Bygdaliv 2013

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2013. Vil du heller gå til hovudsida?


Vellykka kurs og juledans

Bortimot 30 dansarar fekk lære Polsdans frå Nordmøre frå grunnen av på Reknes 27. desember. Kurshaldar var Kirsty McKinnon, som har budd på Tingvoll i mange år og har tradisjon derifrå. Runhild Heggem frå Osmarka, folkemusikkstudent på Rauland, spela til. Før dansekurset heldt Kine Iselilja Gyldenskog songkurs i polstakt og andre takter.

Kirsty viste eit grunnsteg med «hopp over ei tue» på taktslag 1 og svikt på 2, men understreka at steget må tilpassast musikken. Runhild underbygde dette med å spele svært ulike slåttar og variere tempoet. Kirsty gjekk gjennom vendingane (av somme feilaktig kalla «turane») i polsen, og viste også at det same steget passar til andre dansar, særleg Gilleråsen i ulike oppstillingar.

IMG_0080 (142K)
Songkurset syng til dans - Kine nr. 2 f.h.

IMG_0090 (115K)
Runhild og Kirsty

IMG_0086 (338K)
Dansekurset (foto: Hanne Salthammer)

Utover kvelden var det variert juledans med Bjarne Lien si gruppe, Runhild og andre bidragsytarar. Deltakarane frå songkurset fekk synge til dans.

Det vart også tid til ein liten jubileumssong for BUL og invitasjon til dansarane om å komme på leikøvingar.

Kursa vart arrangerte av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, i praksis Anna Gjendem, med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF). Anna arrangerte også juledansen, saman med gode hjelparar og i samarbeid med BUL Molde.

Meir om kursa og juledansen: Plakaten og nettstaden til Folkemusikkarkivet med fleire bilete. Romsdals Budstikke hadde ein fin reportasje 28. desember, dessverre berre i papiravisa.

Oppdatert 29.12.13


BUL 80 år

Bondeungdomslaget i Molde vart skipa 13. desember 1933, og fylte altså nyleg 80 år. Laget har ikkje makta å halde jubileumsfest denne gongen. Tankane går til dei som drog i gang ungdomslaget og heldt det gåande i medgang og motgang.

Bygdaliv er ei interessant kjelde når ein vil sjå kva BUL har gjort gjennom desse åra. Ikkje så mykje denne nettstaden, som berre er ti år gammal, men papirbladet med same namn som vart delt ut eller sendt til medlemmene, og før det att den handskrivne boka som vart lesen opp på medlemsmøta. Dersom tida og helsa tillét det, skal vi komme tilbake til noko av dette stoffet. I mellomtida kan du sjå to bilete frå 1963 på nettstaden til Folkemusikkarkivet.

Namnet Bygdaliv på bladet til eit by-ungdomslag kan sjå ut som ironi eller heimlengt. No er det namnet brukt så lenge at vi sjølvsagt ikkje kan endre det.

I Bygdaliv 2004 kan du lese om festen ved 70-årsjubiléet.

29.12.13


Årsmøte

Årsmøte vart halde på Reknes 4. desember kl. 19.30 med 15 frammøtte medlemmer.

Saksliste med vedtak:

  1. Formalitetar
  2. Årsmeldingar
  3. Sluttorientering frå det avgåtte styret for Reknes ungdomshus
  4. Rekneskap med godkjenning av revisor
  5. Medlemskontingent (ingen forslag om endring) og budsjett (vedteke)
  6. Endringar i Lov for Bondeungdomslaget i Molde: §§ 5.3 og 6.8, vedtekne i samsvar med den utsende innkallinga
  7. Innkomne saker: Ingen saker var melde innan fristen
  8. Val: Resultatet vart i samsvar med innstillinga frå valnemnda.

Kaffi og kveldsmat undervegs.

Les det offisielle referatet.

I pausen var det ein uformell diskusjon om å slå saman Romsdal Ungdomssamlag med Nordmøre Ungdomslag, sjå nedafor. Saka var meld for seint til å komme med på sakslista, så det vart ikkje gjort noko vedtak, men det er liten tvil om at forsamlinga var positiv til forslaget.

Omframt årsmøte 12. juni

Dette møtet var innkalla for å gje styret og leiaren fullmakter i samband med endringane rundt Reknes ungdomshus. Om bakgrunnen, sjå artikkelen Tornekrattet og BUL samarbeider om Reknes. Les det offisielle referatet.

Oppdatert 14.1.14


Samanslåing Romsdal-Nordmøre?

BUL har motteke dette brevet:

Til ungdomslaga i Romsdal Ungdomssamlag

Styret i Romsdal Ungdomssamlag (RU) kjem til å fremme sak om samanslåing med Nordmøre Ungdomslag, med snarast mogleg verknad.

Slik situasjonen er i dag, er det lite aktivitet og særs vanskeleg å rekruttere medlemmar til styret og nemnder i RU.

Styret vil arbeide for at det nye fylkeslaget får namnet Romsdal og Nordmøre Ungdomslag. Vi foreslår vidare at dei økonomiske midlane som RU har i dag, overførast uavkorta til det nye fylkeslaget og at midlane skal brukast til kurs i dans og teater i heile regionen.

Styret ønskjer at laga i RU sjølv vel om dei vil vere medlem i det nye fylkeslaget eller om dei vil søkje seg til Sunnmøre Frilynde Ungdomslag. Vi oppmodar alle laga til framleis å vere medlem i eit av fylkeslaga tilslutta Noregs Ungdomslag.

Vi ber om at dette blir drøfta i styra i lokallaglaga og at de gir ei tilbakemelding til styret v/ Aud Solveig P Malmedal innan 15.12.13. adressa er: aspmalm krullalfa online.no.

For RU,
Heidi-Iren Wedlog Olsen

På årsmøtet i BUL 4. desember blir det høve til å ytre seg om denne saka, men ikkje gjere vedtak, sidan saka ikkje står på sakslista.

Notert her 26.11.13


Leikøvingane hausten 2013

Øvingstid er alle onsdagar kl. 19.30-22.00 så nær som i feriane. Staden er Reknes ungdomshus der det ikkje står noko anna. Nye og gamle dansarar er velkomne!

28. augustDansar for treDette vart dansar for 17 med rimeleg god kjønnsfordeling. Med så bra frammøte vart dei fleste treturane utsette til ein annan gong. I staden vart det to oppsett i Krabbelur, åttetur og kvadrilje, og bra lengde på rekkene i Seierstadhopsa, Firetur 1 og Lappfjärd-menuetten.

Øvinga vart litt amputert fordi stereoanlegget ikkje verka, men Kirsten A berga kvelden med å dra heim og hente ein CD-spelar.

4. septemberDansar i firkantDet meste av kvelden handla om Caledonian kvadrilje, men det vart også tid til Krabbelur og nokre trekantar. Nytt stereoanlegg var provisorisk på plass, og fungerte som det skulle.
11. septemberDansar i firkantKaledonsk og norsk kvadrilje, Krabbelur og litt pols innimellom.
18. septemberTrønderdansarFå dansarar denne gongen, men variert program med Tridans frå Meråker, andre treturar, namdalske fireturar og litt anna. Det var også ei lita økt med parhallingvariasjonar attpå kurset i helga.
25. septemberDansar i rekkeBygdaliv-red. hadde sjukdomsforfall, og var dessverre ikkje den einaste. Til gjengjeld vart det visst sett rekord i å danse Fransese med få deltakarar.
2. oktoberDansar i rekke20 dansarar frå BUL, Sylte-Malme, Lyngstad og Rauma laga lange rekker, og om ikkje alt var på framsyningsnivå, så var det skikkeleg god stemning! Vi rakk gjennom Hopser med vals, Fransese, Mølledansen, Firetur 3 og 1 frå Namdalen, Seierstadhopsa og Menuett från Lappfjärd, i tillegg til ein innhaldsrik matpause.
16. oktoberVestlandsdansarFørste øving på lenge med eit (lite) overskot av karar! Vestlandet har mange treturar, og no fekk karane prøve å stå på kanten. Elles var det både springar, halling og rekkedans.
23. oktoberInternasjonale dansarAmerikansk, afrikansk, italiensk, finsk, svensk og norsk.
30. oktoberDansar frå SørlandetReferenten noterte dessverre ikkje, men det var diverse rilar og turdansar frå sør. Elles var det m.a. den første turen av Julekvadrilje, som også Sylte og Malme øver på. Karane har funne vegen tilbake til BUL, og denne kvelden var det ekte par (ikkje det same som ektepar). Nytt golv er no inndansa.
6. novemberDansar frå AustlandetBygdaliv-red. var forhindra pga. sjukdom, men har fått melding om fem kvinner og fem menn på øvinga. Blir det slik at damene heretter berre får danse dame?
13. novemberDansar frå Nord-NoregNordlandspols, Ril fra Dønna og 3 turar av Julekvadrilje. «Skybert» fylte ut para i kvadriljen.
Tysdag 19. novemberVi gjestar RaumaRauma leikarring og Rauma spelemannslag i samfunnshuset i Isfjorden
4 dansarar frå BUL og Sylte-Malme fekk med seg denne dansekvelden.
20. novemberRilAVLYST sidan vi reiste til Rauma kvelden før
27. novemberEngelskdansarEtter nokre rekkedansar frå Namdalen var det tid for innspurten i haustsatsinga: Julekvadrilje med fem turar. Dei tre første turane sit rimeleg bra, dei to siste treng nok ei gjennomkøyring til. Sylte og Malme UL har også gjort julekvadrilje denne hausten, så somme dansarar har fått øve dobbelt.

MVI_0001 (198K)
Frå 3. tur

4. desemberÅrsmøteÅrsmøtet blir 4. desember. Innkalling er send ut til medlemmene. Ei av sakene er lovendringar som følgje av endringane i selskapet Reknes ungdomshus.

Her er ein plakat med programmet.

Vil du hjelpe oss å bli fleire? Vi har ei vervebrosjyre med program og praktiske opplysningar. Ring 905 67 621 for å få nokre eksemplar til å dele ut på arbeidsplassen eller skulen din. Du kan også skrive ho ut sjølv.

Om andre leikarringar, sjå Andre lag og miljø.

Oppdatert 1.12.13


Frå Reknes til BUL-hytta

Det gamle, utslitne golvet på Reknes er historie. Eller rettare: det er gøymt under det nye golvbelegget, som visstnok er Tarkett vinyl eller noko slikt. BUL-folket dansa på det onsdag kveld, og kunne konstatere at det fungerte svært bra. Ikkje så glatt som parkett, men heilt OK, og med minst like god svikt som før.

BUL flyttar no ein del ting frå Reknes, m.a. det store skåpet som har stått ved vestveggen. Det er plassert på hytta saman med bilete, teppe og andre pynteting som Tornekrattet ikkje har interesse av.

IMG_9942 (96K)
Det nye golvet under arbeid

IMG_9947 (112K)
Sylvfest og Byrge manøvrerer på plass overdelen til skåpet

31.10.13


Instrumentbyggekurs i Molde

Kleine Harfe

Førehandsomtale:

Har du lenge drømt om å bygge ditt eget instrument? Nå har du muligheten! Instrumentbygger Christoph Löcherbach fra Tyskland kommer til Norge for at du skal få prøve deg på instrumentbygger. Du kan velge mellom en rekke instrument, blant annet dulcimer, forskjellige harper, memlingfele, monochord osv. Det beste med dette kurset er at du ikke bare har bygget ett instrument selv, men at du har det for resten av livet.

Les info om kurset og hvilke instrumenter du kan bygge.

ByggeFele (70K)
Foto: Folkemusikkarkivet

Etterpå:

I løpet av fire dagar laga dei elleve kursdeltakarane sine eigne instrument. Stemninga var god og arkivet vil vurdere å kjøre det same eller eit lignande kurs ved eit seinare høve. Takk til alle som deltok. Her kan du sjå reportasjen som NRK Møre og Romsdal laga. Både Folkemusikkarkivet og Runhild Heggem har delt bilete frå kurset på nettsidene sine.

Hilsen Anna Gjendem

Tlf 70075092
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Adresse: Høgskulen i Volda, pb 500, 6101 Volda.

Først notert i Bygdaliv 23.6.13, oppdatert 31.10.13


Aktuelt i 4. kvartal

Kursserie: MØRO-springar i spel og dans

Kursa vert arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans. Det blir i alt seks kurs, og planane er klare for dei to første:

1. desember - Springar frå Tafjord:

12.00-15.00: Dansekurs med Anna Gjendem og spelmann Thea Marie Ytterdal.
15.30-18.30: Spelkurs med Ingunn Linge Valldal.
Stad: Grendasalen i Stordalshallen - Stordal.
Pris: 200 kr for ett kurs, 300 kr for to kurs.

Påmelding til innan 18. november.

27. desember - Polsdans frå Nordmøre:

12.00-15.00: Songkurs med Kine Iselilja Gyldenskog.
12.00-15.00: Spelkurs.
15.30-18.30: Dansekurs med Kirsty McKinnon og spelmann Runhild Heggem.
19.00-> Dansekveld.
Stad: Reknes Ungdomshus - Molde.
Pris: Sjå plakat med alle opplysningar.

Påmelding til innan 18. desember.

Fleire springarkurs:

Følg med på kurssida til Folkemusikkarkivet.

Oppdatert 4.12.13

Polsdansar blir fylkeskultursjef

Bygdaliv gratulerer den nye fylkeskultursjefen, som også er omtala annan stad i Bygdaliv.

Det blir vel ikkje Rørospols på fylkestingssamlingane, men kanskje kurs i pols og springar frå kvart av futedøma?

Fylkeskultursjef (157K)
Romsdals Budstikke 29.10.13

Notert 31.10.13


Heidi-Iren nr. 2 i pols-VM

Heidi-Iren Wedlog Olsen og Bjørn Sollie gjekk nesten til topps i VM i Rørospols i Vauldalen ved Røros laurdag 5. oktober. Etter innleiande runde med 23 par i seniorklassen, semifinale med 10, finale med 5 par og ei spennande poengsummering vart det klårt at 24 poeng heldt til andreplass, to poeng bak eit lokalt par.

Folkedansarar i Romsdal kjenner Heidi-Iren godt som instruktør i Sylte og Malme UL. Ho er også BUL-medlem, og går ofte på øvingane der. Som dansar har ho eit stort repertoar, men Rørospols er nok favoritten, og ho er svært populær på alle dansegolv i Røros-området.

Bygdaliv gratulerer!

IMG_9864 (83K)
Heidi-Iren har festa startnummeret på ryggen til Bjørn

IMG_9873 (121K)
«Par nr. 16 kom til finalen!»

IMG_9890 (187K)
Premiane er delte ut

VM var denne gongen bra internasjonalt, med tre japanske par og nokre svenske og blanda par i tevlinga. I tillegg var det tre juniorpar. Dei fleste som var på Vauldalen Fjellhotell desse dagane, deltok likevel ikkje tevlinga, men var der for å danse og kose seg. Fredag var det konsert og kveldsdans, laurdag kurs, middagsdans og tevling med fri dans innimellom. Musikken var ved ulike spelemenn og lag som hadde kvar sin stil, frå Dalakopa til Tron Westberg, men alt av høg kvalitet.

6.10.12


Dansetreff i Rauma 14. september

Denne laurdagskvelden inviterte Rauma spelemannslag til spel og dans på Trollstigen Gjestegård i Isterdalen. Valldal spelemannslag, Grendalaget og duoen Bjarne & Ingar var òg med, så det var førsteklasses musikk.

Før alle desse laga slapp til, heldt Anna Gjendem eit kort kurs i parhalling. Somme av oss har lært ein dans med det namnet før, med element som kunne ha vore henta frå Vestlandsspringar. Då er det vel rimeleg at Anna bruker element som liknar på Romsdalsspringar. - Alt er lov, seier Anna; sjølvsagt spissformulert, men det kan ikkje vere noko gale i å utvikle dansen i ei slik retning.

Lokalet på gjestegarden var romsleg til ca. 100 personar, av desse tre frå BUL og Sylte-Malme. No var ikkje alle på golvet heile tida - nokre spela og andre prata, og med ei søylerad langs midten var det eit solid skilje mellom dansesone og pratesone. Sjølve dansegolvet hadde ei steinaktig overflate som var passeleg glatt, men utan den svikten som eit førsteklasses golv har. I naborommet var det sal av mat og drikke.

Dette dansetreffet var kanskje starten på ein tradisjon? Det skal alt no vere bestemt nytt treff til neste år.

Bygdaliv-red. gløymde dessverre kameraet denne kvelden, men dersom andre fotografar vil dele bileta sine, tek vi gjerne mot dei.

Oppdatert 16.9.13


Aktuelt i 3. kvartal

Midt-norsk senter for folkemusikk og folkedans

5. september kom det melding om at regjeringa vil opprette regionale senter for folkemusikk og folkedans. Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans har som eitt av to slike senter ei oppstartsløyving på kr. 800 000,- over Statsbudsjettet 2014. Det er Stiftinga Hilmar Alexandersen som står bak Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans og som har søkt pengar til sentret over statsbudsjettet. Det andre sentret som har fått pengar til oppstart er Folkemusikk Nord i Målselv.

Les meir hos hilmarfestivalen.no.

Notert i Bygdaliv 28.9.13

30. juni-7. juli: Musik vid Siljan

Dalarna er eit vakkert område midt i sør-Sverige, med uvanleg rike tradisjonar for folkemusikk og -dans. Kvar sommar er det ei veke med små og store arrangement i byar og bygder rundt innsjøen Siljan. Ingen tevlingar, berre kos, på fiol, dragspel, nyckelharpa og dansesko. Praktfulle dansegolv i små bystugor (grendahus). Dessutan konsertar med annan slags musikk, foredrag, kurs, kapproing og mykje anna.

Mange reiste denne gongen rett over frå Røros til Siljan. For å danse svensk polska, er det nyttig å kunne norsk pols, men pass på: Ein norsk dansar må leggje bort hoiing, hælklapp og jamvel svikt; polska går nokså flatt, men stilig er det, og musikken er klangfull og vemodig.

Sverige har kanskje like mange polskor som Noreg har springarar og polsar. Berre i Rättvik kommune, innafor nokre mils radius, finst det fire nokså ulike: Rättvik, Bingsjö, Boda (gløym alt du har lært om korte steg) og Ore. På dansegolvet kan ein prøve seg fram, men helst gå på kurs, anten om dagen eller tidleg på kvelden, og sjå nøye på korleis svenskane dansar. Ein god lokal dansepartnar er den beste læraren.

Seks dansarar frå Molde og Rauma reiste til Siljan denne gongen. Vi gler oss alt til neste år!

Oppdatert 11.7.13


Aktuelt i 2. kvartal

Platedebut av Tore Rødølen

BUL-veteranar hugsar (Jørgen) Tore Rødølen, som var spelemann på leikøvingane ein gong på 80-talet. No har han gjeve ut ein dobbel CD med melodiar frå Otta og Sel, melder Sigbjørn Apeland i Dag og Tid: «Spelet til Rødølen er rett på sak: kraftfullt og nøkternt. Av og til kan det verka litt stivt og kvast i kantane, men likevel er det godt å høyra spel som er fritt for føleri og posering. [...] Her har me ein spelemann som leverer varene nakne og usminka utan freistnader på å vera hipp, sjangeroverskridande eller nyskapande.»

Dag og Tid 5.7.13, notert her 20.7.13

26.-30. juni: Landskappleik på Røros

Spel- og dans-miljøet på Røros og bygdene rundt står på: i år hadde dei ikkje nok med martna, Røros-lek og kommande VM, men arrangerte like godt landskappleik i tillegg. Så vidt Bygdaliv-red. kunne sjå frå og med fredag kveld, gjorde dei det med glans.

Landskappleiken er eit stort stemne, og ingen kan få med seg alt som hender. Tevlarar må finne plassane sine; turistar kan gå frå sal til sal og nyte slåttar, songar og dansar; dommarane har ein vanskeleg jobb, med somme tevlingsklassar som er nokså samansette, og sjølvsagt er det diskusjonar om tradisjonar, former og modernisering. Om kvelden kan alle ta seg fri og kaste seg ut i dansen. Vel, nesten alle, for nokre må selje mat og bere vassmugger til svoltne og sveitte dansarar.

Kva som var den største prestasjonen, skal vere usagt her, men den mest populære tevlinga var nok lausdans (halling) klasse A. 12 karar i tur og orden gjorde halsbrekkande øvingar med og utan hatt. Mest poeng fekk Hallgrim Hansegård, og det var vel fortent, men så er han proff, då.

Bygdaliv gratulerer Anna Liv Skjelten Gjendem og Mathilde Øverland frå Dåm og Drag med 1. plass i dans fele B og napp til opprykk klasse A, sjå reportasje i NRK Møre og Romsdal. Dei dansa springar frå Tafjord, som vi kan sjå i dette opptaket. Britt Elise Skram spela til.

Her er andre fine plasseringar av tevlarar frå Møre og Romsdal:

Komplett resultatliste finst på nettstaden til Landskappleiken. Anna Gjendem i Folkemusikkarkivet har lagt ut smakebitar av lokale tevlarar, og lenkene ovafor er henta derifrå.

Oppdatert 21.8.13


Tornekrattet og BUL samarbeider om Reknes

BUL har ikkje lenger kapasitet til å drive Reknes ungdomshus som før, og har ei tid sett seg om etter ei anna løysing. Inn frå sidelinja kjem Tornekrattet, supporterklubben til Molde Fotballklubb. Tornekrattet vil investere i huset, bruke det sjølv og leige ut selskapslokale og kontor omtrent som før. BUL vil også få bruke huset som før. Det same gjeld MC-klubben Snorre, som held til i den gamle skulestova.

Det er ikkje BUL, men selskapet Reknes Ungdomshus, som har festekontrakt med Molde kommune. Dette selskapet får no nye vedtekter, men det same formålet, og vil framleis oppfylle alle vilkåra i festekontrakten. Det får eit styre med tre personar og ei generalforsamling der både BUL og Tornekrattet møter. Selskapet avtalar den praktiske og økonomiske drifta med Tornekrattet.

Årsmøtet i Reknes Ungdomshus 12. juni vedtok desse endringane, etter fullmakt frå omframt årsmøte i BUL same dag. Ny generalforsamling i Reknes Ungdomshus 13. juni valde nytt styre. Årsmøtet i Tornekrattet 11. juni (sjå omtale i RBnett) gjorde tilsvarande vedtak. Sjå elles annan stad her i Bygdaliv om bakgrunnen.

Det nye styret for Reknes Ungdomshus er Tore Hagset, Vidar Andreassen og Per Olav Mordal. Kontaktperson for utleige er i første omgang Tore Hagset, tel. 958 06 521. Det skal etter kvart komme ei nettside for bestilling.

BUL har hatt ansvaret for Reknes Ungdomshus i 23 år, men må no gje opp kontrollen. Det er trist, men det er ingen veg utanom, og styret og årsmøtet har tru på at dette er den beste løysinga. På årsmøtet fekk det gamle styret blomster og takk for innsatsen, og det var gåver til Byrge Fitje og Valter Andreassen, som har gjort eit enormt arbeid. Nemnast bør også Alf E. Meisingset, som var BUL-leiar i 1990 og fekk i stand avtalen med kommunen.

IMG_9542 (194K)
Underskriving av avtalar: F.v. Oddmund Bjerkeset frå Tornekrattet, Lars Staurset frå BUL, Vidar Andreassen frå det nye styret for Reknes og Byrge Fitje frå det gamle styret. (Foto: Tore Hagset)

Oppdatert 16.6.13


Leikøvingane våren 2013

16. januarDansar frå TrøndelagGodt frammøte på den første øvinga i år. Trøndelag byr sjølvsagt på pols, men også treturar, rekkedansar (alt frå fireturar frå Namdalen til Hopser frå Ogndal), songdansar og ein klappdans.
23. januarRilFør pause: Rilar for tre, fire, seks og andre konfigurasjonar. Etter pause: ei økt med pols, springar, halling, kvadrilje og stjernedans.
30. januarDansar i firkantDen første økta gjekk med til to turar av Nasjonalkvadrilje, ein ny dans for alle. Ettar pausen: den vanlege kvadriljen, Firetur 2 og innimellom nokre polsar og treturar.
6. februar Rekkedans med gjester frå andre leikarringarRekkedans er ein namdalsk spesialitet, med Seierstadhopsa, Honnfeiv og tre fireturar, men det vart også tid til rekke-varianten av Firetur frå Romerike og to finske menuettar. Bra frammøte.
13. februarEngelskdansarFørste leikøving på lenge med overtal av karar, og kanskje den mest internasjonale leikøvinga vi har hatt! Studentar frå Kviterussland, Russland, Østerrike og Spania fann seg godt til rette med norske treturar, rekkedansar og halling (pluss litt svensk). Også språket var for det meste norsk.
27. februarDansar frå VestlandetOgså denne gongen godt oppmøte av norske og ikkje fullt så norske dansarar, og god stemning.
Tysdag 5. mars kl. 19.30 Vi gjestar Rauma leikarring i Isfjorden Mange på dansegolvet i Isfjorden denne gongen, av desse 12 frå BUL. Spesialøving før minnestund etter Ola Heinåli, som døydde 1. mars. Elles var det som vanleg drivande god musikk ved Rauma spelemannslag.
6. marsDansar frå AustlandetAVLYST fordi vi reiste til Rauma kvelden før
13. mars kl. 19.00Gjester frå BarneleikarringenBarneleikarringen (Romsdalsmuséet) var invitert til denne øvinga. Tre unge derifrå og heile fem frå det internasjonale miljøet ved Høgskulen var ivrige og lærte norske treturar, rilar, rekkedansar og jamvel litt halling og pols.
20. marsDansar frå SørlandetFrammøtet på leikøvingane blir betre og betre, både av norske og utanlandske dansarar, denne gongen i alt 23. Sørlendingane har vore omtenksame nok til å lage dansar som passar for alle.
3. aprilDansar med stilDei nye dansarane våre, som kjem frå ulike land, er utruleg lærenemme, og plukka faktisk opp kvadrilje med fem turar på ein kveld. Vi andre har jobba lenge med den. Det vart også tid til nokre rekkedansar, m.a. Menuett från Lappfjärd.
10. aprilDansar for treBUL har mange treturar på repertoaret, men fekk også tid til Fransese, ein gammal kjenning frå Oravais og nokre andre rekkedansar.
13.-14. aprilHyttehelg med lokale dansarAVLYST
17. aprilDansar i reinlendertaktAlt frå Rugen til Gammal reinlender, og gamle og nye dansarar hang godt med. Anna Liv S. Gjendem lånte litt av kvelden til å gjere opptak av Romsdalsspringaren slik BUL-folk dansar han.
24. aprilEngelskdansar

IMG_8855 (88K)
Irene får blomster og påskjøning for framifrå instruksjon også dette semesteret (foto: Anne Karin)

Tre namdalske fireturar, to seksturar og kvadrilje, og innimellom Eikerril, parhalling, menuett, pols og ei økt med songdansane til Røros-leikfesten - det var eit respektabelt program for den siste leikøvinga i vår.

For nokre av dei utanlandske studentane går Molde-opphaldet mot slutten, men vi håpar dei andre kjem att til hausten og får med seg nye. Som Irene sa: Dei gjer oss andre yngre.

Her er ein plakat med programmet slik det var frå starten.

Vil du hjelpe oss å bli fleire? Vi har ei vervebrosjyre med program og praktiske opplysningar. Ring 905 67 621 for å få ein bunke til å dele ut på arbeidsplassen din. Du kan også skrive ho ut sjølv (oppdatert 6.3.13).

Om andre leikarringar, sjå Lenker.

Oppdatert 25.4.13


Aktuelt i 1. kvartal

16.3.13: Dans med Sølvberg, Fjelljom og Romsdal

IMG_8642 (115K)
Arne Sølvberg fortel...

IMG_8643 (89K)
...og publikum følgjer nøye med

Denne laurdagskvelden baud på dansemusikk utanom det vanlege. Veteran-spelemann Arne M. Sølvberg og spelemannslaget Fjelljom frå Nordfjord gjesta Romsdal spelemannslag på Reknesstabburet. Dansegolvet vart fullt!

IMG_8653 (190K)
Ein gjeng utanlandske studentar er med på leikøvingane i BUL;
her er nokre av dei på dansekvelden

Oppdatert 23.3.13

23.2.13: Rørosmartnan

Nokon vi kjenner, har vore på Rørosmartnan og polsa (Youtube).

25.2.13

10.2.13: Plateslepp og konsert med Jorun Marie og Øyvind

IMG_8470 (99K) Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum

Breidablik ungdomshus i Bud var tilnærma fullt av fræningar, moldingar, pekaillar og ein frå Kviterussland då Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum presenterte den siste CD-en sin, Tidens Løsen - danseslåttar etter Ole Blø, Midsund.

Blø (1920-2010) var felespelar med ein særmerkt stil. «Som folkemusikkstudent i Oslo i 2003 vart eg for første gong kjent med Ole Blø sitt felespel gjennom ein kassett frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal,» fortel Jorun Marie Kvernberg. «Det eg høyrde der skilde seg drastisk frå det eg frå før trudde var lyden av slåttar frå Romsdal. Dei sindige og klangfulle bogestrøka som bestefar Peter L. Rypdal hadde stod i kontrast til dette muntre og luftige spelet som Ole Blø trylla fram.»

Publikum storkosa seg under konserten. Mange fekk «dansefot» i stolen av å høyre på vals og reinlender, polka og masurka med driv og perfekt samspel. Endå betre: Etter konserten vart det råd å ta med dansefoten ut på golvet, for Jorun og Øyvind spela vidare.

Platesalet må ha gått bra, for det vart tomt for plater.

Breidablik var ein ukjend stad for mange. Det viste seg å vere eit fint og velhalde ungdomshus som høvde godt til ein slik konsert. Det kan også bli eit bra danselokale, men golvet er litt tregt.

12.2.13

Framleis plass til Grønleik

Bygdaliv har tidlegare meldt at alle dei norske, av desse 6 frå Rauma, som har meldt seg til Grønleik, får plass. Det skal framleis vere muleg å melde seg på, men det kan bli vanskeleg å skaffe flybillettar og hotellrom. Vandreheim er eit alternativ.

Den norske delegasjonen ser ut til å bli størst, med ca. 30. Frå Sverige er det notert 25, og frå Færøyane 23.

Rauma-folket bestilte tidleg billettar og hotellrom. Reisa Åndalsnes-Gardermoen-Kastrup t/r med overnattingar vart billegare enn kalkylen min, flybilletten til Ilulissat litt dyrare, og hotellrom billegare. Dei reisande treng også mat på reisa og under opphaldet. Totalt blir nok det heile billegare enn eg litt vagt rekna med for alternativet med hotellrom, men dyrare enn med sovesal.

Oppdatert 12.2.13

Film frå Nordlek 2012

Denne meldinga frå Steinkjer kom litt for seint til julehandelen, så dette blir vinterkos. Bestill frå Nordlek-butikken. Same stad er det også lenker til andre filmar, m.a. Youtube.

21.12.12

26.1.13: Dansekveld i Stordal

Folkedansgruppa i Stordal hadde invitert til den årvisse dansekvelden i Stordalshallen.

IMG_8381 (245K)
Dansarane frå BUL, SMUL og LUL var tidleg ute pga. ferja, og her ventar nokre av dei på maten

IMG_8389 (339K)
Som vanleg baud Valldal spelemannslag på drivande god musikk.

Då er det berre å leggje til at maten var god, og stemninga på topp på eit fantastisk dansegolv. Det var 14 dansarar frå nordsida, pluss 4 frå Rauma.

Oppdatert 28.1.13


Situasjonen for Reknes ungdomshus

Merk: Denne artikkelen gjev bakgrunnen for saka, sist oppdatert 6.3.13. Om utviklinga etter det, sjå annan stad her i Bygdaliv.

Kulturminneskilt (129K)

Reknes ungdomshus er på nytt i spel. BUL-medlemmer må vere budd på eit omframt (ekstraordinært) årsmøte for å ta stilling til framtida.

Som kjent er det Molde kommune som eig det gamle barnesanatoriet, skulestova og grunnen omkring, men kommunen har festa det bort til driftsselskapet Reknes Ungdomshus (med stor U), som tilhøyrer BUL. Det er altså BUL som eig selskapet, men ikkje huset; her må vi halde tunga rett i munnen. Festekontrakten gjeld fram til 2070; BUL kan seie han opp, men kommunen kan ikkje seie han opp utan ved misleghald.

Planlegging

Kommunen hadde nok gløymt denne kontrakten då dei starta planlegging av den kommunale eigedommen vest og nordvest for Fylkeshuset. Tanken var å rive dei gamle husa og byggje bustader på området. Les meir om dette i Bygdaliv 2012. BUL, husstyret og dei viktigaste leigetakarane skreiv til kommunen og gjorde merksam på kontrakten, og understreka samstundes kor viktig Reknes ungdomshus er for byen. Mange bruker 1. etasje til møte og selskap, og 2. etasje, der Moldejazz har halde til, passar fint som kontor for frivillige lag og organisasjonar. Hovudhuset frå 1916 er skilta som kulturminne.

Etter dette høyrde vi ikkje meir frå planleggarane i kommunen, og vi reknar med at akkurat den delen av planen er lagt på is. Mykje tyder dessutan på at hovudhuset blir verna.

Hovudbygget (94K)

Arbeidskraft

Situasjonen no er at husstyret ikkje lenger har nok arbeidskraft til å drive vidare, og det er vanskeleg å sjå nokon som kan overta. Konkrete arbeidsoppgåver som reinhald kan setjast bort, men nokon må ha eit overordna oppsyn med hovudhuset og uteområdet, og drive utleige. Den gamle skulestova, der MC-klubben Snorre held til, er det ingen problem med.

Husstyret saman med BUL-styret har tenkt på ein modell der frivillige lag leiger kontor i 2. etasje, og der alle leigetakarane kjem med i eit nytt husstyre som tek ansvaret for drifta. Vi lufta den modellen for kommunen, som har oversyn over organisasjonslivet og ville hjelpe til med å finne leigetakarar.

Undervegs skifta kommunen fokus. Kommunen ønskjer no å ta tilbake eigedommen for å drive «Frivillighetens Hus» i hovudhuset. BUL får bruke det omtrent som før, men Snorre-huset er det usikkert med. BUL må i så fall be selskapet Reknes Ungdomshus seie opp festekontrakten, avvikle selskapet og gjere ny avtale med kommunen.

Det siste no er at BUL og husstyret er i samtalar med ein frivillig organisasjon som ønskjer å samarbeide om drifta. Denne parten vil bruke hovudhuset sjølv, og elles drive utleige som før, innafor rammene av festekontrakten med kommunen. Endeleg avtale krev noko papirarbeid som ikkje er ferdig enno.

Årsmøte

For BUL er dette ei stor sak som utvilsamt må avgjerast på årsmøte. Ho kan ikkje vente til ordinært årsmøte i desember, så det må bli ekstraordinært årsmøte, men det blir ikkje før påske, slik det halvvegs har stått her før. Papirarbeidet tek litt meir tid. Innkalling med meir informasjon vil bli send til medlemmene på vanleg måte.

Oppdatert 6.3.13


Anna Liv til Folkemusikkarkivet

BUL-medlem Anna Liv, sist sett i Molde på juledansen 28. desember, skal arbeide vidare med dansetradisjonar frå fylket, med base i Volda. Bygdaliv har motteke denne pressemeldinga:

Anna_Foto_Lovise (115K)
Foto: Lovise Sæter

AnnaOgIngaHamboOna (10K)
Hambo frå Ona

Anna Liv Skjelten Gjendem (24) frå Molde tek over som dagleg leiar (50%) ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) frå årskiftet 2012-13.

Gjendem er frå Molde og har utdanning innan folkemusikk og folkedans. Ho var mellom anna ein av dei fire utøvarstudentane som var nyutdanna fra Universitetet i Trondheim i Tradisjonsdans i sommar. No arbeider ho med ein mastergrtad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland.

Jobben ved arkivet inneber dagleg drift, innsamling, systematisering og utoverretta arbeid.

«Det er kjekt å kunne få fast jobb innanfor noko eg har utdanna meg i. For meg er dette ein god mogelegheit for å bli enno betre kjend med mitt eige fylke og alt materiale som vi har i arkivet. Eg ønskjer å få eit meir levande arkiv, med seminar og litt meir utoverretta virksomheit. Eg har mange idear, men må vel bite i meg at stillinga mi berre er 50 %. Ein kan gjere mykje, men ikkje alt på dessa prosenta,» seier Gjendem.

Anna Liv Skjelten Gjendem er godt festa i tradisjon og har gjennom sine studiar ved Universitetet i Trondheim hatt ei fordjuping på områdane Sunnmøre og Romsdal. Det vil seie at ho har arbeid mykje med arkivmateriale hovedsakeleg innan folkedans. Ho har studert gamle filmopptak, ned i minste detalj osb. I tillegg til å danse spelar ho einrader og torader, der ho og har eit lokalt repertoar.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal vart etablert i 1990. Det fekk lokale på Høgskulen i Volda, og har halde til der sidan. Fleire former for organisering og finansiering vart prøvde i løpet av dei første åra. I 1999 vart arkivet omgjort til ei stifting. Stiftinga består av fem deltakande partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal.

Her kan du sjå ein av dansane som Anna Liv har tatt fram i lyset igjen. På opptaket dansar ho med Inga Myhr, og Hilde Fjerdingøy spelar.

4.1.13

Sunnmørsposten på papir hadde ein fin reportasje 4. januar (s. 15). Bygdaliv gratulerer!

Anna_Foto_Birgitte (110K)
Foto: Birgitte Heneide

Hei

Eg heiter Anna Liv Skjelten Gjendem, og er den nye daglege leiaren ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Det er mykje som skjer innan folkedans og folkemusikk i fylket og eg ønskjer å få info om alt som skjer.

Når vert det arrangert juletrefestar, kurs, konsertar, turar og andre samkomer?

Så snart eg får informasjonar om dette frå dykk vil eg lage ein nyhende-e-post som eg sender ut til alle lag/enkeltpersonar som ønskjer det. Slik kan informasjonene om ditt arrangement nå ut til folk som kan være interessert i å delta, eller kanskje det kan verke som kveik og inspirasjon til vidare arbeid i andre lag.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal skal tene alle lag og einskildpersoner som er interessert i folkedans og folkemusikk.

Så send meg datoar, tidspunkt og ei kort melding om arrangementet. Eg har starta på ein liten kalendernettsidene våre.

Er det ellers noka eg kan hjelpe dykk med, er det berre å ta kontakt.

Send gjerne denne informasjonen vidare til andre som er aktuelle.

Beste helsing

Anna Liv Skjelten Gjendem
eller
Telefon til arkivet: 70075092

Motteke til Bygdaliv 7.1.13, lagt inn 10.1.13