Bygdaliv 2012

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2012. Vil du heller gå til hovudsida?


Suksess for juledansen

Over 40 dansarar var i aksjon på juledansen 4. dags kveld, etter at 6 hadde vore på kurs i dansespel og ca. 26 i dans den same ettermiddagen.

Spelemann under kursa var Britt Elise Skram, og instruktør for dansinga var Anna Liv S. Gjendem. For deltakarane blir ikkje Romsdalsspringaren den same heretter, for det er mange måtar å danse han på. Særleg i lausdansen går det an å utfalde seg - for begge partar.

Til kvelden hadde Britt Elise med seg gruppa Øresus, som spela både runddansar og bygdedansar. I pausane deira drog Runhild Heggem frå Osmarka og paret Leikny Aasen og Vidar Underseth frå Ålesund opp den eine bygdedansen etter den andre.

IMG_8349 (60K)    IMG_8353 (84K)    IMG_8351 (206K)
Britt Elise og Runhild hadde kvar sine turar med fela, og Anna Liv vart intervjua av Eirik Heen i Romsdals Budstikke

Budstikka hadde ein fin reportasje i papirutgåva 31.12. Den er så langt ikkje lagt ut på nettet.

Oppdatert 31.12.12

Juledans med kurs i Molde

Av Anna Liv S. Gjendem

Nærmere femti dans- og spelglade var samlet til kurs og juledans på Reknes ungdomshus fredag 28. desember. Det er andre året det arrangeres juledans i romjula, nytt for i år var tilbudet om kurs.

Påmeldingen var god både til spelkurset med Britt Elise Skram og dansekurset med Anna Liv Skjelten Gjendem. Tema for kursene var springar fra Romsdal. På spelkurset fikk deltakerne lært seg fire mer eller mindre kjente springarmelodier. Dansekurset hadde som fokus først å fremst å lære seg dansen, men de fikk og et innblikk i variasjon i steg og rundsnu. Det er viktig å ha fokus både på musikken og dansen. Blir ikke musikken spilt, blir ikke dansen danset. Og blir ikke dansen danset, blir ikke musikken spilt.

Til selve juledansen var det gruppa Øresus som spilte. Gruppa består av Britt Elise Skram, Steinar Vambeset, Sigmund Fiksdal og Bernt Hansen. De spilte runddansmusikk hovedsaklig fra Møre og Romsdal. Med den klassiske gammeldansbesetningen (fele, trekkspill, bass og gitar), får de fram det friske og melodiøse i musikken. Gruppa har flere ganger hevdet seg i konkurranser på nasjonalt plan, og har også vunnet lokale kappleiker.

Også Runhild Heggem, Leikny Aasen og Vidar Underseth spilte opp til dans i løpet av kvelden.

AnnaHB_IMG_0601 (125K)
Kursdeltakerne Martha Gjendem Lillebakk, Lovise Sæter og Julie Eriksson Bjørnstrøm
sammen med Anna Liv S. Gjendem (foto: Anna Hustad Birkeland)

Det er viktig å arrangere dans og kurs når ungdommen er hjemme på ferie. Vi kan ikke forvente at de reiser hjem ellers i året for et kurs, men når det er jul kommer mange. Og ungdommen kom på kurs og juledans. Det er fint å kunne lage et arrangement som er åpen for alle aldersgrupper, og der spennet i alder er fra 13-86 år. Det spiller ingen rolle om man er gammel eller ung for vi interesserer oss for det samme – folkedans og folkemusikk. Gledelig er det og at det kom folk både fra Tingvoll, Rauma, Vestnes, Ålesund og Molde.

Kurs og dans ble arrangert av Anna Liv S. Gjendem i samarbeid med BUL Molde og Ungdomsringen Snu Nordvest, med støtte fra «Rådet for folkemusikk og folkedans».

2.1.13


Vi tek med invitasjonen slik han har stått i Bygdaliv:

Juledans med kurs i Molde

Forrykende dansespill fra gruppa Øresus, spelkurs med Britt Elise Skram, dansekurs med Anna Liv S. Gjendem og alt dette i Romsdalstradisjon – dette bli knall!

Reknes Ungdomshus er stedet fredag 28. desember. Her blir det som i fjor juledans, men nytt av året er at det blir arrangert kurs i forkant av kvelden. Kursene har som tema – Springar fra Romsdal. Vi jobber ut fra tanken at: « Blir det ikke spilt springar, blir det heller ikke danset springar og blir det ikke danset springar, så blir det ikke spilt». Derfor arrangerer vi både kurs i spel og dans.

Gruppa Øresus spiller til selve juledansen. De er kjent for forrykende dansespill og her blir det mulighet til å svinge seg i både runddans og bygdedans. Vi håper mange tar turen for å møte gamle og nye venner midt i juletida.

Slik blir dagen:

15.00-17.00:Spelkurs i springar fra Romsdal med Britt Elise Skram. Ta med deg fela, trekkspillet, toraderen, fløyta og/eller deg selv.
17.00-17.30:Pause.
17.30-19.15:Dansekurs i Springar fra Romsdal med Anna Liv S. Gjendem.
19.30->Øresus spiller til dans + mulighet for at andre spillesugne kan få ei økt.

Sted: Reknes ungdomshus i Sandvegen 1A (bak fylkeshuset og Aker stadion).

Pris:
Dansefest: 100 kr
Dansefest + ett kurs: 200 kr
Dansefest + to kurs: 250 kr
Bare kurs: 100 kr for ett og 150 kr for to.
Barn under 16 år: 50 kr for dansefest og kurs.

Arrangementet er alkoholfritt. Det har kommet i stand med støtte fra Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF).

Påmelding til kursene sendes til innen 21.desember.

Har noen lyst å bake kake? send en mail til .

Anna Liv 1.12.12, tilpassa for Bygdaliv 2.12.12


Aktuelt i hausthalvåret

10. desember: Fylkeskulturprisen til BUL-medlem

På fylkestinget i Geiranger 10. desember fekk Ola Gjendem fylkeskulturprisen 2012. Han har mange år bak seg med allsidig kulturarbeid, ikkje minst med folkemusikk og folkedans. Bygdaliv gratulerer!

Sjå reportasjen på rbnett (Romsdals Budstikke). Biletet i artikkelen viser dottera Anna Liv på dansegolvet saman med Torill Steinjord. Ola står ved sida av Britt Elise Skram, som spelar fele.

Også smp.no (Sunnmørsposten) har ei melding om saka. Dei respektive papiravisene har 11. desember lengre artiklar, som Bygdaliv dessverre ikkje har lov å leggje ut på nettet.

Ola Gjendem har vore BUL-medlem i mange år. I 1980 var han programsjef for landsstemnet i Noregs Ungdomslag, og hadde ansvaret for eit svært innhaldsrikt og variert program. Etter stemnet var han ei drivkraft i å få laga stemnefilmen.

11.12.12

5.-7. oktober: Vauldalsmeisterskap (VM) i Rørospols

Heile 11 dansarar frå BUL, SMUL og Lyngstad hadde ei fin helg i Vauldalen, og eit par stilte opp i tevlinga. Det var sjølvsagt polsdansing seint og tidleg, men også fin musikk og fantastisk mat.

IMG_7801 (170K)
Delegasjonen frå våre kantar (fotograf: ukjend)

Til tevlinga laurdag kveld stilte 22 vaksenpar. Alle var frå Noreg eller Sverige, så denne gongen kan ikkje VM tolkast som verdsmeisterskap. Dansarane vart fordelte på fire kvalifiseringsgrupper. Ti par gjekk til semifinalen, og fem lokale par vidare til finalen, der berre eitt par dansa i gongen. I tillegg var det to juniorpar. Denne måten å byggje opp tevlinga på var eit stort framsteg, sidan det var få på golvet til kvar tid og lett å følgje med. Arrangørane må få trekk for ein del lange pausar då det ikkje hende noko, og ikkje berre på grunn av nytt og uvant miksebord.

Fredag kveld var det Sven Nyhus-feiring (80 år for tredje gong). Laurdag føremiddag var det kurs i Rørospols (dans og spel), og middagsdans etter lunsj. Både fredag og laurdag kunne publikum danse til utpå natta til ein utruleg serie med gode spelemannslag.

Korleis det gjekk med BUL-medlemmene Bente og Svein? Dei dansa fint i første runde, men kom dessverre ikkje vidare.

8.10.12

15. september: Leikfest i Rauma

Så var det endeleg tid for leikfest i Rauma. Ca. 70 personar var med på å feire at Rauma Leikarring har fylt 50 år. Her var det gamle og nye medlemmer, spelemenn frå Rauma og gjester både frå nabolaga og heilt frå Danmark. Det var helsingar frå BUL Molde og Rauma spelemannslag, og frå...

...David Swithenbank, engelskmannen som stifta laget i 1961. Han kunne ikkje reise så langt, men var der i ånda. Han hadde sendt eit langt brev på lytefritt nynorsk, ein vegg i lokalet var full av bilete og teikningar frå hans hand, og Audrey Digernes hadde samla kunsten og skrive om livet hans i boka Davidssoga.

IMG_7498 (47K)
Gunder Ølstadløkken
leiar laget og festen
    IMG_7499 (77K)
Marit Bergheim les opp brevet
frå David Swithenbank
    IMG_7513 (127K)
På veggen bak festlyden heng bilete av David Swithenbank

Elles var det full leikfest-pakke med velsmakande middag, dans til Rauma Spelemannslag (som vanleg drivande god musikk), turdansar, songdansar og eit gedigent kakebord. Det er lenge mellom leikfestane no, men denne gav meirsmak. Takk for festen, Rauma!

Olav Hjelvik med Rauma Spelemannslag
92-åringen Olav Hjelvik har lånt ei fele, og spelar
Romsdalsvalsen saman med Rauma Spelemannslag.
Klikk på biletet for å sjå video!

Sjå også reportasje med flott Krabbelur-bilete i Budstikka på papir 19. september.

Oppdatert 20.9.12

9. september: Folkemusikk i Veøy gamle kyrkje, Veøya

Denne konserten var det Romsdalsmuséet som arrangerte. Gro Kjelleberg Solli med gruppa Teger og Britt Elise Skram med Werner Barth deltok. Bygdaliv var ikkje der, men Budstikka hadde ein fin reportasje i papiravisa onsdag 12. september.

Oppdatert 12.9.12

2. september: Jorun-konsert i Rødven stavkyrkje

Fortidsminneforeningen, populært kalla Mottemjølforeninga, gjer meir enn å mimre om gamle hus. Dei bruker husa! Denne gongen hadde dei invitert Jorun Marie Kvernberg til å halde solokonsert i Rødven stavkyrkje.

Kyrkja var stappfull, og Jorunn trylla fram både slåttar og songar, alt frå religiøse folketonar til friske springarar etter bestefar Peder Rypdal.

IMG_7472 (90K)
Sjå nøye på dette biletet. Kor mange feler er det? Jau, Jorunn syng og bruker både fele og hardingfele på ein gong!
    IMG_7479 (100K)
Jorunn syng og spelar sitter. Musikken var så fyldig at ein frå publikum lurte på om ho brukte innspela orgelkomp. Bygdaliv-red. sat 1/2 m unna og kan vitne om at lyden var ekte.

Oppdatert 4.9.12


Årsmøte 5. desember

Det var årsmøte i BUL på Reknes onsdag 5. desember kl. 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker var det orientering og debatt om framtida til Reknes ungdomshus.

Sjå sakspapira her:
Innkalling med saksliste
Årsmelding med eit tillegg som årsmøtet vedtok å ta inn
Årsmelding frå hyttenemnda
Rekneskap for 2012
Budsjett for 2013
Orientering frå husstyret om Reknes ungdomshus
Referat

Kirsten Aure gjekk ut av arbeidsutvalet (AU) etter 15 års teneste. Randi Reppe Bell overtok den plassen. I staden for henne kom Torill Steien inn i valkomitéen. Elles var det attval til alle verv.

IMG_8281 (61K)  IMG_8283 (45K)  IMG_8289 (56K)
Takk for innsatsen til Irene, Byrge og Kirsten (foto: Torill)

Som vanleg under årsmøta var det pause med kveldsmat. I pausen viste Torill Steien ei alternativ årsmelding med bilete og videoar frå det siste året.

IMG_8277 (172K)
Frøydis, Svein, Arild og Heidi-Iren følgjer med på den alternative årsmeldinga

Etter pausen var det debatt om framtida til Reknes ungdomshus. Det må inn ny(e) leigetakar(ar) i 2. etasje etter Jazzfestivalen. Husstyret saman med AU arbeider med å finne ei løysing.

Oppdatert 26.1.13


Program for hausten 2012

Leikøvingane er slutt for i år, men held fram i januar. Øvingstid er alle onsdagar kl. 19.30-22.00 så nær som i feriane. Staden er Reknes ungdomshus der det ikkje står noko anna. Nye og gamle dansarar er velkomne!

29. augustDansar for treSesongstart med mange treturar, til slutt litt rekkedans og kvadrilje.
5. septemberDansar i firkantFirkantoppsett er sjølvsagt kvadrilje, men også Krabbelur, Nyykytys og Trondheimar. Seierstadhopsa og Firetur 1 går i litt lange firkantar.
12. septemberDansar i firkantInnhaldsrik kveld med Krabbelur, danske seksturar, finsk Nyykytys, Trondheimar, Kvadrilje og tre turar av Lanciers, og innimellom litt pols, menuett og Kørsdans.
19. septemberTrønderdansarFrå Trøndelag kjem ril frå Selbu og andre treturar, songdansar med tjukke l-ar, Rørospols og diverse rekkedansar. Det vart også tid til ein repetisjon av Kvadrilje.
26. septemberMenuettarMenuettar frå Lappfjärd, Tjöck og Oravais, og ein liten kvadrilje til slutt.
3. oktoberDansar i rekkeRekkedansar er alt frå enkel Firetur frå Romerike til kompliserte fireturar frå Namdal. Ein finsk menuett passar også inn her.
10. oktoberHaustferie, ikkje dans 
17. oktoberDansar i rekkeStor dansekveld med 30 på golvet, medrekna gjester frå andre lag (10 frå Rauma) og tre rekruttar som fekk ein times innføring før dei andre kom. (På eit tidspunkt dansa Irene seksmannsril med fem karar, så det var nokon som fekk prøve nye roller.)
24. oktoberInternasjonale dansarBygdaliv-red. var bortreist, og dei internasjonale dansarane hadde forfall, men dei frammøtte hadde ei bra internasjonal økt og ei økt med trønderske rekker.
31. oktoberVestlandsdansarVestlandsdansar finst frå Bjerkreim til Aure, i vestre Nord-Trøndelag (fireturar) og i vest-Finland (menuettar). Dette var ein kveld med konsentrerte dansarar som rakk over mykje.
7. novemberDansar frå AustlandetAkkurat nok folk til diverse oppstillingar, både i rekker, firkantar og ringar, og på Austlandet er det mykje av slikt. Liksom sist var det konsentrerte dansarar som rakk over mykje. (Instruktøren er alltid konsentrert.)
14. novemberDansar frå Sørlandet og Nord-NoregDet meste av kvelden gjekk med til ein nordnorsk dans, nemleg Lanciers frå Vardø. Det er ei stund sidan sist, og dansen var heilt ukjend for somme, men dansarane kom gjennom alle fem turane i rimeleg bra stil. Det vart også tid til Ril frå Dønna og til ein som liknar: Totur frå Holt.
21. novemberRilI tillegg til rilar vart det repetisjon av Lanciers, diverse bygdedansar og to menuettar.
28. novemberBygdedansInnimellom økter med springarar, polsar og hallingar vart det også tid til nokre rekkedansar. Ei stund i starten var karane faktisk i fleirtal.
5. desemberÅrsmøte 

Her er ein plakat med programmet.

Vil du hjelpe oss å bli fleire? Vi har ei vervebrosjyre med program og praktiske opplysningar. Ring 905 67 621 for å få nokre eksemplar til å dele ut på arbeidsplassen din. Du kan også skrive ho ut sjølv.

Om andre leikarringar, sjå Bygdaliv-kalenderen.

Oppdatert 6.12.12


Valter 70 år

Valter Andreassen fylte 70 år 1. november, og feira med stort selskap laurdag 3. Yngre BUL-medlemmer (det finst nokre!) kjenner han som krumtapp i drifta av Reknes ungdomshus. Men han har ei lengre BUL-historie bak seg. Vi gjev ordet til Alf Meisingset, leiar i BUL for tjue år sidan:

Valter1992 (81K)
Illustrasjon frå Bygdaliv 4/92
   

«Valter kom hit til byen som pure ungdommen. Han kom og tidleg med i BUL. Den første perioden i laget var frå 1964 til 1969. Han var så ein periode på heimlege trakter, i Bodø. Etter at han kom att derifrå kom han inn i BUL på nytt i 1980.

I 1979 vart han spurd om å ta på seg jobben med å lose NU-stemna 1980 vel i hamn. Å vera stemnegeneral var noko han tok på seg på strak arm. Leidde sine tropper med god orden fram til eit godt resultat.

Men det er ikkje berre her at BUL har gjort seg nytte av Valter sine gode administrative evner. På 70-talet hadde laget opplegget og leiinga av eit stort arrangement saman med Molde kommune og Romsdalsmuseet i samband med døypinga av Molderosa.

I dei seinare åra kjenner vi til den store og ihuga innsatsen for at laget kunne få sine eigne lokale på Reknes. Her er han framleis med i leiinga av huset med like stor entusiasme som før.

Huset blir i dag mykje nytta som møte- og selskapslokale av ymse slag. Dette må langt på veg tilskrivast det gode grunnarbeidet som i si tid vart gjort av den store ideskaparen Valter.

Valter var og med og gjorde ein kjempeinnsats for omlag 10 år sidan med innsamling til dansegruppa Halka frå Polen.

Eg kan ikkje ta med alt her, men berre no med denne runde dagen gratulere og takke for lang og god innsats for BUL.

Gratulerer med den 1. nov., Valter.»

Så langt Alf, sitert frå Bygdaliv nr. 4/1992. Alt saman er sant, men vi må ta med eit par ting til.

Valter hadde interessert seg for den gamle kvalstasjonen på Gossen, og faktisk laga ein modell av stasjonen. Kvalstasjonen vart seinare fjerna for å byggje eit enormt gassindustrianlegg, men det er ei anna historie. Til NU-stemnet i 1980, som hadde kystkultur som hovudtema, laga Valter med gode hjelparar ein diger og nokså realistisk modell av ein kval. Den heitte Jonas Andreassen, og skulle liggje ved Honnørbrygga i Molde under stemnet. Dessverre forliste kvalen under tauing, så det var ikkje mange som fekk sjå han.

Etter stemnet fekk Molde kommune Jonas i gåve, etter at andre idéar, som å frakte han til Mjøsa eller lodde han ut på BUL-hytta, var forkasta. Dessverre hadde ikkje kommunen vet til å ta vare på han. Gamle nummer av Bygdaliv fortel at Jonas sist vart sett på Rådhusplassen i 1982. Ti år seinare, då Molde skulle ha jubileum og hadde bruk for ein kval til å illustrere byvåpenet, fekk kommunen i staden laga ein tåpeleg teikneserieaktig figur som dei kalla Hvaldemar.

Halka, som Alf nemnde, var ei av fleire aust-europeiske dansegrupper som gjesta distriktet her, m.a. Nerush, sist sett i Malmefjorden i september 2012. Dansarar herifrå reiste på gjenvisitt. Både BUL, Sylte-Malme og Lyngstad var med på å organisere dette. Som leiar i BUL-ISU (Internasjonalt samarbeidsutval) var Valter ei viktig drivkraft.

I 1983 flytta BUL aktivitetane sine til Reknes ungdomshus. Valter var ei tid leiar i barnelaget, og representerte BUL i det kommunale husstyret. Då kommunen i 1985 la ned Reknes ungdomsklubb og dermed stengde 50-70 ungdommar ute, slo Valter til. Ungdomsklubben fekk status som særlag i BUL, og faste kveldar til diskotek. Vaksne BUL-medlemmer stilte opp som vakter. Dette gjekk bra ei stund, men etter ein episode med ein bråkmakar måtte BUL dessverre gje opp prosjektet.

BUL vil også ved denne runde dagen takke Valter for lang og god innsats. Han har gjort meir for BUL enn dei fleste av oss aner.

Oppdatert 7.11.12


Til Grønland i 2013?

Siste: 6 dansarar frå Rauma får reise til Grønleik. Det var i alt 27 norske søkarar, og alle får reise. Dette melder Gunder 7. desember.

Grønleik, eit ord som somme av oss brukte som spøk og med lengsel under Isleik i 2010, ser no ut til å bli alvor. Stemnet er fastsett til 6.-12. juli 2013. Liksom Havleik og Isleik blir dette eit Nordleik-stemne i miniatyr, med stor vekt på dans, men også med turar i området.

Grønland er eit eksklusivt reisemål, og mange har heilt sikkert lyst til å reise dit. Det blir kanskje berre denne eine gongen i livet, og då må det vere perfekt å kombinere det med dans og gode venner. Lenkene nedafor har meir informasjon om kva ein kan oppleve. Les gjerne dei først, og kom så tilbake til denne artikkelen med litt andre vurderingar.

Vertskapet, Ilulissat Kalattuuat 91, er eit lite lag med avgrensa kapasitet, og har sett grense på 175 deltakarar. Kvoten er 25 for Noreg, men Noregs Ungdomslag (NU) tilbyr 20 plassar. «Deltakarane må kunna bidra med program anten i form av danseframsyning, å leia/instruera dans eller bidra musikalsk.»

Dei som vil reise, må skrive ein søknad innan 1. desember. «Fortel om deg og kvifor du vil reisa, kva dansebakgrunn du har, kva du kan tenkja deg å bidra med og kvifor akkurat du skal bli vald ut. Folkedansrådet vil velja ut kven som får vera med utifrå kompetanse, alder, geografisk spreiing, og generelt inntrykk. Grupper/lag kan også søkja!»

Den siste setninga kom til så seint som 16. oktober, og er viktig. For mange er det avgjerande å få reise saman med gruppa si, og no blir det altså muleg - innafor totalkvoten på 20. NU har ikkje sagt noko om korleis dei vil prioritere grupper i forhold til enkeltpersonar. Eg gjettar at ei gruppe vil stå sterkast dersom ho kan by på noko som gruppe - la oss seie eit par som dansar springar, ein trio med ein spesiell tretur osv. Fire par til Krabbelur blir det vel ikkje plass til. Elles kjem NU sikkert til å lage eit norsk samdansprogram som deltakarane må øve inn.

Til Havleik og Isleik vart det norsk ekstrakvote. Det kan vere sjanse for det same til Grønleik, fordi nordmenn er meir pengesterke og/eller meir lystne på å dra i vesterveg enn finnar og svenskar. Dei som eventuelt kjem på ekstrakvoten, får ikkje vite det før utpå vinteren, og då er nok dei billegaste billettane utselde.

Å reise til Grønland er ingen sydentur. Det går rutefly frå København til Kangerlussuaq, der ein må skifte til eit mindre fly vidare til Ilulissat. Frå Molde via Oslo blir det altså tre flybyte, og sikkert ei overnatting, kvar veg. Eit lite søk i oktober 2012 etter billettar rundt stemnetida gjev billettprisar frå ca. 8.500 DKK t/r frå København. Ikkje legg for mykje vekt på det talet, sidan ingen kan bestille no. Ein dansk kalkyle seier 8-10.000 DKK. (Ei dansk krone er for tida omtrent lik ei norsk.) Legg så til Molde-København t/r: minst 3.000 kr + to overnattingar og mat, og vi endar på 13-15.000 kr for heile reisa. Det skal også vere muleg å reise via Reykjavik i staden for København. Den ruta har eg ikkje studert.

Danskane har vurdert gruppereise, men det førte ikkje fram. Eg har oppfordra NU til å vurdere charterfly saman med dei danske, svenske og finske organisasjonane. På ein måte burde det vere enkelt, sidan vi veit nokså nøyaktig kor mange som reiser totalt frå desse landa. Til gjengjeld blir ein då låst til bestemte reisedagar, som kanskje ikkje passar for alle p.g.a. tilknytingsreise og turar, og det er kanskje ikkje mykje å spare.

Danskane har no offentleggjort prisar for sjølve stemnet, vidareformidla via NU: Stemneavgift kr. 1050, skulelosji med madrass og frukost (morgenmad) kr. 210 pr. døgn og kveldsmat/middag kr. 120 pr. dag. For 7 døgn blir dette kr. 3.360, litt meir enn det som har stått i Bygdaliv før. Så skal alle sikkert vere med på festmiddag og eit par andre spesielle måltid, i alt kr. 450. Lunsj står det ikkje noko om, men dersom vi reknar sparsamt med 100 kr dagen, kjem vi opp i kr. 4.500 for stemne og opphald i ei veke. Det kan vel ingen seie noko på.

Det skal vere muleg å bu på vandreheim eller hotell, men ingen prisar er oppgjevne. Eit raskt søk i oktober gav hotellprisar på $132-234, men det blir nok dyrare til sommaren, la oss seie ca. 7.000 kr for ei veke, minus ca. 1.500 spart i skulelosji og frukost der. Då er vi på 10.000 for stemneavgift og opphald.

Så var det turane. Arrangørane foreslår både gratis fotturar og betalte turar med båt og helikopter. Eg har ikkje undersøkt prisane. Før ein melder seg på turar, bør ein også vite kva tid ein skal danse framsyning for NU. Det er kanskje betre å dra på tur før og etter stemnet. Det aukar opphaldsutgiftene, men kanskje flybillettane er billegare utanom rusjet.

Summen av dette blir noko slikt som 18.000 kr dersom ein er heldig med flybillettane, ligg i sovesal, ikkje er med på betalte turar og heller ikkje bruker pengar på noko anna. Så kan ein koste på seg meir ut frå kva budsjettet tillèt. Med hotell og turar kan ein lett komme opp i over 30.000 kr, omtrent som for ein Kilimanjaro-tur med safari.

Synest du denne artikkelen verkar negativ, så er det ikkje meint slik, men eg synest det er viktig å tenkje grundig gjennom dette, så vi ikkje går på ein smell. Les gjerne brosjyrene og nettsidene nedafor ein gong til, finn ut kva du ønskjer og undersøk prisane grundigare enn eg har gjort. Meld inn nye opplysningar til meg, så skal eg ta dei med her.

Så langt veit eg om fire personar frå Rauma som seier dei vil søke. (telefon 952 35 251) fungerer som kontaktperson.

Meir informasjon:
Brosjyre frå Ilulissat Kalattuuat 91, delt ut på Nordleik i Steinkjer
Nettside der Ilulissat Kalattuuat 91 presenterer stemnet
Brosjyre om folkedans på Grønland; denne versjonen er lettare å lese
Noregs Ungdomslag si nettside om Grønleik
Dansk nettside om Grønleik, med opplysningar om reise og prisar
Billettsøk
World of Greenland, turarrangør

Oppdatert 7.11.12


Ei veke med pols på Steinkjer...

Veka 10.-15. juli vart fylt av pols i ulike variantar. Ca. 2000 dansarar frå heile Norden møttest til Nordlek på Steinkjer. 20 kom frå Rauma, BUL og Sylte/Malme, og 18 av desse kamperte saman på gamle Steinkjersannan. Ein gjeng frå Lyngstad var også der, og sjølvsagt mange andre gamle og nye kjende.

Forresten var det ikkje berre pols på Nordlek. Det var kurs i turdansar, polska, menuett, humppa, tango, halling, ril, sving og dansar frå Danmark, Åland, Færøyane, Island og Grønland, det var dansekveldar der alt dette vart praktisert, det var konsertar og ball, framsyningar og buskspel, turar og utstillingar, bunadtog og hovudstemne.

IMG_7170 (299K)
Innøving av steg og tak i Åttemanna engelska (foto: Torill)

IMG_7117 (96K)
Audrid Grødal og Gunder Ølstadløkken blir intervjua av Bjørn Sollie frå NRK Trøndelag

Her er det ikkje tid til å skrive referat, berre vise nokre glimt. Det var råd å danse tidleg, seint og endå seinare, og dei fleste brukte tida godt og hadde ei stor veke. Dessverre vart det ikkje tid og plass for alle på det nordiske framsyningsprogrammet som BUL og andre ringar hadde øvd inn på førehand, men vi fekk bruke nokre av dansane på dei vanlege dansekveldane.

IMG_7187 (146K)
På Sannan før avmarsj - bunadene sit som dei skal
    IMG_7197 (185K)

Ovafor t.h.: Gunder Ølstadløkken (Rauma) bar NU-fana i bunadtoget, saman med Audrid Grødal (Rauma) og Oddbjørg Nesheim (Sylte og Malme); NU-leiar Endre Kleiveland er også med på biletet

IMG_7216 (217K)
Litt av bunadtoget

Det blir nok ein mimrekveld på BUL-hytta, kombinert med dansehelg.

Oppdatert 29.7.12

...og ei veke med polska ved Siljan

Nokre av dansarane herifrå reiste først til Musik vid Siljan i Sverige 1.-8. juli. Der vart hovudet og heile kroppen fulle av polskor i ulike variantar. Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell (sjå Bygdaliv 2010, Rundsnu på Mo) heldt todagarskurs i danseteknikk med Bingsjö-polska som eksempel. Sidan vart det råd å prøve seg på polska frå Boda, Malung og andre stader, med vekslande hell. Det er mykje å lære, og det blir kanskje ny tur neste år.

Mykje av dansinga gjekk for seg i bystugor (ungdomshus) rundt omkring, på praktfulle dansegolv og med fantastisk musikk. Ein dag og kveld var det stort stemne i Bingsjö. Musik vid Siljan er også konsertar, utstillingar, foredrag og kapproing med kyrkjebåtar, berre for å nemne noko.

18.7.12


Steinfestival med folkedans

Lyngstad leikarring, med forsterkingar frå BUL og Rauma, stilte opp på sankthansaftan under Steinfestivalen i Eide. Det var også mykje anna program, og steinkunst var sjølvsagt hovudsaka, men her konsentrerer vi oss om dansen.

IMG_6897 (251K)
Damene fekk hesteskyss til Straumsholmen, karane måtte gå

IMG_6925 (288K)
Snuspolka (foto: Martina)

IMG_6933 (293K)
Familiesekstur (foto: Martina)

IMG_6936 (333K)
Polonese saman med publikum, vi ser også festivalleiar Torild Storvik Malmedal og eit stilig barnebrurepar (foto: Martina)

IMG_6924 (187K)
Programleiar Arne Inge Kristiansen og spelemann Britt Elise Skram (foto: Martina)

Elles var det Rørospols, Tretur frå Aure og den heilt lokale dansen Krabbelur, med mange finter. Torill Steien presenterte bunader.

Dansen og resten av festen var svært vellykka, men så var det også ein fantastisk sommarkveld på ytre strôk. Straumsholmen, som er på Atlanterhavsvegen etter den første brua frå Vevang-sida, levde ikkje opp til namnet sitt. Det var ingen straum og ingen vind, men havblikk på alle kantar, og låg sol etter som kvelden seig på. Røyken steig rett opp frå små og store bål i heile området, og folk var ute og kosa seg.

27.6.12


Skal Reknes ungdomshus rivast?

Molde kommune har planar om utbygging av den kommunale eigedommen vest for Fylkeshuset. Den mest vidtgåande planen går ut på å rive Reknes ungdomshus og dei private husa ovafor, og byggje ut området med fire lågblokker.

Brev til kommunen - er huset berga?

BUL, saman med driftsselskapet Reknes ungdomshus, MC-klubben Snorre og Romsdal Ungdomssamlag (RU), sende 15. mai eit brev til kommunen. Brevet ber kommunen snarast slå fast at Reknes ungdomshus ikkje skal rivast, og at planarbeidet vidare skal ha det som grunnlag.

Molde kommune gav i 1990 ein festekontrakt på 80 år til BUL, seinare overførd til driftsselskapet. Det står uttrykkeleg at kommunen ikkje kan seie opp avtalen, bortsett frå ved evt. misleghald. Avtalen gjeld både hovudbygget, der BUL, RU og førebels Moldejazz held til, og skulestova, der Snorre har klubbhus. Hovudbygget vart bygd som «barnesanatorium» i 1916-18, og er det einaste som er att av det gamle Reknes sanatorium. Det er skilta som kulturminne.

BUL saman med Snorre har i alle desse åra halde husa og uteområdet i stand, utan kostnad for kommunen, og investert mykje. Andre lag og organisasjonar eller bedrifter leiger salane der til møte og kurs. Huset er mykje brukt som selskapslokale ved dåp, konfirmasjon og andre merkedagar. Det er eit av svært få kultur- og forsamlingshus som blir drivne på frivillig basis. I sentrum finst ingen andre hus med låg kostnadsterskel til allmenn bruk.

Kommunen har ikkje svara på brevet, men underhandskontakt tyder på at kommunen respekterer avtalen og lagar utbyggingsplan for resten av området. Reguleringsplanen vil truleg liggje føre til hausten, og då blir det høyringsrunde.

     reknes (30K)
Verneverdig? Iallfall nyttig. Og med lang festekontrakt.

For dei som lurer: Taket, som fekk nokre Dagmar-skadar, er no reparert, som forsikringssak.

Orientering frå kommunen

BUL vart kjent med saka onsdag 18. april før leikøvinga, då arealplansjef Jostein Bø orienterte om planarbeidet. Bakgrunnen er eit politisk ønskje om rimelege bustader for folk med liten eigenkapital. Tanken er at sidan dette er ei kommunal tomt, kan kommunen bestemme at prisen skal vere låg.

Planområdet er mellom Sandvegen og Bjørnstjerne Bjørnsons veg, det meste av trekanten på kartet og biletet nedafor. Den skraverte delen er Reknes ungdomshus med skulestova.

IMG_5742 (229K)

IMG_5744 (256K)

Ein alternativ plan er å spare det gamle huset og byggje to lågblokker aust for det, men der blir det litt trongt.

18 frammøtte hadde mange spørsmål og kommentarar om saka. Det handla både om verneverdi, om at eit slikt hus trengst som lågterskel-kulturtilbod, og om realismen i å bruke akkurat dette området, sjølve indrefileten av sentrum, til rimelege bustader.

Rimelege bustader?

Det gode formålet, å tilby rimelege bustader, kan fordufte nokså fort. Det er svært vanskeleg å halde ein politisk bestemt låg pris på bustader. Det krev minst like streng regulering som bustadkooperasjonen (Mobo og tilsvarande) hadde før 1982. Maksimalpris er ikkje nok, det må også vere eit system med forkjøpsrett e.l. for å hindre at seljar og kjøpar avtalar «pengar under bordet». Dersom ei slik ordning blir innført, men seinare oppheva, vil dei som slumpar til å eige desse bustadene akkurat då, få ein kjempegevinst, og det var vel ikkje meininga.

Oppdatert 27.6.12


Aktuelt i vårhalvåret

Juni/juli 2012: Landskappleiken på Otta

Vi gratulerer:

Elles noterer vi at «Runnom/Romsdal» deltok i open klasse, og at Hardingfelelaget i UL Ivar Aasen hadde to deltakarar på lista for spel hardingfele klasse C.

Alle resultatlistene finst på nettsidene til Landskappleiken.

Notert 1.8.12

Juni 2012: Reisebrev frå Seoul

Anna Gjendem set spor etter seg. No har ho dansa på ei verdsutstilling i Seoul saman med fem andre norske utøvarar. Les reisebreva.

Notert 22.7.12

9., 10. og 31. mai: Anna Liv og Mathilde med eksamen i folkedans

Anna Liv Skjelten Gjendem og Mathilde Øverland frå Molde er saman med Inga Myhr og Torill Steinjord det første kullet med eksamen som utøvande dansarar i norsk tradisjonsdans. Vi gratulerer!

- Dette studiet har som mål å utdanna tradisjonsdansarar på eit godt kunstnarleg og tradisjonsfagleg nivå til arbeid i skjæringspunktet mellom tradisjonskunst- og det frie dansefeltet, heiter det i ei pressemelding.

Utovingseksamen (363K)

Anna Liv hadde individuell eksamen 9. mai. Bygdaliv var ikkje der, men i ei anna pressemelding heiter det at ho «heldt ei konsertforestilling der ho førte oss inn i [sine] personlege dansefavorittar, og fortalte oss med begeistring og glede kvifor akkurat desse dansane betydde noko for henne. Ho utforska dei små detaljar og opna opp augene for publikum for ja, nettopp detaljane.

"Hvis du ikke bestemmer deg for neste skritt, blir du stående hele livet på et ben. - Det er mange skritt i en dans, i en favorittdans er det enda flere. Jeg ønsker å vise åtte av mine favoritter - det blir mange skritt, det!"»

Biletet til høgre er frå Anna Liv sin eksamen. Ho viser ein halling frå Dalsfjorden saman med Inga Myhr.

I ein e-post til Bygdaliv melder Anna Liv at det gjekk «fole bra».

På Youtube har Anna Liv lagt ut ein video av Hambo frå Ona, eksamensdans saman med Inga Myhr.

     Danseeksamen_Anna_1502 (145K)

 

Danseeksamen_Mathilde_4632 (114K)      Mathilde Øverland hadde også eksamen 9. mai. Ho inviterte til paljettar og fest, heiter det i pressemeldinga:

«Ho søkte inspirasjon i tradisjonsdansen sine ulike funksjonar, og korleis han tener til å knyta relasjonar. Ho laga eit frodig konsept der ho knyta saman discohalling og likvakedans i solo og pardans:

"Då ho bad om flyt, undra eg over bølgane som kolva båten. -Ei samling tradisjonsdansar pakka inn i ei vakker, men absurd ramme som saman fortel fleire aspekt ved relasjonar og opplevinga av å være eit (dansande) menneske."»

På dette biletet er det Mathilde som er eksamenskandidat. Anna Liv er dansepartnar. Det gjekk også «fole bra».

Siste del av eksamen for dei fire var i formidling. Eksamensforestillinga heitte «før etterpå», og vart vist torsdag 31. mai i Verkstedhallen, Svartlamon i Trondheim. Framleis gjekk alt «fole bra». Innimellom var dei på folkemusikkpuben i Trondheim 21. mai.

Anna Liv er BUL-medlem, og har trass i ung alder dansa og spela i mange år. Sjå m.a. resultata frå fylkeskappleiken nedafor. Mathilde hugsar vi frå juledansen i fjor, då ho song og tralla ei lang økt.

Agnar Olsen frå RFF-senteret har teke alle foto i denne saka.

Oppdatert 11.12.12

4.-6. mai: Røros-leken

Eit tjuetal dansarar frå BUL og nabolaga reiste til Røros denne gongen. Somme reiser dit år etter år; for andre var det første gong, og det såg ut til å gje meirsmak. Sjølvsagt var det mykje pols, men så er det det det handlar om på Røros.


IMG_5832 (134K)
Innmarsj til leikfesten laurdag

IMG_5853 (126K)
Kakebordet før det var heilt ferdig - det var visst 28 kaker i alt

MVI_5861_Kraakevisa (163K)
Kråkevisa

IMG_5868 (190K)
Avslappa under skalkefesten søndag

Sjå nøye på denne videoen på Youtube. Du kan finne både kjentfolk og VM-finalistar!

Den 37. Røros-leken var minst like vellykka som dei før, og datoane for den trettiåttande er alt bestemt: 3.-5. mai 2013. Det er berre å gle seg! Skal vi foreslå noka endring, så er det å bruke litt av laurdagen til eit utdjupingskurs i Rørospols. I Røros-området høyrer dansen heime, og der finst den beste kompetansen.

Oppdatert 11.12.12

21.-22. april: Fylkeskappleik

Bygdaliv var ikkje der, men resultata finst på nettsida til Nordmøre spelemannslag. Vi gratulerer:

24.4.12

10. og 29.3.12: Årsmøte i RU

Romsdal Ungdomssamlag heldt årsmøte på Reknes Ungdomshus laurdag 10. mars 2012. Sakspapir: Innkalling og årsmelding.

Årsmøtet heldt fram på Reknes torsdag 29. mars kl. 18.00 med val. Det gjekk svært greitt unna, tydelegvis etter godt førearbeid. Ny leiar vart Aud Solveig Pedersen Malmedal frå Sylte og Malme UL.

Oppdatert 11.4.12

28.1.12: Dansekveld i Stordal

Til alle danseglade på Sunnmøre, stod det, men stordalingane inviterte også naboar i nord til dansekveld laurdag 28. januar. Eller leikfest, kan vi nesten kalle det.

Liksom i fjor var det drivande god musikk ved Valldal spelemannslag og eit fantastisk golv i Stordalshallen, og middag og kakebord smaka. 6 frå Molde og 10 frå Rauma tok vegen over fjellet.

Oppdatert 30.1.12


Program for våren 2012

Øvingane i BUL er alle onsdagar så nær som i feriane. Staden er Reknes Ungdomshus der det ikkje står noko anna. Nye og gamle dansarar er velkomne!

11. januarDansar frå Trøndelag13 dansarar i treturar, fireturar, ein sekstur, Honnfeiv, Figaro og andre små rekker, dessutan Krakspjøten og annan songdans.
18. januarRil14 dansarar i nokre nyoppdaga rilar frå Sørlandet, pluss gamle kjenningar.
25. januarDansar i firkantKvadrilje, Nyykytys og Oxekow går alle i firkant; det same gjer Trondheimaren, og jammen er det ein slags firkantar også i Mølledansen og Fransese. Med 13 dansarar vart det litt venting på tur i kvadriljeoppstillingane.
1. februarRekkedansMed 12-13 dansarar vart det korte, men fine rekker til fireturar, Fransese, Figaro, Fandango, finsk menuett og andre formasjonar.
8. februarBygdedans m.m.15 dansarar på det meste kom med bra stil gjennom reine bygdedansar, bygdedans-inspirerte rekkedansar og nokre til, m.a. Firetur 1 og 3.
15. februarDansar frå VestlandetOpptil 13 dansarar i dei fleste variantar av kors- og krossedansar, ymse treturar, Åttepardansen for fire par, Gilleråsen, Krabbelur, parhalling, springar og Fransese. Utover kvelden vart ringen mindre og Vestlandet større, heilt til Holt (Totur) og Hobøl (Stjernetur skalert til fire par).
22. februarVinterferie, ikkje dans 
29. februarSkotårsdans med Romsdal spelemannslag på Reknesstabburet10 dansarar på det meste kosa seg med vals, reinlender med og utan turar, polka med og utan pariser, masurka, pols, springar og (par-)halling.
7. marsDansar frå Austlandet13 dansarar i mykje austlandsk: alt frå Hælen og tåa via Pas d'Espagne og Stjernetur frå Hobøl til Fransese.
14. marsRekkedans med gjester23 dansarar, medrekna 6 frå Rauma og nokre (*) frå Sylte/Malme og Lyngstad. Bygdaliv-red. rakk ikkje å notere alt, men det var iallfall Figaro, Firetur frå Romerike, Firetur 1, Firetur 3, Fransese, Honnfeiv, Hopser, Menuett og Sekstur 1. Alt gjekk rimeleg bra etter nokre gjennomkøyringar av Firetur 1.

(*) Det eine talet er like godt som det andre, sidan somme dansarar går på øving fleire stader.
21. marsDans på hurtigrutekaia eller dansar frå SørlandetSpelemannslaget skulle vere på kaia når Nordstjernen kom inn for siste gong, og det kunne vere aktuelt for BUL å danse. Etter litt rådslaging vart det i staden vanleg leikøving på Reknes. 13 dansarar lærte eller repeterte Firetur frå Landvik og diverse smådansar frå Sørlandet, pluss menuett og Fransese i rimeleg bra stil. Det var kanskje siste gong på ei stund med Menuett från Oravais.
24.-25. marsDansehelg på BUL-hytta for å øve på samdansprogrammet til NordlekSjå elles nedafor
28. marsMeir dansar frå Sørlandet, repetisjonMerk endringa - denne kvelden var opphavleg planlagt til Reknesstabburet
4. aprilPåskeferie, ikkje dans 
Tysdag 10. aprilVi besøker Rauma Leikarring i Isfjorden12 dansarar tok vegen over fjorden, og saman med Rauma-folket var det vel 23 (litt vanskeleg å telje folk som ikkje står i ro). Som vanleg drivande god musikk ved Rauma Spelemannslag, og leikarringen stilte opp med både saltmat og søtmat.
11. aprilAvlyst fordi vi var i Rauma kvelden før 
18. aprilFeiararDet er mange slags feiarar, både med vals og pols. Med 16 dansarar var det også mykje anna som passa.
25. aprilDansar til Nordlek12 dansarar fekk repetere nokre av dansane frå hyttehelga. Eller lære frå grunnen av, for dei som ikkje var der. Litt av samdansprogrammet til Røros-leikfesten passa også inn.
2. maiDansar til NordlekHeile 16 dansarar kom på denne sesongavsluttinga. Det vart Skottís úr Mýrdal, Menuett från Lappfjärd, Sekstur fra Nordfyn, Innheradspols og Kikari Suistamo, men også ein serie med rekkedansar frå Trøndelag. Imponerande kva ein god instruktør kan få inn i føtene våre, og i pausen fekk Irene blomster og påskjøning for vel utført jobb. (I tilfelle nokon lurer: Ingen bilete her; dei vart uskarpe pga feil innstilling på kameraet.)

Oppdatert 8.8.12


Dansehelg på BUL-hytta

19 dansarar gjekk gjennom eit innhaldsrikt Nordlek-program pluss litt anna. Det var mykje å lære, og mange av dansane kjem nok til å dukke opp på leikøvingar i tida framover.

Somme var spente på Menuett från Lappfjärd, etter alt vi har jobba med den frå Oravais. Lappfjärd viste seg å vere enklare å komme i gang med, fordi han ikkje har den rare teljemåten på stega. Av Nordlek-programmet var vi elles gjennom Sekstur fra Nordfyn, Skottís úr Mýrdal, Innheradspols og Engelska från Stigtomta. Også andre dansar var med: Fransese og Firetur 1 seint på kvelden, reinlender frå Røros, polskan Tjöra (?) og til slutt Springar frå Nordre Sunnmøre.

Innimellom om kvelden var det dansevideoar, kviss, vaflar og kake. 10 dansarar overnatta, og dominospelet gjekk til langt på natt. Kanskje det blir ein ny tradisjon på BUL-hytta?

IMG_5593 (248K)
Konsentrasjon om kviss (quiz)...

IMG_5602 (205K)
...og domino

27.3.12


Filmen frå NU-stemnet i 1980

I 1980 var landsstemnet og årsmøtet til Noregs Ungdomslag i Molde. Eit NU-stemne var på den tida eit stort arrangement med over tusen deltakarar. No har BUL henta fram att filmen frå 1980, til glede for gamle og nye veteranar.

Stemnefilmen
Klikk for større bilete

Filmen fortel om ei gedigen mønstring av dans, musikk, teater, korsong, bunader og ikkje minst kystkultur. Vi får sjå både Romsdalsspringar og Krabbelur. Sentralt var fiskerimuseet på Hjertøya, men også turen til Ona er godt dekt i filmen. Andre turar gjekk til Hoem ved Eikesdalsvatnet, Jendemsfjellet og jamvel Skåla. Det var bunadtog, stemnetog, amatørmønstring og danseframsyningar i Molde sentrum. Edvard Hoem heldt tale på hovudstemnet. Stemneplakaten, som vi også ser på filmomslaget, var signert Rolf Groven.

Romsdal Ungdomssamlag var ansvarleg for stemnet, med bidrag frå mange av dei 26 ungdomslaga. BUL, med 130 medlemmer, var teknisk arrangør.

Filmen vart laga med den tidas teknologi, 8 mm smalfilm. Eit eksemplar låg i mange år i ein bankboks, og seinare i ein privat heim. BUL har no kopiert filmen over på DVD for avspeling på notidas utstyr. Avgrensa opplag.

For meir info, kontakt Lars Staurset på eller tel. 905 67 621.

Kjøp filmen til deg sjølv eller til nokon som var med den gongen. Pris kr 200 på leikøvingar.

Eller send kr 230 (inkl. porto/eksp.) til bankkonto 9650.09.70364. Hugs å oppgje namn og adresse.

Oppdatert 25.1.12