdommar frå Dåm og Drag vil også spele, dels åleine, dels saman med trioen.
Inngangspengar kr 250 for vaksne, kr. 100 for ungdom under 18 år og spesialpris kr. 50 for medlemmer av Barneleikarringen. Dette inkluderer konsert, kaffi/te/kaker og dans (vel, danse må du gjere sjølv, men du får skikkeleg musikk!). Arrangør er BUL i samarbeid med Anna Gjendem frå Folkemusikkarkivet. Arrangementet får støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dørene opnar kl. 18.00 - møt fram i god tid! Og for ordens skuld: Det blir altså ikkje vanleg leikøving den onsdagskvelden.
Den same konserten, men utan Dåm og Drag, går også i Vågbø grendahus i Tingvoll 18. november kl. 19.30.
Oppdatert 30.10.14
Foto: Geir Dokken
Med fellesnemnaren Øyvind Sandum på trekkspel slår dei to folkemusikkduoane Kvernberg/Sandum og Brødrene Sandum seg saman til ein ny trio. Det blir retteleg god musikk å både lytte og danse til når dei spelar opp til konsert og dans på Tingvoll og i Molde.
Den felespelande romsdalingen Jorun Marie Kvernberg (1979) er kjend for mange både som merittert solist og som solid ensemblemusikar i mellom anna Majorstuen og Tindra.
Gudbrandsdølen Hans Sandum (1980) har gått tradisjonsvegen og fått opplæringa si utanom dei formelle læringsvegane, på stova heime hjå tradisjonsspelemenn som Rolv Brimi, Thor Holbø, Knut Kjøk, Øyvind Skogum og hjå mor Ingebjørg Sandum. Veslebror Øyvind Sandum (1982) trakterar både trekkspel og durspel, og det på ein måte som har skaffa han ikkje mindre enn 20 gullmedaljer og ein kongepokal!
Våren 2013 vart det utgitt to CD-ar med dansemusikk på fele og trekkspel som fekk mykje merksemd. Den eine var «Møyllmål», ein dokumentasjon på brørne Sandum sitt nærast medfødte duosamspel. Repertoaret her var gamal slåttemusikk frå Gudbrandsdalen, og då særleg frå deira heimbygd Lalm, mellom anna i tradisjon etter dei sju legendariske Skogumbrørne.
Den andre plata heitte «Tidens Løsen» og var ei samling av runddansslåttar etter spelemannen Ole Blø frå Midsund i ytre Romsdal. Det luftige og spretne felespel hans sette djupe spor i Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum, og dei fekk ein sterk trong til å dele denne måten å spele gamaldans på. Begge CD-ane vart nominerte til Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel.
På konsertane med Sandum/Kvernberg/Sandum vil publikum få høyre både tre solistar, tre duoar og ein ny trio! Dei to duoane vil som trio leike seg i det musikalske møtet mellom kyst og dal. I lys av kvarandre vil dei to ulike tradisjonane framstå endå tydelegare.
Sjølv om dei to felespelarane i trioen er jamnaldra, representerer dei to ulike generasjonar av folkemusikarar. Jorun Marie Kvernberg var ein av dei første som fekk ta formell utdanning innan utøvande folkemusikk. Hans Sandum har derimot gått den tradisjonelle vegen og har nådd eit særs høgt nivå gjennom å oppsøke eldre spelemenn. I dag byrjar det bli ei sjeldan vare med elitespelemenn som ikkje er innom utdanningssystema.
Det er grunn til å tru at dei to utdanningsvegane tilfører musikaren ulike kvalitetar og kanskje også tildels ulik musikalsk estetikk. Musikarmøtet vil også sette fokus på dette viktige mangfaldet ein får ved at både den tradisjonelle spelemannen og den profesjonelle spelemannen får sin plass på scena, - og gjerne saman!
Foto: Geir Dokken
Jorun Marie Kvernberg (1979) er frå Fræna i Romsdal, og er busatt i Volda. Kvernberg har jobba som utøvande folkemusikar på heiltid sidan 2004 etter endt utdanning ved Norges Musikkhøgskole (4 år utøvande kandidatstudium i folkemusikk, 1 år PPU). Utøvar i Tindra, Majorstuen, Unni Boksasp Ensemble, Gabriel Fliflets Valseria m.m. Som solist spelar ho folkemusikk frå heimfylket.
Øyvind Sandum (1982) er frå Lalm i Vågå, bur no i Oslo. Han spelar trekkspel/durspel og har musikkutdanning frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen på Hamar. Frå haust 2014 arbeider han som fulltids musikar og dansar. Spelar også i gruppene Nordafjells, Sol i Skuggeskog og Øyvind Sandum trio. M.a. 20 gullmedaljer frå tradisjonelle meisterskap i folkemusikk (Landskappleik og Landsfestival).
Hans Sandum (1980) er fra Lalm i Vågå, bur i Oslo. Hans har lært felespelet gjennom å gå i privat lære hjå m.a. Knut Kjøk, Rolv Brimi og Øyvind Skogum. Han har ikkje musikken som leveveg, men er leiar av Sofienberg spelemannslag og har vore sentral i både Heidal Spelemannslag og studentspelemannslaget Flatlusa (Ås).
Til Bygdaliv 30.10.14
Det pågår ein prosess for å slå saman Nordmøre Ungdomslag og Romsdal Ungdomssamlag (RU). Bakgrunnen frå RU si side er at det er lite aktivitet og vanskeleg å rekruttere medlemmer til styre og nemnder.
Saka er tidlegare omtala her i Bygdaliv. Les meir om bakgrunnen der.
Dei to fylkeslaga har hatt tre felles styremøte. Dei går inn for at RU blir lagt ned og går inn i Nordmøre UL, som vil skifte namn slik at Romsdal blir med i namnet. Styra har utarbeidd eit forslag til vedtekter, som dei no har sendt på høyring til lokallaga. Høyringsfristen er 3. november. Styra skriv:
Vi skal nå danne eit heilt nytt lag og dere alle har nå muligheten til og være med og forme det nye laget. Så vær så snill og kom med ei tilbakemelding på de tre punktene i dette høringsutkastet. (Vedtekter, namn og logo.)
BUL har tidlegare uttala seg positivt til samanslåing. Vi må sjølvsagt ha alle dokumenta på bordet for å ta endeleg stilling, men det er ikkje mange alternativ, for å seie det slik. Årsmøtet i BUL vil få ei orientering og høve til å gjere vedtak, dersom saka står slik at det er noko å vedta på det tidspunktet.
I mellomtida må styret uttale seg på vegner av BUL. Medlemmene kan sende kommentarar til vedtektene og prosessen til styret, helst innan leikøvinga 22. oktober.
31.8.14
BUL rakk ikkje å styrebehandle denne saka før fristen. Det må eg (Lars Staurset) som leiar ta ansvaret for, sidan vi i utgangspunktet hadde god tid. I staden har eg dei siste dagane laga ei samanstilling av dei ulike lovene (vedtektene) og notert ein del forslag til forbetringar. Dette har vore på sirkulasjon blant styremedlemmer og andre tillitsvalde, og det har kome inn nokre nyttige kommentarar.
Seint 3. november sende eg dokumentet, med endå fleire endringsforslag, til Nordmøre UL og RU. Sidan det ikkje er formelt styrebehandla i BUL, har eg ikkje sendt det frå styret, men som leiar i BUL (ein slags privatperson). Dei fleste forslaga er nok lite kontroversielle.
Førebels legg eg ikkje dette dokumentet ut her i Bygdaliv, men kan sende det til interesserte. Det er berre bra om fleire engasjerer seg. Kontakt meg på eller tel. 905 67 621.
4.11.14
Foto frå Youtube
Vebjørn Bakken, veteran i Leikarringen Symra og Oslo Songdanslag, har laga dansemåtar, organisert opptak og lagt ut videoar på Youtube. Det er nokre musikkdansar, slik som Menuettvals i kvadrilje, og mange songdansar. Sjå f.eks. Kjerringa ho vart ballfeittlaus.
På Youtube er det mykje folkedans, og apropos Symra, så har ei polsk dame som deltok på grunnkurs der, samla nokre klipp og lagt ut. Kan brukast som instruksjonsvideo!
Oppdatert 31.10.14
Foto: Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal
Bygdaliv-red. hadde ikkje høve til å delta på dette kurset, men på nettstaden til Folkemusikkarkivet ser vi at det var BUL-folk der.
Les også om spelkurset same stad.
Oppdatert 1.9.14
Sommaren er ei tid for festivalar, også for folkedans. Mange Bygdaliv-lesarar har sikkert vore på noko. Har du ein liten tekst og kanskje eit bilete som du har lyst til å dele med andre? Kontakt Bygdaliv-red. på eller telefon 905 67 621.
7.8.14
Spelemannen Olav P. Hjelvik har tidlegare gjeve den store notesamlinga si til Rauma folkebibliotek, som no - saman med frivillige - har skanna (digitalisert) innhaldet og gjort det tilgjengeleg på nettet.
Dette er altså ikkje ferdige innspelingar (lydfiler), men notar for dei som vil spele sjølve. Notane ligg som pdf-filer på nettstaden til Rauma kommune, til fri nedlasting.
Kommunen markerte hendinga med musikk og dans, kaffi og kaker i Kulturhuset onsdag 18. juni. Fem spelemannslag - Dåm og Drag, Grendalaget, Rauma Spelemannslag, Romsdal Spelemannslag og Valldal Spelemannslag - gjorde ære på Hjelvik, saman med dansarar frå Rauma leikarring.
Spelemannslaga i aksjon (foto: Øystein Eik)
Dei som i tillegg vil sjå nokre av dansarane, og Hjelvik-en sjølv saman med nokre av drivkreftene, kan sjå notisen hos Folkemusikkarkivet, eller skaffe seg Budstikka for laurdag 21. juni og bla opp på side 52. Reportasjen der er ved Øystein Eik.
22.6.14
15. januar | Dansar i firkant | Heile 17 møtte på denne første øvinga. Danseprogrammet vart ikkje heilt firkanta, men justert etter frammøtet. |
22. januar | Dansar frå Trøndelag | 19 dansarar, av desse to heilt unge frå Barneleikarringen, kasta seg ut i polsar, treturar og rekkedansar. |
29. januar | Ril | Framleis stabilt og godt frammøte, denne gongen 18. I tillegg til diverse rilar vart det litt tid til pols og Fransese, den siste som innleiing til to øvingar med rekkedans. |
5. februar | Rekkedans | 21 dansarar og 2 gjester var med denne kvelden. Veldig bra! Kjønnsfordelinga var heller ikkje dårleg. |
12. februar | Rekkedans med gjester | 24 dansarar frå heile området, nesten like mange av kvart kjønn, stilte på to rekker. Firetur I frå Namdalen var den som kravde mest konsentrasjon, sjølv om (som Irene seier) det berre er kjede og vals. Men etter kvart gjekk det bra, både med den og Honnfeiv, Fransese og Mølledans, for å nemne nokre. |
19. februar | Vinterferie | |
26. februar | Dansar frå Vestlandet | 23 dansarar stilte opp i Åttepardans, Gilleråsen og diverse treturar, men også nokre rekkedansar. |
5. mars | Dansar frå Austlandet | «Kollisjonar» denne kvelden, men likevel 16 dansarar, som er svært bra. Mange av turdansane som somme av oss lærte på begynnarkurs, kjem frå Austlandet, og her vart det repetisjon. Dessutan Fransese med akkurat passeleg mange. |
12. mars | Dansar frå nord i Noreg | Denne kvelden vart det både nord og sør, sidan kvelden med sør går ut (nedafor), og jammen vart det noko midt imellom òg. 17 dansarar. |
Tysdag 18. mars kl. 19.30-22.00 | Rauma leikarring inviterte til dans i Isfjorden. | Sjå annan stad i Bygdaliv. |
AVLYST, sidan vi var i Isfjorden kvelden før | ||
26. mars | Dansar med stil | 16 dansarar i Fransese, og omtrent like mange i Pas d'Espagne, Firetur 1 og mykje anna. Stilen er ikkje så verst. |
2. april | Dansar i reinlendertakt | 17 dansarar, men nokså få karar denne gongen. Heile 4 var under 20 år. Det er bra, og dei lærer fort! |
9. april | Dansar i firkant | 17 dansarar i rundingar og firkantar. Det var repetisjon av den vanlege kvadriljen, og ikkje minst av julekvadriljen (eller vi kan like godt seie påskekvadrilje). |
16. april | Påskeferie | |
23. april | Dansar i firkant | 15 dansarar, halvannan time med jule-(påske-)kvadrilje med sju par. Etter pause ein serie rekkedansar frå Namdalen, og til slutt kvadrilje for seks par, rett gjennom. |
30. april | Repetisjon |
Bygdaliv har høyrt at det var 12 dansarar denne kvelden, og dei kom gjennom eit stort program. Kaker og smørbrød var det også rikeleg av. Byrge heldt tale og overrekte gåve til Irene, som påskjøning for framifrå instruksjon også dette semestret. |
Dermed er øvingsprogrammet slutt for denne gongen. Dato for oppstart til hausten er ikkje fastsett enno, men blir kunngjord her i Bygdaliv og i e-post til dei som er med på lista. I mellomtida kan du gå på øvingar i Malmefjorden (søndagar kl. 20) og på Lyngstad (torsdagar kl. 20).
Oppdatert 4.5.14
Fotografen hadde ikkje tid til å ta skikkelege bilete av dansarane, men kake- og kveldsmatbordet var populært
Heile 18 dansarar tok ferja over Langfjorden denne kvelden, var ute i god tid og kom seg på golvet så fort musikken starta, faktisk før vertskapet kom. Det var Rauma Leikarring som hadde invitert nabolaga til denne kvelden.
Saman med Raumafolket vart det «fullt hus»: To lange rekker i Firetur frå Nes (ikkje Næs) og Gilleråsen, tre oppsett i Krabbelur og mykje anna.
Golvet i Ungdomssalen var ikkje på topp denne kvelden. Tydelegvis har nokon søla med søte drikkar og ikkje gjort reint etter seg. Derimot var dansemusikken til Rauma Spelemannslag som vanleg førsteklasses, alle dansarane blide, og på kakebordet var det både søtt og sunt. Vi gler oss alt til neste invitasjon!
Oppdatert 23.3.14
Ungdomslaget på Tingvoll og Kattsmygarlaget inviterte til dansekveld på Tingvoll 9. mars. «Polsdans, pols, Gilleråsen og mye mer.»
Heidi-Iren og Øyvind dansar vals
Torill og Jens Erik i Rørospols
På Nordmøre heiter det polsdans, vi andre kallar det gjerne Nordmørs-pols. Denne kvelden var ca. 40 med på variert dans til musikk av Inge Godtland og trekkspelar Helge.
Høgdepunktet var utloddinga, der premiane var ein valfri dans med fylkeskultursjefen (blå lodd) eller vinnaren i Landskappleiken i 2009 (rosa lodd). Vinnarar vart Øyvind Fenne og Torill Steien.
Oppdatert 14.3.14
Det var fullt hus i Elnesvågen denne kvelden, og med god grunn. Gabriel Fliflet med band framførte Valseria, kjent frå Vossajazz 2013. Jorun Marie Kvernberg, på snartur til heimbygda, feira 8. mars med ei soloøkt der ho gav smakebitar frå repertoaret sitt.
Øyvind Fenne frå Romsdal mållag kjem med blomster til Gabriel Fliflet, Anders Bitustøyl, Jørgen Sandvik og Jorun Marie Kvernberg
Musikken varierte frå det virtuose til det rolege og vâre, prega av melodiøs folkemusikk i valsetakt og andre takter, og litt jazz somme stader. Jorunn meistrar perfekt fele, oktavfele, hardingfele, sitter og song, og vi merka oss eit intenst samspel mellom henne og Fliflet på flygel i andre enden av scena.
Songtekstane var av Kjartan Fløgstad, Einar Økland og «ein anonym trekkspelar», alias Fliflet'n sjølv. Det einaste Bygdaliv-redaktøren finn å trekkje litt for, er at gamle øyrer har vondt for å oppfatte tekstane oppå lydtrykket frå instrumenta.
Bedehuset i Elnesvågen var ukjent for mange, men viste seg å vere eit framifrå konsertlokale. I tråd med tida er dei religiøse dekorasjonane moderate, så huset passar til fleire slags bruk. (Vi har ikkje testa golvet som dansegolv.)
Romsdal mållag skal ha skryt for å få i stand slike konsertar. Dei siste åra har dei vore på ulike stader som Breidablik ungdomshus i Bud og Myrbostad kyrkje. Det skadar ikkje Molde-folk å ta ein tur til nabokommunen for å få ei kulturell oppleving, og denne gongen hadde mange gjort det.
På YouTube finst det ein del konsertopptak frå Valseria, sjå f.eks. dette. Merk at bassisten er ein annan enn på denne turnéen.
Oppdatert 9.3.14
Oppdatering 16.3.14: Jorun har i dag lagt ut på YouTube ein bånsull frå konserten.
Anna Gjendem heldt kurs på Vonheim i Malmefjorden søndag 2. februar, med god støtte av Britt Elise Skram på fele. Anna er spesialist på små, lokale dansar frå fleire delar av fylket. Denne gongen gjekk ho gjennom reinlendervariantar frå Sunnmøre, både beint fram og som bytedans (Storbytaren). Vidare var det hambo frå Ona og ein pariservariant frå Sunnmøre.
Storbytaren
Arrangør var Sylte og Malme UL, som også hadde skaffa rikeleg og god mat til deltakarane. Sjå heile vårprogrammet her.
Oppdatert 6.2.14
Dansekvelden i Stordalshallen samla som vanleg fullt hus, m.a. 12 frå BUL-SMUL-Lyngstad-Utheim og 6 frå Rauma. Middag, førsteklasses dansegolv, drivande god musikk og jamvel ei økt med songdans - dette er omtrent så nær vi kan komme ein leikfest!
Valldal spelemannslag
Her ser eg på deg, og du ser på meg
Oppdatert 28.1.14
Ja, men... var ho ikkje det frå før? Jau, og no er Anna Liv Skjelten Gjendem fast tilsett i stillinga. Ho har sett spor etter seg det siste året med å halde eller arrangere kurs i spel, dans, kveding og jamvel instrumentbygging. På nettstaden til Folkemusikkarkivet er det alltid mykje informasjon å finne.
Bygdaliv gratulerer!
Notert her 15.1.14
«Det gjekk visst ikkje så kleint, for folk klappa i hendene og ropa at det var bravo.» Les meir om Vangsguten og opphavsmannen hos Folkemusikkarkivet.
Notert her 15.1.14
Romsdalsspringaren er sjølvsagt mykje eldre, men det er 40 år sidan han vart filma, med lokale spelemenn og dansarar frå Romsdal Ungdomssamlag. Les meir om dette, og kva som hender med dansen no, på nettstaden til Folkemusikkarkivet.
Der finn du også lenker til to innspelingar på Youtube: Kerstin og Palmer Løkseth med Inge Godtland frå 2009 og Anna Liv S. Gjendem og Svein Oskar Smogeli med Arne Sølvberg frå 2012. Det er interessant å studere likskapar og forskjellar i danse- og spelestil.
4. juli, under Folkemusikkfestivalen i Ørsta, blir det kurs med smakebitar frå dei seks ulike springdansane og polsdansane i Møre og Romsdal. 31. august blir det kurs i Romsdalsspringar i Molde. Les meir hos Folkemusikkarkivet.
Notert her 22.6.14
«Lørdag 26. april er det spellemannvinnende Unni Boksasp Ensemble som spiller opp til fest på Sellanrå Samfunnshus i Tingvoll. I fjor vant de den prestisjetunge Folkelarmprisen 2013 for albumet ”Kvite Fuglar”.»
Unni Boksasp er eit kjent namn i folkemusikken. Etter polskvelden er det mange i BUL og nabolaga som veit kvar Sellanrå er (litt forbi Tingvoll sentrum og opp til venstre), og det er god grunn til å ta turen. Les meir hos folkemusikk.no.
BUL-folk kan avtale køyring på leikøvinga 23. april. Bygdaliv-redaktøren kan dessverre ikkje komme (opphald på Røros i fire veker), men ønskjer omtale her dersom nokon kan skrive nokre ord og gjerne ta eit bilete eller to.
17.4.14
Dette er staden for alle polselskarar. BUL og nabolaga har i fleire år hatt store delegasjonar dit, og i år var det oppunder 20 frå BUL, Sylte-Malme og Lyngstad samla.
Det starta med bli kjent-kveld fredag, også denne gongen flytta til gymsalen på Verket for å få betre plass. Men Sangerhuset er ikkje gløymt.
Bra fullt på Sangerhuset laurdag føremiddag
Nokon har robba kakebordet under leikfesten - dette er det som er att av 35 kaker
Med 265 deltakarar var det ikkje plass til å ha leikfesten på Glåmos, men på Verket gjekk det bra.
Søndag: Sølja dansar Prøysen-songdansar, og har fått mange med seg
Dei som ikkje hadde det altfor travelt med å komme heim, møttest på Sangerhuset til ei siste danseøkt søndag føremiddag.
Stemnegeneral Eystein Ryen takka for frammøtet, og ønskte alle velkomne tilbake til den 40. Rørosleken, 1.-3. mai 2015.
Oppdatert 4.5.14