Dansekveldar våren 2015

Programmet for leikøvingane står på heimesida. Som vanleg vart det nokre endringar. Slik var dansekveldane denne våren:

31. mai kl. 18.00Ekstra Nordlek-øving på VonheimVi tek med denne: Leikarringen i Sylte og Malme inviterer nabolaga til å øve saman på Nordlek-programmet
29. aprilSamdansar til Nordlek i ViborgKonsert og dans med John Ole Morken og Lajla Renate Buer Storli
22. aprilSamdansar til Nordlek i Viborg
DSCN1677 (67K)
Irene får blomster av Lars
(foto: Byrge)
I tillegg til samdansane vart det tid til nokre bygdedansar, turdansar og rekkedansar. I alt 17 dansarar, 16 på golvet til kvar tid, jamt fordelt!

Dette var den siste vanlege leikøvinga i BUL i vår. Det vart markert med mat og kaker, og ikkje minst: blomster og gåve til instruktøren, Irene. Ho har greidd å få leikøvingane til ein stad der folk både trivst og lærer mykje, og derfor kjem dei att gong etter gong.

15. aprilBygdedans19 dansarar stilte opp for å gå gjennom bygdedansar frå sør, midt og nord, pluss nokre bygdedans-inspirerte turdansar.
8. aprilSamdansar til Nordlek i Viborg12-14 dansarar gjekk gjennom det meste av det nordiske samdansprogrammet, der kvart land har valt ein dans som alle skal lære seg.
12. april kl. 18.00Ekstra Nordlek-øving på Vonheim Leikarringen i Sylte og Malme inviterte nabolaga til å øve saman på Nordlek-programmet. Bygdaliv-red. var ikkje der, men det blir meldt om stor suksess, med over 30 dansarar og lange rekker
25. marsDansar med stil16 dansarar (7 karar!!), - og stilig dans. For ein gjeng: Figaro frå Austlandet (rett gjennom), Fransese (rett gjennom, litt rusk i storkjeda), Jule- (påske-)kvadrilje med forviklingar, 2-3 gjennomkøyringar - det blir ein spesialitet.
Etter pause: to turar Lanciers (som opptil fleire aldri kunne huske å ha dansa før), - flott avslutning med Namdalsdansar: Firetur 1, Hopser med vals og Honnfeiv. Eigentleg er vi veldig gode.
(Torill)
18. marsDansar frå SørlandetSørlandet er Per Sjuspring og Totur frå Holt, men kan også vere Kørsdans i Setesdalstakt og mykje anna. Denne kvelden vart det tid til dansar frå fleire landsdelar, m.a. fireturar frå Trøndelag. 16 dansarar på det meste, 17 innom i alt.
11. marsDansar frå nord i NoregNokre smådansar frå Berlevåg, Ril frå Dønna, Kerinski, to turar av Lanciers, Nordlandspols. I kvadriljedansen Lanciers var det godt å vere 16 dansarar, nok til to oppsett.
4. marsDansar frå AustlandetAustlandet har både Stjernedans og Kørsdans, Pas d´Espagne og Eikerril, Fransese og Gammal reinlender, for å nemne noko, og dessutan mange enklare turdansar. 16 dansarar + ein i reserve gjennomførte eit program som tok pusten frå Bygdaliv-red.
11. februarRekkedansNabolaga var inviterte til å lage ekstra lange rekker denne onsdagen, og det var i alt 27 dansarar. Dei som var der sist, fekk øve meir på mange av dei same dansane, og kunne dra med seg dei gjestene som trong litt hjelp. Fransese med seks par på kvar side gjer vi ikkje ofte!

DSCN0961_Seierstadhopsa (165K)
Fart og moro i Seierstadhopsa

25. februarKonsert og dansBritt Elise Skram og Laura Ellestad heldt konsert og spela til dans på Reknes. Meir info annan stad i Bygdaliv.
4. februarRekkedans22 dansarar laga lange rekker. Her var det fireturar både frå Romerike og Namdalen, repetisjon av Fransese og Figaro, og dessutan Mølledansen, hopsa og hopser. Gjestene neste gong har litt å gle seg til!
28. januarRilUtgangspunktet i programmet var ril, men 17 dansarar er 16+1, og det er utruleg mykje som passar med 16. Irene tilpassa programmet: Eikerril med litt fart, Åttepardansen, Stjernetur frå Hobøl og Kørsdans, for å nemne noko. I tillegg kom mange dansar i dobbeltpar-oppstilling: Ril frå Dønna, Totur frå Holt, Feiar frå Vestlandet m.m. Etter pausen var det repetisjon av Julekvadrilje, og der er det litt å rette på enno.
21. januarDansar frå Vestlandet19 dansarar fekk prøve eit allsidig utval i geografi og danseformer, m.a. treturar frå Nordmøre og Bjerkreim, Kørsdans, Korsedans og Krossedans.
14. januarDansar frå TrøndelagHeile 21 dansarar på den første øvinga. Det er bra! Med så mange var det råd å få til lange rekker i Honnfeiv, sekstur og fireturar, berre for å nemne noko, og i Tridans og andre treturar gjekk det akkurat opp. Dei som ikkje somla for mykje, fekk varme opp med nokre Røros-polsar.

Oppdatert 25.4.15