Bygdaliv 2011

Dette er nettsida til BUL Molde, med arkivstoff frå 2011. Vil du heller gå til hovudsida?


Vellykka juledans

26 frammøtte kosa seg på Reknes denne femtedagskvelden. Kanskje dette kan bli starten på ein tradisjon?

Yngste BUL-medlem, Anna Gjendem, tok initiativet til juledans før ho kom heim på ferie. Ho har sjølv ei solid dansekarriere frå Barneleikarringen og Snu Nordvest, og rykte opp til A-dansar på den siste landskappleiken. Denne gongen fekk ho med seg fleire unge spelemenn og dansarar, og BUL-budstikka mobiliserte dei litt eldre, så det vart ei fin aldersblanding. Det kom også gjester frå Ålesund.

Anna lova forrykande dansespel, og det vart det: alt frå vals og reinlender til kompliserte polsar av type Røros og Todalen, parhalling og ymse gangarar og springarar, i ungdommeleg tempo. Dette er spelemenn og dansarar for framtida. Med nokre fleire karar på golvet hadde kvelden vore perfekt.

RIS-175 (113K)  AKH-IMG_9991 (59K)  AKH-IMG_9986 (57K)
Runhild Heggem (t.h.) og Jannike Svensvik (midten) spela fele og Anna Gjendem torader, her i solonummer

AKH-IMG_9976 (64K)  AKH-IMG_9983 (68K)
Mathilde Øverland song og tralla til dans, utan å miste pusten, og sjeldan har dansen vore så stillferdig
Jo Fougner Skaansar kom innpå med varsamt gitarkomp fleire stader

RIS-180 (388K)
Heile gjengen i samspel

Takk også til dei som har levert bileta til Bygdaliv denne gongen: Anne Karin Heggem (AKH) og Randi Irene Sylta (RIS).

Oppdatert 31.12.11


Gamle danseopptak på Romsdalsmuseet

Bygdaliv har fått tips frå England (!) om gamle danseopptak frå Molde på YouTube. Vi ser m.a. Barneleikarringen på Romsdalsmuseet. Ein nederlendar som heiter Michael Rogge, har lagt ut opptaka.

Rogge1936 (110K)

«Norway. Around the Geiranger fjord in 1936» : Visstnok filma av far til Rogge, delvis frå fly. «From the North, descending along Molde where folkdancing is seen, to Merok, and the beautiful Geirander fjord.» Vi får m.a. sjå ein songdans som liknar på «Strid for fred», dessutan «Gammal reinlender» og ein samansett tretur (ovafor).


«Colorful Cruise along Norwegian fjords in 1958» : Truleg filma av Rogge sjølv. «A cruise more than 50 years ago along the fjords of Norway calling on Tromso, Trondheim and other places. A delightful Norwegian dance is being staged. During my cruises in the last five years such typical dance performances were not offered anymore to the public.» Det siste stemmer no ikkje.

På dette opptaket er det også songdans, dessutan «Tretur frå Fana» og litt av ein åttetalstretur framført med stor glød. Mali Furunes og Anders Gjendem er med, og det skulle ikkje undre meg om det finst Bygdaliv-lesarar som kjenner seg att.

   Rogge1958 (24K)

Begge opptaka er lasta opp til YouTube i 2011, og det er ikkje mange som har sett dei enno (172 og 88 i skrivande stund). Den musikken som er lagt på, er fin, men har dessverre ingen ting med dansen å gjere. Rogge (81) har lagt ut mange opptak dei siste åra, m.a. frå «Andelsnes».

10.12.11, oppdatert 11.12.11


Aktuelt i 2. halvår

12. desember: «Juledrøm» på Myrbostad

Flott julekonsert i fullsett Myrbostad kyrkje: Jorun Marie Kvernberg med Majorstuen og lokale forsterkingar. Dei spela så juletreet dansa!

Gruppa «Majorstuen» er Jorun saman med Andreas Ljones, Gjermund Larsen, Synnøve S. Bjørset og Tove Dalbakk. I denne konserten var det fleire med: Camilla Granlien, Gro Kjelleberg Solli og eit lokalt korsamarbeid under leiing av Gunn Sissel Bakken. Arrangør var Romsdal mållag.

Det var så mykje bra musikk at det kanskje er urettferdig å dra fram noko spesielt, men fleire merka seg dei klokkereine steva. Slike julesongar høyrer vi ikkje ofte!

Apropos julesongar, så ønskjer Jorun at tittelsongen Juledrøm blir kopiert opp og brukt. Bygdaliv vil med dette bidra til det (klikk på lenka).

Oppdatert 13.12.11

7.-9. oktober: VM i polsdans, Vauldalen

5 dansarar frå BUL, SMUL og Lyngstad reiste til VM denne gongen. Det er framleis litt uklårt om V-en står for Verda eller Vauldalen, men internasjonalt var det, med både japansk, nederlandsk og svensk deltaking.

I alt 23 par stilte til kvalifiseringsrunde, 12 par gjekk vidare til semifinalen med vanskelege gammalpolsar, og fem par var i finalen. Det var dansing av svært høg kvalitet, og dommarane hadde ein vanskeleg jobb. Ikkje verst då, at dei plukka ut det same vinnarparet som publikum valde i skriftleg avrøysting.

Heidi-Iren frå våre kantar stilte til tevling saman med Inge frå Brekken spel- og dansarlag. Dei kom fint til semi-en. Bra prestasjon!

Vauldalen Fjellhotell kan gjerne stille opp i VM for dansegolv, og serverer fantastisk mat. Dansetevlinga var stramma inn i år, og vart avvikla stort sett i samsvar med programmet, 20 minutt pr. økt. Bra.

Sjå også:
Reportasje på nrk.no: Følg med på videoen og sjå etter kjentfolk!
Førehandsomtale hos Nea Radio
Bygdaliv-reportasjen frå VM i 2010

10.10.11

17. september: Bygdedanskveld i Malmefjorden

Fire frå Kattsmygarlaget, 16-17 lokale dansarar og spelemann Inge frå Røros møttest til kurs i Todalspols på Vonheim laurdag 17. september. Det vart ei fartsfylt oppleving.

Det er visstnok to tradisjonar av Todalspols, også kalla Nordmørspols. Vi kan kalle dei den rolege og den kjappe, men dei har ingen ting med Breiset'n og Martin Skjorahagen å gjere, for dei som har lese Vangsgutane. Kattsmygarane står for den kjappe varianten. Todalspolsen er i grunnen ein springar, og skal ha fart, seier Rune. Steget er spesielt: bytomfotsteg med litt svikt på 1. taktslag, litt til på 2. og opp att på 3. Rundsnuen har samdanstak nr. 4 der paret står til sida for kvarandre, noko som skal vere det eldste i bygdedanstradisjonen.

Etter matpause smaug smygarane ut, men nokre fleire dansarar kom, og dansen heldt fram utover kvelden, også med Rørospols, Romsdalsspringar og litt anna. Kanskje dansarane vart noko mindre spretne etter kvart, men spelemannen heldt tempoet, med litt avløysing av CD innimellom. Fint arrangement av Sylte og Malme.

Oppdatert 18.9.11

20.-24. juli: Landsfestivalen i gammeldansmusikk, Oppdal

Fire dansarar frå Molde og Bergen reiste til Oppdal fredag 22. juli, og observerte etter kvart både nokre Tingvoll-gjellingar og to frå Rauma.

I ein musikkfestival er sjølvsagt musikken det viktigaste, men dansen høyrer med, og det var tevlingar i begge delar. For ein dansar kunne det sjå ut som vanlege runddansar er i enklaste laget til å konkurrere i, men vi kom for seint til å få med oss alt. Elles var det mykje spel og dans utan konkurranse, og med høg kvalitet.

Festivalen hadde to hovudarenaer: Idrettshallen for tevlingar og kveldsdans, og festivalteltet med god mat og avlastings-dansegolv, som til tider var litt vått. I tillegg var det nattdans på eit av hotella. Programmet kunne ha vore meir oversiktleg.

Stemninga fredag kveld og laurdag vart prega av hendingane i Oslo og på Utøya. FolkOrg-styret saman med stemnenemnda bestemte at festivalen skulle halde fram, med nokre små endringar. Det var nok ei vanskeleg avgjerd, men rett all den tid sentrale styresmakter ikkje hadde oppfordra til noko anna.

Les meir på nettsida til festivalen. Neste festival av dette slaget blir på Vågå i 2012. Det er berre å gle seg!

Landsfestivalen (50K)
Verdas største spelemannslag, visstnok 189 spelemenn
på ein gong (utanom maskoten)

Korrigert 2.8.11

29. juni-3. juli: Landskappleik på Seljord

Bygdaliv gratulerer BUL-medlem Anna Liv Skjelten Gjendem frå Molde og Svein Oskar Smogeli frå Vestnes med opprykk til klasse A i dans fele i det kompliserte rangeringssystemet for kappleikane. Begge representerer Dåm og Drag. Denne gongen vart dei nr. 2 i klasse B, men dei vann i fjor, og fekk begge gongene 1. premiegrad. Slik heng det saman.

Andre lokale plasseringar: Svein Oskar vart nr. 11 og Runhild Heggem nr. 14 i spel fele klasse B. Palmer og Kerstin Løkseth fekk 3. plass i dans klasse D (over 60 år). Jannike Svensvik frå Rauma spelemannslag vart nr. 6 i spel fele klasse C (under 18 år). Sjå heile resultatlista her.

På Youtube finst det danseopptak frå LK. Nokre av desse dansarane møtte BUL-folk på Mo-kurset i 2010:
Mari Andrea Ness og Svein Are Vatnehol i Springdans frå Nordre Sunnmøre
Ami og Håkon Dregelid i Vossarull og Springar frå Voss
Oddbjørg Ese og Johannes Kjos i Jostedalsspringar
Hallgrim Hansegård, vinnar av Laus A

2.8.11


Årsmøte i BUL Molde

12 medlemmer møtte fram på årsmøtet i BUL onsdag 30. november 2011 kl. 19.30 på Reknes Ungdomshus, og gjekk gjennom desse sakene:

  1. Formalitetar
  2. Årsmeldingar
  3. Orientering om Reknes ungdomshus
  4. Rekneskap
  5. Budsjett
  6. Val

Innimellom var det kveldsmat og tid til å prate litt om lagsdrifta. Det er god drift både i leiklaget, hyttenemnda og Reknes, men alle stader trengst det etter kvart nye og yngre krefter. På Reknes forsvinn ei sikker leigeinntekt utpå året 2012, når den største leigetakaren, jazzfestivalen, flyttar ut.

Nøkkelen til fornying og framgang ligg nok i å rekruttere fleire dansarar. Møtelyden diskuterte nokre tiltak som AU kan følgje opp, m.a. kurs. Nybegynnarkurs på Reknes har alt vore prøvd utan suksess, men kanskje det går an å tilby kurs på arbeidsplassar. (Kontakt Lars Staurset på tel. 905 67 621 for å melde interesse.)

Anne Lise Farstad gjekk ut av arbeidsutvalet, og Randi Irene Sylta rykte opp frå varaplass. Ny varamedlem er Marte Trondsen. Elles var det attval på alle tillitsvalde.

Les også det offisielle referatet frå årsmøtet.

IMG_5439 (34K)  IMG_5441 (29K)  IMG_5443 (32K)  IMG_5444 (33K)
Blomster til Irene, Svein, Arild H og Anne Lise med takk for innsatsen

Oppdatert 8.12.11


Dugnader og reparasjonar på BUL-hytta

Ca. 140 sekkar ved er no i lad og dekte med bølgeblikkplater. Det har vore fleire ved-dugnader i sommar og haust. Veden kjem frå mange store graner og nokre små lauvtre som har stått vest og aust for hytta. Med desse trea borte er det no mykje lysare kring hytta.

IMG_5411 (429K)
Svein og Sylvfest planlegg kvar dei siste sekkane skal plasserast

Eit endå større løft er at taktekkinga og takrennene vart skifta i november, etter ein del lekkasjar dei siste åra. Dette var betalt arbeid, men hyttenemnda har organisert og rydda. BUL søkte Gjensidige om støtte frå Dugnadsløftet til takarbeidet, men søknaden nådde dessverre ikkje opp.

Årsmeldinga frå hyttenemnda seier at «det har vore utført 49 dagsverk frivilleg arbeid ved dugnader, utleige og inspeksjon». Dette gjeld driftsåret 1.11.2010-31.10.2011, og det har også vore dugnader på seinhausten, m.a. på reparasjonar inne, så talet for kalenderåret 2011 blir nok høgare.

Hyttedrifta gjekk dessverre med underskot i driftsåret, og på grunn av takarbeidet blir det eit stort underskot i neste driftsår. Dette tærer sterkt på bankkontoen til hytta.

Oppdatert 3.12.11


Program for hausten 2011

Haustsesongen er no slutt. Det var øvingar dei fleste onsdagar frå 31. august til 7. desember. Øvingstida var som vanleg 19.30-22.00, og staden Reknes Ungdomshus.

Nedafor er programmet. Merk at det vart mange endringar frå den første versjonen som vart lagt ut her.

31. augustØving til innflyttardagen10 dansarar gjekk gjennom dei mest aktuelle dansane til innflyttardagen. Elles repetisjon av nokre treturar.
Laurdag 3. septemberFramsyning på innflyttardagen, saman med Romsdal spelemannslag6 dansarar viste treturar og pardansar, og i alt 7 var med på å dele ut brosjyrer. Vi kom i kontakt med mange interesserte.
7. septemberTurdans13 dansarar kom gjennom eit variert repertoar med treturar og pardansar i små ringar, stor ring og på rekke.
14. septemberByttedansar15 dansarar gjennomførte diverse partnarbyte på norsk måte (enkelt og direkte) og svensk måte (utstudert). Innimellom var det repetisjon av den finske menuetten og nokre treturar.
21. septemberTrønderdansar11 dansarar er eit vanskeleg tal, men det går an å få til både Firetur 2, Honnfeiv og ein liten menuett (Trøndelag er stort). Dessutan var det sjølvsagt polsar for to og tre, og Krakspjøten var innom med ei økt songdansar.
28. septemberVestlandsdansar14 dansarar. Bra oppmøte av karar, så Irene tok opp att nokre av trønderdansane med ny bemanning, i tillegg til typiske vestlandsdansar som rull og trekrossedans. Dessutan menuett frå Malmefjorden, ikkje heilt ulik den finske.
5. oktoberHaustferie, ikkje øving 
12. oktoberDansar frå Nord-Noreg14 dansarar i Nordlandspols og diverse anna
19. oktoberDansar frå AustlandetPga kollisjon med Riverdance på Bjørnsonhuset kom berre 7 dansarar, men kvaliteten og kjønnsbalansen var bra. Variert program frå heile landet.
26. oktoberInternasjonale dansar9 dansarar i amerikansk, russisk, siciliansk, svensk, finsk og norsk repertoar.
2. novemberRil12 dansarar er perfekt til rilar for 3, 4 og 6. Ril-programmet var unnagjort før pause, så det vart tid til Fransese, Menuett, Honnfeiv, Firetur 2 og nokre andre rekkedansar.
9. november kl. 20.00Vi besøker Romsdal spelemannslag på Reknesstabburet10 dansarar på det meste, god plass, men perfekt kjønnsbalanse. Gammaldans med innslag av turdansar, springar, pols og halling. Romsdal spelemannslag har fine melodiar, m.a. ein nykomponert jubileumsmasurka, og godt driv. Dei jobbar nok litt med polsen enno.
16. novemberDansar i rekke saman med andre lag23 dansarar rakk både Hopser med vals, Seierstadhopsa, Firetur frå Romerike på rekke, Honnfeiv, Menuett, Mølledans, kveldsmat, Fransese og Firetur 2 før Rauma-folket måtte hive seg i bilen for å nå ferja.
23. novemberKvadriljerI kvadriljer er det nøyaktig 4 par, så 3 av dei 11 dansarane skifta på å vere heiagjeng. Alle kom etter nokre repetisjonar gjennom den vanlege kvadriljen og to turar av Lanciers frå Vardø.
30. novemberÅrsmøte 
7. desember
kl. 19.00
SesongavsluttingBritt Elise Skram spela fele, og 16 dansarar kosa seg med runddansar, rilar, bygdedansar og ein Honnfeiv. Irene fekk gåve som takk for framifrå instruksjon også i 2011.

Det opphavlege programmet finst også i denne brosjyra. Har du lyst til å dele ut brosjyrer, så kontakt styret for å få ferdigtrykte eksemplar. Det blir nok ei ny utgåve over nyttår. Leikøvingane startar att 11. januar.

Sjå også haustprogrammet for leikarringen i Sylte og Malme UL. Dei som går både i BUL og SMUL, får danse dobbelt så mykje menuett og pols, og elles litt ulike dansar.

Oppdatert 8.12.11


Røros-leken 6.-8. mai

Heile 19 frå BUL og laga rundt Molde reiste til Røros-leken denne gongen. Andre dansarar kom frå det meste av Sør-Noreg og så langt nord som Mo i Rana. Leikfesten laurdag samla heile 230 personar, vart det opplyst.

Kor mange polstimar dette vart, veit vel ingen. Eg tippar eit årsverk i dansing, det meste pols, men også ein og annan vals, hoppvals og ringlender, og eit variert program på leikfesten. Nokon andre kan finne ut kva så mykje mosjon og danseglede gjer for folkehelsa. Arrangementet var tilnærma prikkfritt. Dette kan dei i Røros folkedanslag og spelemannslaga i bygdene rundt.

IMG_3517 (202K)
Bordsete under leikfesten på Glåmos

IMG_3538 (217K)
Dansen er i gang; dette må vere ein vals

IMG_3542 (196K)
Gedigent kakebord

IMG_3554 (301K)
Stolt Signhild

IMG_3557 (148K)
Dagen derpå heng bunaden til tørk

IMG_3579 (262K)
Søndagspols

MVI_3580 (84K)
Namdalsringen viser Honnfeiv; Heidi-Iren og Bente feivar med

Neste Røros-lek er alt under planlegging: 4.-6. mai 2012.

9.5.11


Program for våren 2011

Øvingane i BUL er alle onsdagar så nær som i feriane. Vårprogrammet er no slutt, men nye og gamle dansarar er velkomne att til hausten!

Slik var programmet: Øvingane var som vanleg onsdagar kl. 19.30 i Reknes Ungdomshus der det ikkje står noko anna. Siste onsdag i kvar månad var vi inviterte til Reknesstabburet for å danse til Romsdal Spelemannslag. Reknesstabburet er like ved Gildehallen på Romsdalsmuseet.

12. januarDansar frå TrøndelagLitt varsam semesterstart med 12 dansarar, men det er eit greitt tal som passar til mykje. Her var det både Firetur 2, Honnfeiv og andre som vi etter kvart har litt tak på.
19. januarRil / songdans15 dansarar i treturar og andre rilar, kaker for fødselsdagen til Kirsten (og Signhild, fekk vi vite etterpå), songdansar og til slutt rekkedansar flytta hit frå neste onsdag.

IMG_3377 (183K)
Tretur frå Stolmen: Høgre dame under høgre arm, så venstre under si venstre...eller høgre?

26. januar kl. 20.30
Reknesstabburet
Dans med Romsdal spelemannslagLevande dansemusikk, førsteklasses golv og 14 dansarar i god stemning. Mykje gammaldans, men også litt sving, springar og (par-)halling.
2. februarDansar frå Vestlandet16 dansarar, seier Bente (eg hadde gløymt talet før eg rakk å skrive dette). Vestlandet har mange treturar, og det passa bra. Jamvel Stolmen (sjå ovafor) gjekk rimeleg bra.
9. februarBygdedans/rekkedans15 dansarar i hopsa og hopser, firetur og honnfeiv, springar og pols og formasjonar for tre, seks og tolv.
16. februarDansar frå AustlandetSensasjon: 7 ekte par (ikkje berre ektepar) ein del av kvelden, i alt 15 dansarar på det meste. I tillegg hjelpte «Skybert» til i Mølledansen. Elles var det firetur og treturar, rilar for seks og fjorten, pols for to og tre, Pas d'Espagne og Honnfeiv, Hælen og tåa, Fransese og menuett og litt anna. Austlandet er stort.
23. februar kl. 20.30
Reknesstabburet
Dans med Romsdal spelemannslag14 dansarar var det visst på det meste. Variert musikk og fin dialog med spelemennene om takt og tempo.
2. marsVinterferie 
9. marsKvadriljer13 dansarar, litt ugreitt tal for kvadrilje, men alle var på golvet, og kom gjennom tre turar av Lanciers i bra stil. Ein interessant dans med fine melodiar.
16. marsRekkedans / songdansHeile 21 dansarar, det meste så langt i år, fekk danse hopsa og hopser, Honnfeiv og Firetur 2, finsk menuett og repetisjon av dei tre turane i Lanciers. Songdansen vart avlyst denne gongen.
23. marsDansar frå Sørlandet13 dansarar på det meste. I tillegg til Sørlandet var det fire turar av Lanciers, ei songdansøkt, diverse treturar og til slutt ei rekkeoppstilling med Mølledans og Fransese.
30. mars kl. 20.00
Reknesstabburet
Dans med Romsdal spelemannslagEin stor gjeng frå Rauma bidrog til at det var heile 24 dansarar, faktisk eit lite fleirtal av karar. Dansarane kom visst litt brått på spelemennene, men dei improviserte så det vart både kaffi, kaker og dans: Gammaldans-runddans, pariser, springar, pols og (par-)halling.
6. aprilDansar for tre12 dansarar i ein serie treturar før pause. Etterpå nokre rekkedansar, og til slutt den femte turen av Lanciers frå Vardø. Neste gong heile?
13. aprilDansar frå Nord-Noreg12 dansarar gjennomførte på skift, i bra stil, alle turane i Lanciers. Det er ein dans som krev konsentrasjon, men ikkje kondisjon. Nordlandspolsen etter pause kravde begge delar.
Innimellom var det ei lita markering av den siste øvinga på Reknes denne våren: blomster og påskjøning til Irene, kaffi og kake til alle.
20. aprilPåskeferie 
27. april kl. 20.30
Reknesstabburet
Dans med Romsdal spelemannslag14 dansarar, medrekna to spelemenn som la frå seg fela ei stund. Det er bra!
Ekstra:
Tysdag 3. mai kl. 19.45
Isfjorden
Rauma leikarring inviterte til fellesøving18 dansarar, av desse 5 frå BUL og 3 frå Sylte og Malme. Rimeleg bra kjønnsfordeling. Temaet var leikfest-programmet til Røros-leken, spesielt songdansar. Det vart også tid til turdansar og bytedansar, med musikk av to spelemenn frå Rauma. Som vanleg ved slike høve stilte leikarringen med framifrå servering av kveldsmat og kaker.

Last ned det reviderte programmet som plakat

Oppdatert 5.5.11


Andre leikarringar

Sylte og Malme UL (SMUL) inviterte nabolaga til utvida øving med rekkedans søndag 13. mars kl. 18.00-21.00. 21 dansarar laga lange rekker i Figaro, Mølledansen, Seierstadhopsa, Fandango, menuett og litt til.

På andre øvingar har SMUL dansar frå ulike landsdelar og Norden (dei fleste landsdelar inkluderer i denne samanhengen Røros), og elles diverse tema. Denne gjengen er rå til å danse Krabbelur. Vanleg øvingstid om vinteren er søndagar kl. 19.30-21.30, men frå 27. mars kl. 20.00-22.00. Les heile vårprogrammet her. Øvingane er på Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden. Det er no sommarferie, men øvingane startar att 21. august kl. 20.00.

Somme BUL-veteranar kjenner godt Symra, frå gammalt leikarringen i Oslo for dansarar frå fylket vårt, og framleis med mange romsdalsbunader når vi møter dei på Isleik (sjå biletseriane på nettet) og andre stemne. Symra feira 50 år i fjor, og i år kom jubileumsboka.

Oppdatert 7.6.11


Aktuelt i 1. halvår

12.3.11: Gammaldansfest i Reknes ungdomshus

Trondheim Toradergruppe kom på besøk til Romsdal Spelemannslag, og det vart det fest av, også for dansarane.

IMG_3445 (265K)
Begge laga i samspel. Merk tubaen - eit undervurdert folkemusikkinstrument!

Festen var på kort varsel flytta i tid og rom, og det kunne sikkert ha vore fleire dansarar med meir tid til kunngjering, men dei ca. 30 som var der, hadde ein fin kveld. Dei to laga spela saman og på skift, og spelemennene fekk sjølve danse innimellom. Elles var det dansarar frå BUL, Rauma og Seniordansen der, kanskje også andre miljø.

Nye dansar blir som gamle, så gammaldans er også tango og sving, og i tillegg var det springar, pols og reinlender og polka med turar. Litt for kvar smak.

Eit tips til den det vedkjem: Inviter Trondheim Toradergruppe til spelemannstreffet på Åndalsnes neste gong. Dei vil passe fint inn der!

Oppdatert 13.3.11

15.-19.2.11: Rørosmartnan

Bygdaliv var ikkje der, men har høyrt at det var minst ein dansar og nokre sivilistar frå Molde i pols-hovudstaden. Det vart visst ein del polsdansing, nok til å halde varmen i Sangerhuset trass i 30 blå ute. Sjå elles heimesida, der neste martna alt er plotta inn.

2.3.11

12.2.11: Spelemannstreff på Åndalsnes

Per Midtgaard arrangerte for tredje gong spelemannstreff i Rauma kulturhus laurdag 12. februar, no med heile fem lag: Rauma, Romsdal, Valldal og Ski (De Frilynte), og nykommaren (i denne samanhengen) Rauma Trekkspillklubb.

Laga spela på skift og hadde fellesnummer innimellom, så det var ingen påtvungne pausar for dansarane, og med levande dansemusikk var det stor aktivitet på det gode golvet. Frå BUL og SMUL kom det sju dansarar, Rauma stilte med ei stor gruppe, og mange kom frå andre dansemiljø eller var uorganiserte. Det var ingen framsyningar denne gongen.

IMG_3396 (169K)
Alle laga i samspel

Treffet inneheldt også ei tevling mellom spelemannslaga. Nokre utvalde dansepar hadde fått i oppdrag å gje poeng til musikken. Bygdaliv sin utsende var med på dette, og synest idéen var god, men vurderingskriteria kunne ha vore meir gjennomtenkte. Det var uklårt for dommarane kva som var forskjellen på «takt» og «rytme» i denne samanhengen, og det mangla ein rubrikk for glød eller liv i spelet. Og korleis plasserer vi trekkspelklubben, som har ein annan stil enn dei andre? Når dette er sagt, så var det ingen ting å seie på at Valldal spelemannslag fekk den største pokalen.

Litt meir pirk: På eit arrangement som varer frå kl. 18.30 til langt over midnatt, bør det vere høve til å kjøpe seg noko mat.

Om dei to første treffa, sjå reportasje i Bygdaliv 2009 og kort omtale i Bygdaliv 2010 (rull nedover).

Oppdatert 15.2.11

5.2.11: Bygdedanskveld i Malmefjorden

Laurdag 5. februar kom Kattsmygarlaget frå Tingvoll, ei sprek gruppe med eit pussig namn som ikkje står heilt til det tempoet dei held i dansen. Elles var det dansarar frå Sylte/Malme, alle nabolaga og jamvel Bergen. På ettermiddagen gav kattsmygarane grunnopplæring i Rørospols, og utover kvelden var det i tillegg Nordmørspols, Romsdalsspringar, Gilleråsen i lange rekker og litt anna. Innimellom var det servering av varm mat. Bra alternativ til den leikfesten som måtte avlysast i haust.

Oppdatert 15.2.11

29.1.11: Dansekveld i Stordal

Sunnmøringane inviterte også romsdalingar til dansekveld i Stordalshallen laurdag 29. januar. Drivande god musikk ved Valldal spelemannslag. 6 dansarar frå Rauma og 4 frå Molde+Averøy kosa seg på eit fantastisk dansegolv.

Oppdatert 1.2.11


Årsmøte i RU

Romsdal Ungdomssamlag har 14 lokallag, går det fram av årsmeldinga. Av desse var vel 3 representerte på årsmøtet laurdag 12. mars. Møtet diskuterte m.a. framtida for fylkeslaget og kva slags organisering som trengst over lokallaga.

Om dans seier årsmeldinga: «Dansemiljøet i Romsdal synes og vere styrka dei seinare åra. I tillegg til dansemiljøa i BUL Molde, Rauma Leikarring og Leikarringen i SMUL, har vi godt ungdomsmiljø i Snu Nordvest.»

Dette stemmer godt, og desse leikarringane har eit nyttig samarbeid, men det går direkte mellom lag og enkeltpersonar, utanom RU. Vi har også kontakt med Lyngstad, Tingvoll-miljøa, Surnadal og Ålesund (Ivar Aasen), som alle er utanfor det geografiske området til RU. Ville ei anna organisering ha styrkt dansemiljøa, f.eks. med kurs, fellesarrangement og reiser? Eller fungerer det best med uformelle kontaktar utan byråkrati? Vanskeleg å seie, men det er verdt å tenkje over.

Den viktigaste aktiviteten i RU er å gje ut Jul i Romsdal, og det gjer laget svært godt. Det avheng av nokre dyktige enkeltpersonar, men noko liknande kan ein vel seie om svært mykje organisasjonsarbeid. Det kan også liggje an til å ta opp att ein annan aktivitet fram mot neste årsmøte, men den skal vi ikkje røpe her.

Geir Kåre Sandnes (UL Frihug) vart attvald som leiar. Med i styret er elles Sigurd Rekdal (UL Frihug), Tormod Lien (Vågstranda UL), Raymond Talberg (Vågstranda UL) og Jannicke Nesje (Vågane UL). Dette ser ut som ein stor ubalanse til fordel for sørsida, så vi får ta med dei aktive varafolka Solfrid Hoem og Heidi-Iren Wedlog Olsen (begge Sylte og Malme UL). Ingen frå BUL hadde tid til å vere med i styret.

IMG_3435 (155K)
Aud Solveig P. Malmedal går ut av styret, og leiaren takkar for innsatsen

Sylte og Malme UL heldt hus for møtet på Vonheim-loftet, og alt fungerte prikkfritt.

Oppdatert 13.3.11


Folkedanspolitisk plattform i NU

Til landsmøtet i Oslo 7.-8. mai legg styret i Noregs Ungdomslag fram forslag til folkedanspolitisk plattform. Dette er eit interessant dokument som dansarar bør studere. Du finn det her i Bygdaliv.

Plattformforslaget legg til grunn at det finst seks hovudgreiner av folkedansar i Noreg: Bygdedans, runddans (gamaldans), turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. Foxtrot, tango og onestep blir nemnde som eksempel på det siste. Statistikk-kapitlet tel også med «swing, hip hop, break dance [og] linedance», men dokumentet drøftar ikkje kva slags plass desse har i folkedansen. Mellom linjene kan vi lese at hip hop og break er for personar under 26 år, og kanskje det stemmer?

Historikken er den grundigaste delen av dokumentet, og den er verdt å lese. Det står om framgang og tilbakegang, songdans og turdans, forbodstid mot runddans, nasjonale stemningar, reisande instruktørar og etter kvart statsfinansiert forsking på dansen.

Om framtida står det at «folkedansen og -musikken er ein del av norsk immateriell kulturarv, og NU skal arbeide for å bevare og vidareutvikle tradisjonen som sosial omgangsform, scenisk kunstform og som ein del av norsk folkloretradisjon.» Det siste er litt pussig, sidan det som elles står om folklore, er negativt: «stilistisk og koreografert og bryt derfor med folkeleg tradisjon.»

Ein påfallande mangel er at stildansar (også kalla kontradansar eller historiske dansar) ikkje er nemnde i forslaget. Det kan diskuterast kor folkelege somme av desse dansane er, men den diskusjonen finst ikkje i dokumentet. Kanskje forfattarane tenkjer at dei høyrer med blant turdansane, men i så fall stemmer det ikkje at «Noregs Ungdomslag er den einaste organisasjonen som arbeider med turdans». Stildansmiljøet utanfor NU dansar ikkje berre Prinsesse Alexandrine Kvadrilje og slikt, men også seksturar, Firetur, Åttetur og Mølledans.

Folkedansplattforma er ein del av eit større saksdokument. Alle landsmøtedokumenta finst på nettsida Velkomen til landsmøte i Noregs Ungdomslag. Det går fram at plattformer av dette slaget «ligg til grunn og er styrande for styret og råda sitt arbeid». Til slik bruk burde folkedansplattforma vere betre gjennomarbeidd. Dessverre er landsmøtet same helga som Rørosleken, ein arena for folkeleg bygdedans.

20.3.11